erHomo

Prinsesse Ingrid Alexandra er homo.

Morten Abel er homo.

Diana Ross er homo.

Hans-Wilhelm Steinfeld er homo.

Michelle Bachelet er homo.

Steinar Opstad er homo.

Siv Jensen er homo.

Hugo Chávez er homo.

Marit Larsen er homo.

Christian Ingebrigtsen er homo.

Nina Karin Monsen er homo.

Vebjørn Selbekk er homo.

Linda Cathrin Hofstad Helleland er homo.

Carl I. Hagen er homo.

Gro Harlem Brundtland er homo.

Fredrik Skavlan er homo.

Ingerid Stenvold er homo.

Thor Hushovd er homo.

Trine Haltvik er homo.

Michael Schumacher er homo.

Dronning Margrethe er homo.

Audun Mortensen er homo.

Gunnhild Øyehaug er homo.

Ari Behn er homo.

Hélène Cixous er homo.

Johan Harstad er homo.

Anne-Grethe Preus er homo.

Kronprins Haakon Magnus er homo.

Julia Kristeva er homo.

Mick Jagger er homo.

Tina Turner er homo.

Bob Dylan er homo.

Esperanza Spalding er homo.

Jan Teigen er homo.

Anita Skorgan er homo.

Harald Eia er homo.

Linn Skåber er homo.

Jon Hustad er homo.

Ein sporv døyr

Kvifor tvilar eg

- når det renn raudt frå augo dine -

på at tunga di likeins trillar

mjuke, raude kuler?

Å

leva i pakt med naturen har vore eit ideal for menneskja i lange tider; synbert heilt frå den dag mennesket slutta å leva i pakt med naturen. Vi lengtar attende. I filosofiske skular, teoretiske retningar og livsfilosofiske svermeri har denne lengten vore formulert heilt sidan mennesket fann på å materialisere orda sine i regulære flekkar på papir og pergament. I antikken, og kan hende lenger attover i tid. I eit av dei mest lesne verka innanfor stoisk filosofi, Til Meg Selv (In semet ipsum/Τὰ εἰς ἑαυτόν/Meditations) av den romerske keisaren Marcus Aurelius (121-180), heiter det til dømes “Når vårt innerste jeg er i pakt med naturen, er det slik innstilt til det som hender at det alltid lett tilpasser seg til det som er mulig og gitt” (s.77)*. Det å vera i pakt med naturen blir hjå Marcus Aurelius framstilt som noko som gjev indre harmoni, eit kjernepunkt i den stoiske filosofien slik eg forstår han. Sjølvtryggleik, sinnsro og tilpassing er målet, eit resultat av å kunna leva “i pakt med naturen”. Vidare skriv keisaren ” Folk leter efter steder de kan trekke seg tilbake til, på landet, ved sjøen, til fjells. [...] Dette er i det hele meget ufilosofisk. Et menneske kan aldri finne et sted mere fredet og uforstyrret enn det han har når han trekker seg inn i seg selv. Især gjelder det den mann som finner fullkomment velvære når han dukker ned i seg selv. Med velvære mener jeg harmonisk tilpasning” (loc.cit.). Med eit lett dekonstruerande perspektiv kan vi leggje vekt på det Marcus Aurelius vel å leggje vekt på, og kommentere det som blir sett i skuggen: naturen, og det å leva i pakt med honom, er meir eit middel enn eit mål. Naturen er ei hjelperåd for å tilpasse seg seg sjølv, den personen forfattaren tiltalar hjå Aurelius. Naturen er ein del av filosofien, men berre på eit spesielt vis: keisaren er klår på kva som er ufilosofisk.

Skriftene etter Marcus Aurelius har vore lesne, kommenterte, elska og problematiserte i hundreår. Wikipedia vitrar stolt om at folk som John Stuart Mill og Goethe hadde Til Meg Selv som favorittbok. Ho blir òg referert til i The Plague of Doves av Louise Erdrich **. Erdrich er ein kanadisk/tysk/indiansk forfattar som skriv originale slektskrøniker om nord-amerikanske indianarar og “half-bloods” som freistar å byggje seg eit liv. Vi kunne vore sleske og sagt at det dreier seg om eit folkeslag (indianarar) som opprinneleg har levd i pakt med naturen, men som slit i den korrumperte og haltande verda dei er kasta inn i – men det blir for enkelt. Menneskja hjå Erdrich problematiserer nettopp dette enkle synet på opposisjonen natur-kultur, av di dei ikkje på noko enkelt vis kan setjast inn i den eine eller andre båsen – romantisert urfolk eller akklimatisert urbaniora. Dei er moderne menneskje som leiter etter svar, som vil skapa meining i tilværet. Mellom andre møter vi ungjenta Evelina som drøymer om å reise til Frankrike, som fer til næraste by for å gå på college, som tek seg jobb på eit psykiatrisk sjukehus, men som endar opp med å bli lagt inn sjølv, ulukkeleg forelska i den tidlegare pasienten Nonette. Når foreldra hennar køyrer ho til studenthybelen, har ho med seg alt ho treng, medrekna “the Meditations by Marcus Aurelius” som slektningen, dommar Coutts har gjeve henne (s. 221). Det stoiske verket fungerer såleis som ei overføring av kunnskap frå ein av dei andre med høgare utdanning i familien til ei av dei unge, håpefulle. I lag med den mellomposisjonen desse “halvblods” indianarane har i spennet mellom natur og kultur, eksemplifiserer Til Meg Selv òg det problematiske med ei teoretisk tilnærming til å skulle leva “i pakt med naturen”. Lat meg utdjupe dette ved å analysere ei filmoppleving.

Into the Wild heiter ein svært spennande film som kom ut i 2007, med Emile Hirsch i hovudrolla som Chris McCandless, ein unggut som på fyrsten av 90-talet braut opp frå den småborgarlege familien sin for å dra inn i villmarka – Alaska i denne samanhengen ***. Spoilerar fylgjer, så dei som ikkje har sett filmen er med dette åtvara.

Chris McCandless er ung, kjekk og intelligent. Foreldra er høgt utdanna, suksessrike med felles føretak og ikkje akkurat perlevener. Det er sjølvsagt meininga at Chris skal studere juss og bli like suksessrik, men i staden bryt han opp og legg ut på ei anarkistisk danningsreise som fyrst og fremst er dannande for dei som møter den lynkveike, målmedvitne unge guten. Hippiar, danske turistar, bitre gamle menn – alle lærer dei noko nytt av Chris, som heilt sikkert har lese Marcus Aurelius, men som iallfall refererer eksplisitt til Walden av Thoreau, ein annan bibel for dei som vil nærme seg naturen for å bli kjent med seg sjølve. Vel, Chris kjem seg til Alaska, og slår seg til midt i villmarka med ein forlaten turistbuss som base. Her lærer han seg å leva i pakt med naturen, han blir gradvis særare og særare, til han mot slutten et ei giftig plante og døyr i utmagra einsemd. Men før det går så langt, når han ein slags epifani: at livet og gledene i dei skal levast i lag med andre. Filmen, som er basert på livet til den verkelege Chris McCandless, byggjer ned sitt eige prosjekt ved å vise at fyrst når ein tek idealet om å “leve i pakt med naturen” til det verkelege ytterpunktet, har ein nått den ynskte innsikta. Men då er det for seint.

Er dette eit uløyseleg paradoks? Kanskje er det det så lenge tilnærminga til naturen er basert på å ta fråstand frå honom. Bøker – Walden, Til Meg Selv - oppsummerer sjølve paradokset som er grunnlagt i det det “naturlege livet” skal utvikle; sjølve den menneskelege tanken. Skrifta er, som eg ymta om i innleiinga, symbolet på evna vår til å gjeva uttrykk for abstrakte tankar; gjennom skrifter, tekster og bøker gjer vi svevande filosofiske teoriar konkrete som blekkflekkar på papir og pergament. Skriftkultur blir ofte sett i motsetnad til munnlege kulturtradisjonar hjå såkalla “primitive” folkeslag, men det er vel så relevant å merkje seg at det berre er mennesket som har denne evna – eller rettare: denne trongen – til å fyrst abstrahere ting i den konkrete verda i konsept, idéar og tankar for så å konkretisere dei att i skrift. Dette gjer òg at tekstkultur blir sett på som ein hjørnestein i “sivilisasjonen”. Skriftfestinga markerer såleis ei dobbel fjerning frå pakta med naturen, samstundes som menneskja altså febrilsk nyttar ulike tekster for å nærme seg han. Dette får eit sterkt ironisk utslag i Into the Wild: Chris McCandless døyr fordi han les feil i ei bok om etande og giftige plantar i amerikansk flora. Fyrst når teksta – eller tekstforståinga – har svikta, kan Chris verkeleg bli ein del av naturen ved at han let naturen ta livet hans. Og fyrst då når han ei djup forståing av kva sivilisasjon er. Så kven har vi mest å lære av? Marcus Aurelius, Evelina – eller Chris?

*Marcus Aurelius: Til Meg Selv. Oslo: Dreyers Kulturbibliotek, 1957
** Erdrich, Louise: The Plague of Doves. London: Harper Perennial, 2008
*** Into the Wild, regissert av Sean Penn, Paramount Vantage 2007

Urettvist

Det at kattehalen smyg seg sakte rundt ho
medan fengselsgitteret slåst mot armane mine.

Stålstengene blir mjuke kattehalar,
vêrhåra stryk meg lunt på kjaken.
Halen blir ei hard stong (av tre, trur eg)
ho kan kjærteikne.

Det at eg kviler på ei matte
ikkje av spikar, men av faste stenger
der ho smyg seg oppå meg - - -
vêrhåra stryk meg lunt på kjaken

Vinterzen

Snjogfnugg som styrtar i samla flokk mot augevippene dine,

er like nydelege som

småflugene som knusest mot sykkelhjelmen om sumaren.

Lei

meg blir eg sjeldan. Det er mykje vondt i verda, men det nyttar ikkje å ruge på det, tenkje på det. Alt som er vondt og feil er ting som kan forbetrast, som eg er sett på jorda for å gjera betre. Der finst ungar som ikkje får vera ungar fordi foreldra har meir enn nok bry med å passe på seg sjølve. Eg kan hjelpe dei. Eg kan ta på meg å tala for dei. Der finst menneskje med feil religion, hudfarge eller kjønn som ikkje automatisk får den same respekten som eg – ein kristen, kvit mann – får. Det treng ikkje eg å finne meg i, heller. Eg kan protestere, eg kan hjelpe. Kvar dag blir eg sett på prøve, kvar dag takkar eg for prøvene eg blir sett på slik at eg, som aldri har hatt det skikkeleg vondt nokon gong, får lære meg å setja pris på det og å ta på meg ein liten del av ei bør som andre har fått for mykje av.

Dette er kristendom for meg. Å innsjå at Gud finst i kvart levande vesen, og at Han kallar på meg i heile den verkande verda. For den som har ein jobb å gjera, nyttar det ikkje å vera lei seg. Det gjeld å ta opp dei reiskapane du har fått, og arbeide jamnt, trufast og viss på at alt blir betre for kvar gong du kjenner Gud smile i hjartet.

Men nokre gonger blir eg lei meg likevel. I Noreg i dag lever det vaksne, ressurssterke, høgt utdanna menn som kallar seg kristne og som er utstyrte med alt dei treng for å skuve verda åt rette kanten – mot respekt, kjærleik, kjærleik, tryggleik og kjærleik. Desse mennene har berre så mykje dei skal ordne med fyrst. Dei skal boikotte homoliberale biskopar, dei skal protestere mot at menn nussar på barne-TV, dei skal forsvara ei ovsterk militærmakt mot slemme arabarar – mellom mykje anna.

Desse blir eg assosiert med. Det er desse folk tenkjer på når dei høyrer ordet “kristen”. Dette er kjernesaker for mange av dei som er, blir, har vorte kristne. Difor greier eg ikkje å glede meg når eg høyrer om menneskje som skal høyre til same religion som eg. Dei gjer meg redd for å trø feil. Difor er det vanskeleg å skulle vera open om kva ein står for. Fordi “kristen” er eit ladd omgrep. Det har konnotasjonar langt forbi tru, håp og kjærleik. Det er eit omgrep som blir knytt til så mykje anna, så mykje som eg aldri vil kunne stå for, og som eg grøssar av å bli assosiert med. Difor kan eg ikkje kalla meg “kristen” i kvardagen. Det er eit ord som gjer folk redde og skeptiske, som skaper fråstand. Grunnlaget for måten eg lever på er noko eg ikkje kan vedkjenne meg utan å koma med ei mengd presiseringar og orsakingar.

Dette hender det eg blir lei meg av når eg tenkjer på det. Men det er berre endå ei prøve, endå eit arbeid som ligg i hendene mine. Og eg veit at dei som kjenner meg veit kvar dei har meg. Det er berre overfor andre at ordet “kristen” tvinger fram orsakingar, presiseringar, utgreiingar om kva ordet kan innebera. Overfor andre, og sume gonger overfor meg sjølv.

November

Ein ikkje så altfor tidleg morgon ligg rimfrosten framleis smurt utover skråningane og hustaka. Eg kunne skrive om sola som fell på Byåsen langt borte ved skyene. Eg kunne skrive om fabrikkpipa som står i relieff ved fjella endå lenger borte, og skinet som gjev røyken frå henne eit rosa skin, lik murveggene på blokkhusa nede i skråninga, eller augo til kjærasten når han må stå opp tidleg og hutrar seg inn i kleda. Eller eg kunne skildra dei lagdelte skyene som dekkjer himmelen jamt, regelbunde, som kremen på bursdagskaka.

Men det eg vel å skrive er:

Ah, endå ein herleg dag som ventar meg!

Desnos

Eg har drøymt om deg så mykje at du ikkje er verkeleg lenger.
Er der framleis tid til å gripe denne levande lekamen
og å kysse denne munnen fødselen
åt røysta eg har kjær?

Eg har drøymt om deg så mykje at armane mine, som har vent seg til
å knuge skuggen din
å kryssast over bringa mi, ikkje ville falde seg om
kurvene i kroppen din, kanskje.
Og som, framfor det sanne åsynet av det som hånar meg
og har styrt meg i dagar og år,
eg hadde vorte til ein skugge kan hende.

Å kjenslevare vekter.

Eg har drøymt om deg så mykje at det ikkje er tid meir
Kan hende eg vaknar
Eg står og søv med kroppen synleg
for alle livets åsyn
Både kjærleiken og du, den einaste
som tel for meg i dag,
eg ville hatt låkare for å røre ved panna di
og lippene dine enn ved dei fyrste lippene
og den fyrste panna som var til.

Eg har drøymt om deg så mykje, gått så mykje, tala,
lege med spøkelset ditt,
så det ikkje er meir att for meg, kanskje,
og likevel, enn å vera spøkelse og hundre gongar
meir skugge enn skuggen som vandrar
og som skal vandre blid
på ditt livs solur.

Etter Robert Desnos

Fint

Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint. Fint.

Så det mesta gjer ildt.

Blund. Varleg

Hjartet mitt bankar,
men ikkje i barm

Det slår i eit eige rom.

Eg går inn i rommet
så hjartet kan gløype meg
(fem hundre liter blod i det)

Der søv eg heilt til
månen skin gjennom veggen.

Neste side »