Kjære Berlin, lat meg skrive nokre ord åt deg.
Eg vitja deg for fyrste gong på fredag, Berlin. Eg hadde aldri møtt deg før, kjente deg berre frå bilete. Ingen hadde eg med meg som kunne presentere oss for einannan, eller berre halde meg med selskap dersom du skulle vera ugrei. Ikkje at eg trudde du skulle vera ugrei, Berlin, eg har for det meste berre høyrt fine ting om deg. Du skulle vera so vakker og sjarmerande og livleg, det seier alle som har møtt deg. Kanskje var eg litt redd for at du skulle vera høg på pæra, populær og lovsungen som du er. Dessutan har du ei historie som er litt skummel. Var eg redd på grunn av det? Nei, ikkje redd, men spent. På korleis du skulle vise deg å vera, på korleis eg kunne bli kjent med deg.
Du tok mot meg med opne armar der eg kom slentrande med ryggsekken min, Berlin. Innbyggjarane dine pratar so vent, Berlin, dei har so opne vokalar, so mange spanande plosivar og frikativar. Berlin, und die Satzmelodie! Språket ditt er ei kald, grusut elv som eg kunne bade i då du vart for varm, Berlin. Og varm, det var du. Eg rusla med deg i stutterma skjorte, og var framleis altfor varm, under lindetrea. Du har so mange Mahnmale som eg fekk sjå på, og du har eit tre som Goethe sat og skreiv under. Det var ei dame som peikte det ut for meg, Berlin, du var for bljug til å nemne det for meg, men sundag, rett før eg måtte reise, fortalte ho meg det. Ho selte diktsamlinga si, utgjeven på eige forlag, utanfor Humboldt-Universität. Ho skreiv kjærleikslyrikk, Berlin, nett det eg nettopp hadde kjøpt hjå deg, men eg måtte berre ha boka hennar. Ho prata om lyrikken, om deg, om universitetet, operaen og Bebelplatz. Og treet. Stutt sagt, alt vi kunne sjå. Eg fekk prøve å prate språket dykkar, og ho skifta ikkje til engelsk. Omvendt var det med ein busskontrollør då eg nett hadde kome; eg prata åt han på engelsk og han svara meg med ei lang remse på tysk om korleis eg skulle koma meg fram dit eg skulle bu. Men, åh!, Berlin, det gjer ikkje noko, det var so triveleg og so varmt, og eg fekk traske rundt i die Mitte, kva meir kan eg be om?
Eg fekk gå i operaen for fyrste gong på grunn av deg, Berlin. Staatsoper vart bygd på 1700-talet, er akkurat like monumental som ein opera skal vera, og der baud du meg inn, Berlin! Eg fekk sjå “Die Zauberflöte”, og kjente tårene trille då dei små gutesopranane kom og hjelpte Papageno og Papagena å finne einannan. Operasalen, kulissane, var akkurat slik eg hugsar dei frå “Amadeus”, berre at den filmen føregår i Wien. Og nattens dronning! Der Hölle Rache! Alt dette gav du meg, Berlin.
Du har so mykje å bjode på. Ein heil restaurant med økologisk vegetarmat (kanskje har du fleire? Eg rakk berre å finne ein); ein langopen daglegvarehandel med økologiske varer. “Werden Sie die Birne gleich essen?” spurte karen bak disken, og då eg svara ja, tok han av etiketten og vaska pæra for meg. So gjekk eg ut i den ljose laurdagskvelden din, Berlin, og såg på folka utanfor Konzerthaus. Eg var på Altes Museum, Berlin, og fekk endeleg sjå bysta av Nefertiti (som du kallar Nofretete), og som var hovudtema i det fyrste tyske bladet eg kjøpte, for fleire år sidan. Omtenksamt av deg, var det. Du er so snill, mild og høfleg, Berlin, det er ikkje noko tull med deg, men samstundes er du livleg og morosam. Du er rein og velstelt, og skrekkeleg pen. Eg meiner ikkje å smiske med deg, Berlin, for eg liker deg faktisk veldig, veldig godt.
Berlin, det var so triveleg å endeleg få bli kjent med deg.
Eg kjem attende, Berlin.
