Slik

Små gleder når ein er heime i ferien:

 

- Gå på ein fjellveg og fantasere om Sveits. Plutseleg oppdaga at mannen framfor deg ber ein ryggsekk med “Banque de Suisse”-logo.

- Raude T-ar.

- Elgkalv som beitar ved Fåtjønn. Like ved bustadfeltet.

- Musikken som læt frå ein eller annan stad langt borte, til langt på natt eller tidleg på morgonen.

- Sitja lenge oppe og eta godter.

- Råne i bil og syngje gamle Michael Jackson-låter av full hals.

- Kjøpe utgåtte leige-DVDar på Statoil.

- Lukta huda får når ein har site ute i sola.

- Baka kanelbollar og eta fire i slengen til kaffien.

 

Kva for småting gjer deg glad om sumaren?

4 Svar til “Slik”


  1. 1 Fridtun 14/07/2009 ved 14:06

    Småting som gjer Fridtun glad um sumaren:

    * sova ute på svali med veslesyster
    * springa på søkkvåte skogsstigar i styrtregnet
    * koma rennblaut innatt frå regnskauen og sjå at den same veslesysteri hev laga vaflar – til frukost!
    * nakne føter. Eg vert lett so kald på tærne, men på gode dagar kann ein gjera alt utan å eingong SJÅ ein sokk hell ein sko. Dét er fridom, det!
    * flugor som smell mot sykkelhjelmen. (Ja, det er makabert, men det er yvervættes sumarlegt)
    * det er tid til å sumla litt. Eg er ein dårleg sumlar, men det kjem seg med litt øving.

    -kf

  2. 2 Zeugma 14/07/2009 ved 16:11

    Åh! Herleg. Etter eg la meg i går, kom eg på nakne føter-punktet sjølv. Eg har gått med minst mogleg fotty i sumar, og det er verkeleg ei av livets største små gleder.

  3. 3 Engeline 15/07/2009 ved 18:53

    Lukta huda får når ein har site ute i sola.


  1. 1 Vinterzen « Når vart du til her? Tilbakesporing den 18/12/2009 ved 15:35

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s





Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.