Spir. Tårnspiret på Austråttborgen vart laga i 1781. På det flate Ørlandet var tårnet på adelsslottet åt fru Inger Ottesdatter og seinare Ove Bjelke eit av dei høgaste punkta. Lenge etter den såkalla borga kom ut av adeleg eige, var det private spekulantar som fann ut at lynavleiaren på Austrått var gjort i kopar. Kopar kan ein selja og tene pengar på, så lynavleiaren vart selt, noko som berre kunne føre til éin ting. Etter lynnedslaget og brannen i 1916 tok staten over og gjenoppbygde Austrått til museum. Hadde ikkje dei gjort det, hadde ikkje underskrivne kunne søkt om, og fått, jobb som omvisar der i sumar. Verdas beste sumarjobb i Sør-Trøndelags flottaste renessanseslott hadde aldri kome til. Takk og lov for griske kapitalistar.

Sumarjobben med den vakre arbeidsvegen. På sykkelruta frå Brekstad bur Roald Dahl.
Stiletthælar var det mange av på damene som svinga seg på dansefestivalen i (eller på) Sel i juli. Å danse swing er råte løyle’. Å møte kjensfolk ein ikkje har sett på mange år er råte løyle’. Å vera edru på eit fyllekalas av ein bygdafestival er … ja, du skjønar kvar eg vil.
Nut. Spiss avsats på eit fjell. Der eg kjem frå er det mykje fjell. Ein heit junidag rusla bloggaren og Line rett opp frå bustadfeltet på Sel til Steinkyrkja (uttale, med direktiv dativ: ‘Steinkjørkjun’). På denne avsatsen er det fin utsikt nedover bygda og dalen.

Grein. Skyggelue. Tolstadåsen.
Guds dom. Huffa meg. Kanskje noko vi kjem til å møte på, alle som ein. No får eg endå eit påskot til å prate om slottet mitt (som eg yndar å kalla det). Ove Bjelke, slottsherren på 1600-talet, var Norges Rigis Chanceller og dimed den øvste dommaren i Noreg på si tid. Difor sette han opp fire bibelske dommarar (f.v. Elias, Moses, Gideon, Josva) i nedre borggård på Austrått med fem kloke og fem “uforstandige” brurmøyar (jfr. Matt 25, 1 – 13). Der hadde han både dommarane og dei dømde samla på eitt brett, med klår bibelsk tilvising til yrket sitt. Bilete illustrerer det heile betre:

På troppa ved hovudbygget (i loggiaen) stod slottsherren og skoda ned ...

... på dei dømande og dei dømde. Dei kloke brurmøyane står ved Chancellerens høgre hand. Dei som ikkje skjønar kvifor, lyt lesa Bibelen opp att.