Arkiv for september, 2009

Blund. Varleg

Hjartet mitt bankar,
men ikkje i barm

Det slår i eit eige rom.

Eg går inn i rommet
så hjartet kan gløype meg
(fem hundre liter blod i det)

Der søv eg heilt til
månen skin gjennom veggen.

Vindauge

Utsikt frå lesesalen på biblioteket, Dragvoll. Fjord.

Utsikt frå lesesalen på biblioteket, Dragvoll. Fjord.

Utsikt frå vindauget mitt, Moholt. Edderkopp.

Utsikt frå vindauget mitt, Moholt. Edderkopp.

Nærkontakt. Mishøyrd.

Eos synte seg for meg i dag
der ho strekte dei raudfarga fingrane sine
opp langs fjella og vatnet.

Før eg vakna, høyrde eg ho kviskre
"Sjå'men. Sjå'men."

Så tok ho kraftige tak kring halsen min,
sparkla kroppen min med toreskyer
og svei augo mine med rosevatn.

Blinda ho meg for morgondagen?

Som

oftast må ein berre omfamne røynda slik ho ovrar seg. Rennande appelsinar og gulsmak av fingrane. Høyre på “Ei krasafaren steinbu” medan ein syklar frå skulen i regnet. Tri juice-glas på skrivebordet. To billettar. Eitt rom. Langt tog.

Har du nokon gong tenkt over at jorda er rund og blå som ein banan?

Lukt

Du sildrar ut av kvar ei pore
fordi du sveittar meg så skrikande

handkledet er eit tog som truskar over banene du 
har køyrt opp

Dette er ei kvinneleg farge,
dette er portrettet mitt i råme

Sløkkje brann

Ho seier ho skal
leggje seg til å sova

Men i draumane sine
går ho inn på rommet der eg ligg
og set fyr på lakenet mitt

Eg vaknar i ei sky av oske
medan ho tek morgonrøyken sin på senga
og blæs små klumpar av røyk
baklengs gjennom natta

Veldreid

Fordi du kan forme han slik du ikkje vil
formar du han slik han ikkje veit.

I staden for språk
talar du med trådane gjennom huda

hans.

Skallen blir ein potteblå vevnad, andletet ein rufs
(augo er det verste å få til rett)

Magen målar du raud, men
føtene står seigt
i brun leire.

Kunstverket lyt stå på eit rom for å mognast

Kan hende vil 
du stille 
han ut?

Traduction

Du er skummel
når du kliv opp på stigen av
luft

Du er skrekkeleg
når namnet ditt ljomar
frå urskog

Du skræmer hjartet
så det kroar seg nøgd
når du gneg det varsamt i røtene

for at det ikkje skal blø

Engelen

På skulen. Bloggaren er litt opprådd for kva han skal gjera, ulysten på å gå og lesa, ulysten på å gjera noko som helst anna. Han set seg ved eit blomsterbed (ja, på universitetet har dei blomsterbed innandørs) og stirer ut i lufta. Brått kjem ei jente med ei stor intervjublokk. Ho skal ta mastergraden i kultur- og kjønnsstudium og vil stille meg nokre spørsmål om barn og familiar som del av ei øvingsoppgåve.

Den småsturne blir interessert, slik han blir kvar gong eit nytt menneske ovrar seg framfor han. Han spør ho kva ho vil bruke masteren til – jobbe med menneskje, administrasjon -, kor langt ho er komen – fyrste semesteret -, og slike ting. Ho stiller tilsvarande spørsmål; forskaren og objektet er einige om ein del emne som har med likestilling og politikk å gjera.

Men kjønnsstudenten har dårleg tid og må av stad og finne andre å intervjue. “Lukke til med masteren,” seier bloggaren. Ho svarar “Takk i like måte – håpar dei neste eg pratar med er like hyggjelege som deg.”

Takk.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.