Kjære blogg. I januar lurte eg på å skriva eit nyttårsinnlegg på deg. Men det vart ikkje noko av, inspirasjonen kom ikkje. Ikkje før i dag. Det er nemleg i dag som er nyttår. Det er i dag det er eitt år sidan eg bestemte meg for at eg ikkje hadde det bra og at det var på tide å gjera noko med det. Det er dei siste tolv månadene det har skjedd så mykje at eg mesta ikkje har hatt stunder til å snu meg. Det er det siste året som har vore herleg, spennande, lærerikt, skummelt. Det er det siste året alle sansane har opna seg som blomar om våren, så eg knapt får anda.
Lat meg syna deg det siste årets Zeugma-personae:
Den einsame ulven. Han som reiser åleine til Berlin ei helg fordi han vil. Han som et frukost, lunsj og middag åleine, fordi det er fint. Han som tek sumarjobb på ein ukjend plass og må tala ukjente språk, fordi det er bra. Han som går på festar der han kjenner få, og pratar med dei han vil, fordi dei er bra. Han som verkar tryggare enn han inst inne er.
Han som har eit Vi. Eit Vi med stor V. Litteraturkveldar. Filmkveldar. Nerdekveldar. Nerdedagar! Alt saman med dei finaste folka eg veit om (det er endå fleire av dei). Han som har vorte introdusert for te. For barnelitteratur. For Bollywood-filmar. For telemarksdialekt. For gledene ved å ha briller eller høyreapparat. For Jane Austen. For innandørs piknik. For sære detaljar i norsk mellomaldersoge.
Kjærasten. For slakkline. For Bymarka. For Bodø. For Bo Kaspers. For bacalao. For anatomi i 3D. For apar og ikorn. For det som er vondt og nydeleg på same tid. Og for at eg får vera barn og vaksen med deg på same tid.
Studenten. Han som gjekk frå å vera “studerande” til å grunne over Edgar Schieldrops ord. Han som tok til å vanka på Samfundet. Han som plutseleg fekk gni seg vondskapsfullt i hendene medan han avgjer kva litteraturstudentane skal vera opptekne av ein fredagskveld. Og kva sume av dei skal drøfta når dei har gruppeundervisning. Men han som framleis fekk digga både fransk grammatikk for nerdar og matematikk for dustar.
Litteraten. Han som tok til å prøva seg på poesi igjen. Han som nerdar om tekster. Han som har bøker på bordet, nattbordet, skrivebordet, i vindaugskarmen, stundom på golvet, på lesesalen, i bokskåpet. Han som badar i språket. Og som snart har skrive ein heil bloggpost med gjennomført a-infinitiv.
Kjære året som har gått. Takk for at eg får vera meg og ikkje meg. Du er så fin, og eg gleder meg til du held fram.