Arkiv for april, 2010

Ryddeprosjekt

Eg er mellom permar.

Det vil seia, eg er ikkje det. Men dei siste vekene har eg ordna meg eit prosjekt: Å samla alle papira frå studietilveret i permar, oversiktlege tjukke permar med skiljeark og alle stensilar, førelesingsnotat og heimeeksamenar samla på ein stad. Eg har sett føre meg korleis det skulle ordnast, kva for fag som skulle i same perm, kor store permar eg trong, og så bortetter.

I kveld skulle det skje. Alt skulle samlast så langt eg rakk.

Eit par ting fann eg ut i arbeidet: Eg har for små permar, og har utsett å kjøpa skiljeark. Såleis kunne eg ikkje bli ferdig i kveld, men eg kunne iallfall gleda meg over tanken på å få nokre småpermar til overs, og til å kunna spreia arbeidet ut over fleire dagar.

For det var morosamt å ta ark ut av permar, leggja dei i bunkar, stifta dei saman og setja dei inn att i rekkjefylgje. Knapt noko er så fascinerande og så tåkriblande oppjagande som å samla all kunnskapen ein har tileigna seg i løpet av snart fire år på – og utanfor – universitetet på éin stad. Grammatikk, pragmatikk, franske gloser, surrealistisk litteratur og manifest, EUs historie i Frankrike – mellom hard, kvit plast, alt saman. Greske moduspartiklar, genreinndelingar og refleksjonar kring kvinner i klassisk gresk litteratur – alt saman skal få bu i lag. Tankekart om litteraturteori, powerpointar med Austen-sitat, utgreiingar om vilkår for kritikk – berre kos dykk saman i ein bunke, til eg får kjøpt ein større perm. At så mykje lukke kan rommast i fargerik plast merkt “Esselte”, “Emo” eller “Foldermate”!

Det lyt likevel seiast at dette ikkje er alt eg har vore gjennom på universitetet. Det meste av tida mi som student har eg ikkje vore strukturert nok til å kunna samla papira mine oversiktleg og ryddig – ei openberr årsak til at dette utgjer eit slikt stort prosjekt no. Eit symptom på problemet eg har hatt med å organisera sakene mine: I ei av notatblokkene eg nytta på førelesingar dei fyrste åra eg studerte, fann eg, mellom greske gloser og latinsk grammatikk, ei oppskrift på eplepai. Oppdaginga enda i ei av kvardagens mange herlege stunder, der eg fekk høve til å mimra – og tenkja etter kvar denne oppskrifta kom frå. Til slutt kom eg på ei førelesing i latin, det er snart tri år sidan, der eg fekk ei tekstmelding frå mamma med paioppskrifta. Eg skunda meg å skriva ho ned i pausen – og gløymde ho. Noko så fint hadde eg aldri trudd eg skulle finna att i oppryddinga.

Å få ting i orden no er likevel greitt; verre er det med det som er gått tapt: Det irriterer meg aldri så lite at eg ser ut til å ha kvitta meg med det eg minnest som ein utførleg stensil med oversyn over tyske substantivdeklinasjonar (og kompendia i kasussyntaks, kvar er dei? Har eg kasta dei??). Oppgåver og førelesingsnotat frå grunnfaget i fransk er borte, likeins førelesingsnotata frå basis i allmenn litteraturvitskap. Éi forklåring er at eg har vore ein jamt over rotut student, men det høyrer med til historia at då eg flytta til ny hybel i fjor sumar, kasta eg, i eit anfall av flyttestress og anti-sentimentalitet, alle ark frå vidaregåande, notat, stensilar – og altså mykje av sakene frå universitetet. Som resultat har eg etter ei full fordjuping i klassisk gresk berre nokre få notat og oppgåver att. Dei fekk plass i ein av dei minste permane mine. Akk, all kunnskapen som er gått tapt …

Etter å ha øst meg sjølv opp i mange timar med denne rydde-raptusen, kjende eg at det var tid for mat. Eg hadde jo ikkje ete på mange timar, det var framleis fleire bunkar med kloke ark som låg og ropte etter å bli sette hol i, og eg orka ikkje tanken på å ordna meg noko skikkeleg mat. Dessutan ville det ta for mykje tid bort frå permisetjinga, så den naturlege løysinga var klår: Springa på ICA og kjøpa eitkvart kjapt, feitt og usunt, slik at eg kunne setja meg med papira att. Og ICA, tenkte eg, har dei ikkje ringpermar der? Eg skunda meg ut i duskregnet og strena inn på ICA. Før eg kunne nærma meg frysedisken, måtte eg sjølvsagt sjekka hylla merkt “KONTOR” og, Gott sei Dank!, dei hadde store ringpermar, nett den storleiken eg såg etter! Eg nappa med meg ein svart og ein kvit og byrja, nokså monoman, å sjå etter skiljeark. Men vil nokon tru meg dersom eg seier at ICA Maxi på Moholt i Trondheim sel permar, men ikkje skiljeark? I ti sekund vurderte eg seriøst å droppa mathandelen og gå over til Rema for å sjå om dei hadde det. Heldigvis er eg altfor var i magen til å kunna motstå mat når eg er omgjeven av det, så eg heldt fram jakta på vomfyll. Etter å ha traska rundt ulike frysediskar, enda eg opp med  - å herregud, kan eg kompromittera meg verre i det offentlege rom? – ein Grandiosa. Eg skunda meg til kassa (på dette tidspunktet hadde eg sokke så lågt at det var like før eg la Dagbladet ned i trillekorga med resten av fangsten. Like før!), betalte, skunda meg heim, small pizzaen i omnen, skuffa i meg heile på ti minutt – og var klar til å gjera ferdig arbeidet for i dag.

No sit eg ved skrivebordet mitt med fire nyorganiserte permar framføre meg, ein i sekken, og to som ventar på opprydding på skulen i morgon. Eg er samla mellom stive permar. Og kjem til å sitja og venta på at bokhandelen på campus opnar klokka ni i morgon. Eg manglar nokre skiljeark, skjøner du.

Føraren fortel

Du stod på haldeplassen.

Eg kom og tok deg på.

Det var fullt, du måtte stå
mellom stokkar, krykker og sand.

Ved neste stopp nærma du deg døra, men
snudde deg så eg kunne
møta blikket ditt i spegelen

det blikket vart aldri borte

Oskedonald

Ja, det er sexskandale i den katolske kyrkja, og det er trist. Men tenk så morosamt at vulkanoskeskya over Europa ser ut som nebbet til Donald Duck!

Fin oske

(Ein dag skal eg skriva igjen. Noko originalt. Berre ikkje i dag.)

NRK på ein fredag

Nicole Kidman er Virginia Woolf.

Ein god allmennkringkastar åtvarar mot homosex.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.