Arkiv for november, 2010

Betre

Sume gonger skjer det ting som gjer at du tenkjer betre om verda. Små ljosglimt av godskap, omtanke og velvilje. Masserørsler, støttemarkeringar, eller små ord som blir sagt for å trøysta akkurat deg.

På internettet kan alt dette skje samstundes, og eit av døma på det er prosjektet amerikanaren Dan Savage starta i september: It Gets Better Project. Etter at fleire skeive tenåringar i USA tok livet sitt det siste året etter å ha vorte mobba, spelte Savage inn ein video med mannen sin, Terry, der dei rett og slett fortel koma ut-historia si – og seier at det blir betre.

For poenget med heile opplegget er stutt sagt å fortelja ungdom som blir mobba – skeive, streite, alle som føler seg rare, utanfor og utestengde – at livet blir betre etterpå.  Altfor mange skuleelevar går rundt og trur at ingen er glade i dei, at livet er nyttelaust og tomt. Altfor mange veit, eller trur dei veit, at familien eller venene deira aldri kjem til å godta dei slik dei er. Altfor mange trur at livet aldri kjem til å bli verd å leva.

Og det er ikkje rart – for dersom ein får stadfest det ein trur på lenge nok, blir det udiskutabel sanning til slutt.

Samstundes handlar ikkje prosjektet berre om at livet blir betre. Etter kvart har det kome til mange fleire videoar, både frå average Joe og frå storfolk og -firma som Barack Obama, Hillary Clinton, Facebook og Pixar. Det finaste med det dei pratar om er at livet heilt sikkert blir betre etter high school, og at det endåtil kan bli flott, herleg og fantastisk. Forteljingane om kor lukkeleg du føler deg av å koma heim til den du elskar, kor fine ting du kan oppleva med venene dine når du er vaksen, kor mange moglegheiter, opp- og nedturar, og fantastiske skattar livet byr på er det som gjer dette til noko meir enn ein anti-mobbekampanje. It Gets Better Project handlar om alle dei små gullkorna på vegen, som gjer livet til den underfulle reisa det er. Samstundes er det i seg sjølv ei av desse gylne kvardagssakene, av di det syner fram ei av dei beste sidene med internett.

Eit av dei finaste gullkorna er når Savage fortel om korleis han og sonen sat på ein kafé og åt croissantar ein tidleg morgon i Paris, medan gubben sov ut jetlaget på hotellrommet. Same kor håplaust livet kan verka i augneblinken, finst det alltid ei morgonstund med nokon du er glad i lenger framme på vegen.

Reisebrev frå Frankrike VI

- eller: Dette er òg Frankrike.

Toulouse viser seg frå si beste side desse dagane. For det fyrste er universitetet ope, og med litt flaks er det det resten av tida eg er her òg. Eg sit lange dagar på biblioteket, og i morgon skal eg endeleg gå på fyrste førelesing i eit fag om renessansen – som verkar kjempespennande. No veit eg kva eg skal gjera i dei faga eg skal ta eksamen i her, og det ser ut til at eg kjem meg gjennom opphaldet med nok studiepoeng og fleire gode minne enn eg kan telja.

Dessutan har dette vore ei herleg småabsurd helg å vera norsk. I går, laurdag, var eg ute på julegåvehandel. Sola skein, eg tok av meg jakka i nær 20 varmegradar – og leitte etter pakkar som skal liggja under treet heime i Noreg. I dei breie handlegatene i Toulouse er julepynten allereie så smått byrja å koma opp, julesjokoladen er trygt plassert i butikkane, og midt i november er faktisk ikkje urimeleg tidleg å handla inn til jul etter mi bok heller. Likevel er det noko som kjennest grunnleggjande feil med å gjera det medan folk sit strødd i parkar og på kaféar og et is og drikk øl, som når det ein sjeldan gong er varmt nok til det heime. Samstundes er det ei kjensle ein fort får moderert når ein heng med folk frå andre land: Då eg fortalde Gini, som er oppvaksen i Italia, at vêret her nede er som ein mild augustdag i Noreg, hutra ho demonstrativt og gav klårt uttrykk for at det er utruleg at nokon orkar å bu der.

Studentbyen Chapou. Ei fin samling av utenlandsstudentar og ymse studiepoeng.

Medan eg ikkje bur i Noreg, gjer eg i alle fall mitt beste for å spreia norsk kultur i Sør-Frankrike. Etter å ha gått tur langs Garonne med Liu frå Kina i går kveld, vart eg beden heim til han på middag, som så ofte før. Vilkåret var at denne gongen var det eg som skulle laga maten, noko typisk norsk. Liu hadde kjøt – det viste seg å vera svinekotelettar -, potetar, brokkoli, smør og mjøl, så den typisk norske retten vart sjølvsagt to store stykke kjøt med kokte potetar, brokkoli og brun saus. Det høyrer med til historia at eg sjølv bur på ein studentby utan kjøkentilgang – vi har ikkje ein gong felleskjøken – så når eg fyrst fekk moglegheit til å laga mat, slo eg meg heilt laus og laga ein tjukk, deilig brun saus som bestemor ville vore stolt av. Til og med kinesaren tykte det smakte.

Den same kinesaren tok meg med på sundagsmarknad grytidleg i dag, der han kjøpte alskens frukt og grønsaker og eg fem pains au chocolat på spesialtilbod til to euro. Eg reiste på gudsteneste i ei av dei få protestantiske kyrkjene i byen, og opplevde verdas minst karismatiske prest. Seinare på ettermiddagen reiste vi på ein nydeleg barokkonsert med verk av Händel på programmet. Og då har eg ikkje ein gong nemnt dokumentarfilmen om privatisering av franske tv-kanalar vi såg på kino fredag, pannekakefeiringa av Armistice-dagen på torsdag eller karaokefesten med dei andre Erasmusstudentane onsdag kveld (med stemmebanda i fatle harka eg meg

Åh! Frankrike, med bilane dine.

gjennom ‘True Colors’ saman med Valentina frå Italia). Det har vore ei innhaldsrik helg, ei spennande veke, og alle utveklingsstudentane kryssar fingrane for at campus blir verande open etter neste Assemblée Générale på tysdag.

Det er framleis smått absurd å vera utvekslingsstudent i Frankrike, og eg liker det.

Undregrava

Las artikkelen hjå Aftenposten om samferdslepolitikk og budsjettsystem. Plutseleg dukka det opp eit heilt nytt, fint ord.

Reisebrev frå Frankrike V

- eller: Lite jobb og mykje moro.

Dagen etter eg la ut den førre posten, vart campusen til universitetet mitt sperra av studentane. Som eit ledd i protestane mot pensjonsreforma hadde nemleg ein del av dei avgjort at det kunne vera verknadsfullt å ta stolar og bord ut av førelesingssalane, for å stenga dørene med dei. Endå to dagar seinare deltok eg på eit Assemblée Générale – eller generalforsamling – der vi skulle røysta for eller mot blokaden. Det var ei merkeleg oppleving: Ved universitetet i Toulouse er det dei politisk engasjerte – les: kommunistiske – studentane som styrer, noko eg i og for seg har sympati for. Folk gjekk nesten i kø etter kvarandre opp på talarstolen for å tiltala møtelyden med “kameratar”, og det vart framheva kor viktig det er at vi studentar viser solidaritet med streikande arbeidsfolk. Store delar av forsamlinga sat og røykte, altså inne i førelesingssalen der møtet var. Sjølv om dette var eit møte der nett kommunistane såg ut til å dominera, vart resultatet av røystinga at blokaden vart heva. Ulempa var berre at dette var torsdag før haustferien, så noko særleg meir skule vart det i alle høve ikkje.

Men haustferie! Vi starta mjukt fredagskvelden – for dei som ikkje heng med, er det prat om den 22. 10. – med å reisa på kino for å sjå den nye filmen til Woody Allen. I og med at vi ville sjå han i originalversjon, fann vi ein kino langt utanfor byen, der korkje Naomi Watts eller Anthony Hopkins var dubba til fransk. You will meet a tall, dark stranger er Allen i godform, og kinoopplevinga vart endå meir forbetra av at sjølve kinobygget var ei slags museumsliknande greie med eigen bar, måleri på veggen og mjuke, raude tysete inne i salen. Triveleg ville ein nordmann ha sagt, og det var det verkeleg.

Vi støytte på eit lite problem då vi skulle reisa inn til byen att. Ingen – les: eg – hadde kome på å sjekka om det gjekk bussar så seint – vi pratar om halv ti-tida på kvelden -, noko det ikkje gjorde. Løysinga var at vi, fem jenter og ein gut, delte oss i to grupper for å haika inn til byen, eller i alle fall til næraste metrostasjon. Gruppa med tri jenter hadde flaks fyrst, men etter ei lita stund stoppa det ein snill kar for oss andre tri òg. Han tok oss med heilt til ein metrostasjon som var mykje nærare byen enn den vi hadde tenkt på, og medan vi sat i bilen, prata vi om filmar og laust og fast med mannen, som mellom anna var fagforeiningsleiar der han jobba, og tykte det var synd at universitetet hadde heva blokaden. Ingen av oss sa noko på akkurat dét, men brått spurte han “Kvar kjem så de frå, med aksenten dykkar?”. Eit aldri så lite slag i trynet for oss som tykte vi prata så bra fransk, men vi kom oss attende til sentrum, og fekk ete eit herremåltid på MacDonald’s før vi tok kvelden.

I haustferien fekk eg òg realisert ynsket mitt om å vitja to byar på B i to ulike land innan ei veke. Ei av dei tyske jentene her nede fekk kjærasten sin på besøk. I og med at dei skulle leiga bil likevel, bad dei med seg meg og ei anna tysk jente på biltur til Barcelona frå tysdag til onsdag. Med ein GPS som heldt på å få oss til å ta åt i motsett retning, susa vi forbi Pyreneane og inn i Spania. Og eg kunne skrive side opp og side ned om alle dei typiske turisttinga vi gjorde, men dei som les dette skjøner sikkert at vi var innom både La Sagrada Familia, La Pedrera og Parc Güell. Vi reiste heim att, kvilte oss ein dag, åt middag torsdag hjå ei anna tysk (den oppmerksame lesar vil sikkert ha skjønt at eg for det meste har tyske vener) jente som òg hadde besøk av kjærasten sin i ferien, og gjorde oss klare til å reisa til Bordeaux på fredag. Åh, Bordeaux! Det er den vakraste franske byen eg har vore i så langt. Vi kom fram tidleg på morgonen, fann ein parkeringsplass utanfor sentrum og betalte 3 – tri – euro for å stå parkert heile dagen, og for fire tur-returbillettar med trikken. Men i Bordeaux er det ikkje berre trikken som er fin; heile byen er så gjennomført 1800-tals at eg nesten vart sliten av det. Eller kanskje det berre var fire dagars veksling mellom fransk og tysk som sleit meg ut? I alle fall var det ein fin tur, Bordeaux òg.

Haustferien vart avslutta med Halloweenfest på laurdag og kafétur med djupe diskusjonar kring illusjonane i menneskelivet på sundag. Måndag sat eg for det meste og las, og var fullt innstilt på å setja i gong hardkøyret for fullt denne fyrste veka etter haustferien. Riktig så smurt skulle det ikkje gå. Det verkar som eg har fått ei form for influensa, i alle fall har eg vondt i både hovud, mage og resten av kroppen. I går prøvde eg å reisa på universitetet, men orka ikkje å gå på førelesing; i dag har eg for det meste sove og ete smertestillande. Eg riv meg litt i håret over at eg kjem endå meir på etterskot med faga eg skal ta her nede, men trøystar meg med at eg får oppleva heilt andre ting her enn heime. Viss eg skulle teke eksamen i alt som er annleis frå Noreg, ville eg nok glatt fått 30 studiepoeng.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.