Arkiv for juli, 2011

Brev til ein lygnar

Kjære Krf,

Det er ikkje så lett å vera dykk for tida. På dei nyaste partibarometra ligg de på om lag 5% oppslutnad. Det er ikkje så mykje. Faktisk er det veldig få som vil røysta på dykk. Ja, dersom det berre er fem prosent av alle over 18 år i Noreg som vil kryssa av Krf på røystesetelen ved valet, tyder det at 170 000 menneske har noko som helst tillit til dykk. Litt færre enn dei som bur i Trondheim by, altså.

Og det endå de er så inkluderande. Seinast i dag gjekk partileiaren dykkar – han gjer seg forresten særs godt på TV – ut og åtvara mot sorteringssamfunnet. Tenk så fælt om det ikkje blir fødde fleire med Down syndrom i framtida. Så forferdeleg. Godt at nokon er varmhjarta og omtenksame nok til å få alle til å kjenna seg velkomne. Samstundes er det noko rart her. De røysta mot den nye ekteskapslova. De røysta sågar mot partnerskapslova i si tid. Og framleis i dag meiner leiande personar hjå dykk at det er greitt å ikkje leiga ut til lesbiske. Slik berre fordi ein er sakleg ueinige, liksom. Likevel verkar det som det er noko som ikkje passar heilt saman her.

Kjære Kristeleg Folkeparti. Eg tillet meg å tiltala dykk med fullt namn og leggja vekk ironien litt. Eg tykkjer nemleg de lyt få vita noko. Når berre fem prosent vil røysta på dykk, er det fordi nittifem prosent av dei som har røysterett har gjennomskoda dykk. Om de gjentek mantraet «Vi kjempar for eit ope og inkluderande samfunn» mange nok gonger, greier de sikkert å lura dykk sjølve og nokre tusen fleire til å tru på det. Men, kjære Krf, om lag nittifem prosent av oppegåande, vaksne, norske menneske skjønar at de lyg. Nittifem prosent av nordmenn over 18 ser at politikken dykkar er bygd på ein forvrengd versjon av kristen etikk, som fyrst og fremst tener kvite, kristne, heteroseksuelle israelsvener. Og eg vil de skal vita at vi er ganske mange som veit at de veit dette.

Kjære Kristeleg Folkeparti. De vil at verda skal vera segregert. Det kunne vore motbydeleg, de kunne gjort ein innsats for i det minste å provosera til debatt, slik sume av meiningsfellane dykkar gjer. Men de vågar ikkje eingong vera ærlege. Hadde de vore det, burde Ståle Solberg fått all mogleg støtte frå Knut Arild Hareide.

Kjære Kristeleg Folkeparti, de trur openbert folk flest er dumme. Eg tykkjer så veldig synd i dykk.

Brød

Eg har funne mi eiga brødoppskrift. Etter å ha prøvd mamma si (som eigentleg treng ei eltemaskin) og Andreas Viestad si (som ikkje var heilt sunn for leirgryta eg brukte som form), vart eg inspirert av ei kokke eg har jobba med. No bakar eg brød om lag slik eg har fått det servert mang ein gong på ei turisthytte, men med ei nyvinning eg kallar «mjølk». Om lag slik ser oppskrifta ut:

Eit kilo mjøl (eg tykkjer 6/10 sikta kveitemjøl og 4/10 grovt, sammale kveitemjøl blir godt)

Halvanna til to pakker gjær

Om lag to matskeier sirup

Eit par matskeier salt

Og elles til deigvæske: ein sju desiliter vatn og i alle fall ein desiliter mjølk

Eg reknar med at alle som les dette kan å laga gjærdeig, og rår seg sjølve med om dei bruker fersk gjær eller turr gjær, etter kva ein tykkjer er best. Med desse måla blir deigen veldig blaut, så dersom ein ikkje har ei fæ:nsi eltemaskin å hiva alt oppi, er det lurt å bruka ein god del meir mjøl når ein bakar han ut. Eg plar la deigen heva ein halvtime i bakebollen, før eg bakar han ut til emne (denne oppskrifta gjev tri nette brød eller to meir korpulente). Brødemna let eg heva under plast medan omnen varmar seg opp til 200 gradar. Så steiker eg dei ein time, men alle omnar er ulike, så dersom dei blir veldig fort brune hjå deg, kan du skru av overvarmen – eventuelt setja inn ei bakeplåte på rilla over brøda. Brød skal steikast på nedste rilla, veit du.

Tri nette.

Sirup er i grunnen ein morosam ingrediens å ha med når ein bakar. I Den rutete kokeboken står det at søtningsmiddel som sukker, sirup eller honning gjev deigen ekstra næring, slik at han hevar seg betre. Bruker ein rett mengd, blir det altså ikkje søtsmak på brødet, men derimot blir det ekstra saftig (2008: 581). Såleis kan ein gjerne ta seg god tid med hevinga dersom ein har litt søtt i deigen.

Jarnbaneskjener

Og det slår meg at eit av dei største underverka i verda må vera at heile Europa og vel så det er kopla saman i ein tett, fin vev av jarnbaneskjener. Kvifor hadde eg ikkje tenkt på det før, at det er råd å reisa frå Trondheim til Palermo, utan å gå lenger på føtene enn fråstanden mellom perrongane? 

Vi tøffar med dieselloket over til Sverige, og det går eit veldig varmt nattog ned til Stockholm. Stockholm – København er over på eit blunk med austnordiske snøggtog, men i Danmark er det fåfengd å bruka skandinavisk («Jeg vil gerne købe morgenmad» – «Okay, seventy-five kroner, please»). Like rask er turen til Berlin, byen med ein homsebar med rosa pels og ein jazzklubb vi aldri finn.

Berlin – Praha er fullpakka heilt til Dresden, men når vi kjem fram blir vi inviterte på nattklubb med to kypriotar vi vart kjende med då vi søkte ly under same bogegang. Dagen etter spring den australsk-tsjekkiske byguiden Kate rundt for å få med seg heile gruppa si opp til slottet og ned att; ho går ikkje vidare før ho har sjekka toaletta for folk. Vi blir med og kjem oss av trikken i rett tid, så vi rekk toget til Kraków. Etter ein slåsskamp på torget går vi og sjekkar det jødiske kvarteret og det krakowske slottet. Ei jente på hostellet trur eg er amerikansk, men nokon avslører meg.

På toget til Košice er det så vidt plass til både oss og sekkene våre, og når vi kjem fram er det til alt overmål trådlaust internett på sentralstasjonen. Dei neste par dagane undrar vi oss over kvifor ikkje dette, saman med eit utsiktstårn og ei musikkfontene, gjer Slovakias nest største by til eit heitare turistmål. Samstundes undrar ein engelsk bloke på ein italiensk restaurant seg over kvifor skandinavar alltid pratar så godt engelsk. Sjølv pratar han ikkje norsk. Vi et for tung fisk, innvier gjestfridomen hjå dei nygifte, og tek toget til Budapest neste dag. Syrehostellet tek imot oss med handtrykk og kinesisk og ungarsk mat. Vi får sjå red light-rommet før vi går over til neste venlege losji.

Kveldstoget til Zagreb byr på grensekontroll og «Gipsy rolls», medan den kroatiske hovudstaden byr på ein homseparade under strengt politivakthald. Austblokknattog til Venezia blir til Frecciarossa med destinasjon Firenze. Her kostar ein cappuccino 40,-, og køane er altfor lange, så vi tek jarnhesten til Lucca før Roma. Eg les Corinne, ou l’Italie og har såleis vorte guida rundt i byen fleire gonger allereie. Vi tek inn på hostell i Salerno med ein sinnsforvirra kar som dei tilsette berre kallar «il signore grosso», med særs god grunn. Vi flyktar til Amalfikysten og kjøper tidenes smoothie utanfor stranda.

Togferja til Sicila gjev eit avbrekk frå the Addams family som vi hamna i kupé med. Taormina er kjærleik. Taormina er greske ruinar. Taormina er Luke frå England som stadig talar om fit girls i Praha. Det er Ying frå Kina som skræmer vitet av gateseljarane. Det er kabelbane ned til stranda. Taormina er ei kabelbane og masse kjærleik. Men vi må vidare til Palermo, til australske hostellkompisar og fisk steikt på grill.

Det går fly heim, og fly er trasig. Men, under på under!, Trondheim har flytog. Billigare enn flybussen tek det oss mesta heilt fram til døra. Ingenting slår ein heimtur på jarnbaneskjener.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.