Når det er ein av dei dagane der du vaknar opp, og det kjennest som du har ete eit rivjarn. Når det sprakar i halsen medan du hostar, og hovudet er konstant i ørska, fordi du har sove så dårleg. Når du er låk og skral i magen og bringa, og det kjennest ut som om det sit noko på tverke i heile kroppen –
då er det ikkje noko som er betre medisin, enn ein kjærast som kjem og serverer kaffi og skulebrød. Som stryk deg i håret og nussar deg i panna, medan du prøver å halda ut litt til utan Paracet. Som ser på Kopps med deg, og lèt deg eta opp resten av pizzaen frå i går. Som lagar sein sundagsmiddag med kylling og hummus, medan du freistar å blunda litt i sofaen.
Då er det faktisk leveleg å vera skral på ein godvêrssundag.
Sel dei slik medisin reseptfritt på apoteket, tru?
Det er den beste kuren.
Åh, best.
Varm, varmere, varmest.
Og det er det kjærlighet er ;)