Arkiv for oktober, 2011

(utan tittel)

Når eg blir stor
skal eg bli ei mannleg
dame, breibeint

og med kraftige skuldrar og kjeve.
Alle skal sjå på meg
og
misunna meg skjegget som
veks så kraftig at eg må stappa det i BH-en.

Eg skal drikka ein seidel øl medan eg bannar og skrattar som
ein sjømann. Heime
tek eg på meg forkledet og
lagar ostesufflé.

Bussbøker

- eller: Å finna ein mellomveg

Eit av dei store paradoksa i livet mitt er dette: Eg elskar å lesa, og har alltid site med nasen i ei bok eller eit blad med det same eg har fått sjansen. Eg har gjort lidenskapen til profesjon, og nytta fem år på å studera bøker og skrift. Og – her kjem paradokset – dei einaste gongene eg har fått lese noko på desse fem åra, er i feriar. Med «noko» meiner eg sjølvsagt slikt som eg les fordi fordi det er for spennande til å lata vera, slikt som eg ikkje må kunna gjera greie for på ein eksamen.

Eitt viktig unntak har det vore gjennom desse fem åra. Då eg var på utveksling i Toulouse i fjor haust, las eg ei mengd bøker både av pensum og av lidenskap. Eg budde nemleg eit godt stykke unna universitetet – som i og for seg låg eit godt stykke utanfor byen (hm … det er noko kjent med akkurat det) – og kvar dag starta med ein halvtimes transportetappe som dette: buss frå studentbyen til næraste metrostasjon; metro B to stasjonar; overgang til metro A, som nådde stasjonen «Mirail Université» eit kvarter seinare. Om ettermiddagen var det same ruta, i motsett rekkjefylgje. Altså to nokså lange turar, med to overgangar og eit mylder av folk som skulle  hit og dit.

Dette var perfekte høve for å stengja seg inne i ei bok.

Å ta buss er ikkje stort annleis i Toulouse enn andre stader. Bybussane krengjer og snor seg gjennom trafikken, startar med eit brak når ljoset blir grønt, stoggar brått for fotgjengarar og stoggar ofte. Men etter dei fyrste ti minutta på buss kunne eg stiga av ved Compans Caffarelli, gå ned troppa til metrostasjonen, og opna boka mi i rulletroppa på veg ned. Tilfeldigvis tok eg dette semesteret eit fag om estetikken i filmar og bøker i genren «noir», der eg lærte at nettopp metroen er ein typisk, dystopisk, moderne topos; nedgangen til dei myrke t-banetunnelane aksentuerer ofte skildringar av det myrkaste og mest skræmande i menneskesinnet. For metronettverket i Toulouse passa det bra. Her kunne eg stilla meg til høgre i rulletroppa, nappa boka mi opp frå sidelomma i sekken, og lesa heile den lange – og stupbratte – vegen ned til perrongen.

(Eg innser at eg ikkje skreiv eit kløyva ord om persontransport i serien min med reisebrev frå Frankrike. I det fylgjande kjem den nesten sjukelege fascinasjonen min for kollektivtrafikk til å bli særs tydeleg, så alle lesarar er med dette åtvara.)

Metroen i Toulouse er spesiell. Her er ikkje breie, toglignande vognsett som i Oslo eller Barcelona, ingen antikvariske boggiar som i Budapest, og heller ikkje skranglute tog som stoggar med eit smell, som i Paris. Toulouse-metroen er automatisk. I arbeidstida på vekedagane kjem det ein ny rame om lag annakvart minutt. Vognene susar sjåførlause inn forbi glasveggene på perrongen, som opnar seg heilt synkront med dørene på metrovognene – her er det umogleg å ramla ned på skjenene meir eller mindre overlagt rett før toget kjem inn mot perrongen. Dørene står opne i litt under ti sekund, med mindre noko – ein arm, ei barnevogn – hindrar dei; då opnar dei seg på nytt. På desse få sekunda går éin menneskestraum av, og ein tilsvarande kjem på. Eg flaut vanlegvis inn med boka i den eine handa, og fann meg ei stong å stø meg til i den smale vogna. Og der stod eg, to stopp, av, bort til neste rulletropp, inn på neste metro, stå i eitt kvarter, gå av – og la boka attende i sekken i rulletroppa på veg opp i dagen att. Nede i dei myrke, udekorerte metrotunnelane var det ingenting som kunne dra blikket mitt vekk frå boka. (Her må eg leggja til at min kinesiske ven tykte franske metroar var frykteleg umoderne – han var van med reklame på tunnelveggene, der bilete var plasserte i rekkjefylgje, slik at dei såg ut som ein animasjonsfilm for passasjerane.) Eg kunne lesa ei fransk bok og gli inn i omgjevnadene, eller ei norsk ei og få nysgjerrige blikk frå dei som stod ved sidan av.

Men ingenting varer evig, og brått ein dag var eg attende i eit Trondheim fylt av slaps og regn. Eit Trondheim utan metro, og med skandaløst lite skjenegåande transport i det heile (når eg tenkjer på trikk, kjem eg alltid på bilturen til Bordeaux som Toulouse-venene mine tok meg med på. Ein parkerte svinbillig utanfor sentrum, og fekk trikkebillettar til alle i bilen med på kjøpet. Eg fekk ein del rare blikk frå fylgjet mitt då eg stod på haldeplassen og song «Tramway, tramway» (ingen har fortalt franskmennene at det franske ordet for trikk eigentleg er engelsk) medan eg hoppa og dansa av glede).

Men Trondheim, altså. Etter å ha flytt attende til Stiftstaden vart eg like sykkelfiksert som eg var sporvegsfanatisk. Ikkje berre er det vanskeleg å finna skjenegåande transport til Dragvoll, det er òg ganske lett å ta seg dit på sykkel. Ulempa er sjølvsagt at det er nokså vanskeleg å lesa medan ein er ute og syklar. (Det skal seiast at eg aldri har prøvd, men eg grøssar når eg ser føre meg kommentarfelta på adressa.no, dersom sykkellesing hadde vore vanleg: «vær dag når æe e ut me bila mi kjæm dæm hælvets syklistan me bøkern sin å dæm sjer sæ itt får!!!!herre her går itj syklin skule vært FORBUDT!!!!!1111 hilsen sykkelist hater»)

Så det tryggaste er å tråkla seg opp bakkane til markagrensa med blikket festa på vegen – korleis skal ein elles få med seg når sykkelfeltet plutseleg tek slutt? Men akk, det som er trygt, blir fort til noko som er naudsynt. Eg fortalde meg sjølv at når eg fyrst bur slik til,  eg sykla til universitetet kvar dag. Dersom eg ikkje troppar opp sveitt og blaut på lesesalen med hjelmen i eine handa og regnbuksa i andre, kvar dag, blir eg både tjukk og utrena, og får sikkert problem med både magen, hjartet og stoffskiftet. Dessutan er det utruleg viktig å sykla heimanfrå seinast klokka åtte på morgonen, viss ikkje er dagen øydelagt (eg trur det sjukelege kjem inn om lag her). Men i november! fortalde eg meg sjølv igjen, når snjogen ligg tjukk og kvit i gatene mellom Lerkendal og Dragvoll,  kan eg byrja å ta buss. Det er ikkje lov å ta bussen før det er uråd å sykla utan vinterdekk og topptrena motorikk – det fyrste kan eg kjøpa, det andre har eg rett og slett ikkje.

Årvakne lesarar har sikkert allereie skjønt at det ikkje gjekk heilt slik. Etter å ha site neddynka i sveitte nok ein morgon på lesesalen, bestemte eg meg for at der finst mellomløysingar. Det er råd å sykla dei dagane eg skal trena på morgonen og likevel lyt dusja før eg set meg til å jobba. Det er råd å ta buss når eg har lyst til det. Og, kanskje viktigast, det er råd å lesa på bussen mellom Lerkendal og Dragvoll. På morgonbussen læst eg som eg er i Frankrike, seier «hei» til sjåføren sjølv om ho ikkje ein gong ser på dei som stig på, finn meg ei stong å halda meg fast i, og står roleg og les. Og les, og får litterært utbyte av kvardagens reiseveg.

Det er ganske enkelt ei treningssak.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.