Arkiv for desember, 2011

Fem beste

Brått har eg lagt bak meg fem og eit halvt år på universitetet. Snart kjem studweb til å fortelja meg at eg har oppnådd både bachelor- og mastergrad og dessutan karakterane eg har fått på kvar eksamen.

Men gradar og karakterar er ikkje viktige, ikkje som noko anna enn bokstavar på ein diplom som syner fram for verda kor flink du har vore. Eg nærmar meg faretrugande fort ein klisjé, men vegen fram mot mål er mykje viktigare enn passeringa. Eg kan ikkje oppleva på nytt dei beste førelesingane, dei beste menneska, den største gledesrusen over å ha fått ein A, eller kjensla av endeleg å kunna seia «eg kan fransk». Men i god postmodernistisk ånd kan eg laga ei liste som summerer opp noko av det beste – i fem urangerte punkt. (Og som ein av mine favorittførelesarar har sagt: «En klisjé har blitt til det fordi den var en god idé».)

Tekveldar

Brorparten av studietida har eg vore fråhalds, type total. No har eg oppdaga at der finst andre der ute som tykkjer at ein godt kan ha fest utan alkohol. På over fem år har tekveldane vorte mange. Nokre av dei har vore hjå Susanne, andre hjå meg, nokre har vore fulle av spel og spas, medan film og te hjå Ellinor på sundagar er, og kjem til å vera, legendarisk. Felles for alle desse kveldane er at det har vore fullt av fine, interessante, morosame folk på dei. Og det beste med dette studieminnet er at det ikkje treng å ta slutt, sjølv om studentlivet er over.

FRA1102: Litteraturhistorie og litterær analyse 

Ein heil del allmenn litteratur-studentar kjem sikkert til å vera rykande usamde med vurderinga mi, men dette er det beste litteraturfaget med den beste førelesaren på NTNU. I alle fall var det slik det vårsemesteret eg tok det. Sjå berre her:

Comprenez? Ingen av desse namna seier vel eigentleg noko særleg om kva ein kunne oppleva på faget, men lat det vera sagt at dette er emnet med dei mest morosame og lærde førelesingane eg har hatt. Professoren kunne gå frå å ramsa opp tyske renessanseforskarar frå 1800-talet til å koma med sterke formaningar om å passa på å ikkje forveksla franske ord som liknar på einannan. Ein gong illustrerte han skilnaden på «matelas» (madrass) og «matelot» (matros) ved å fortelja oss om dama som var på ei strand i Nice og tok feil; ho spurte badevakta om ho kunne få ein «matelot». Det beste med historia var kommentaren frå forteljaren: «Hun ville ha noe å ligge på, skjønner du (han tiltala alltid auditoriet med «du»)».

Året 2009

Eg fullfører ein bachelorgrad, men vegen fram dit er mindre tornefull enn på lenge. Aldri har eg teke så mange morosame fag – fransk litteraturhistorie, «den sentimentale romanen», fordjuping i litteraturteori, litterær surrealisme, grammatikk og pragmatikk … Aldri har eg vorte kjend med så mange herlege menneske i løpet av nokre få månader. Aldri har vel framtida verka så open, ljos og fager.

OK, eg skal stogga no. Men 2009 var det beste året på lange tider.

Fire månader i Toulouse

Endeleg utveksling! Det er i grunnen ikkje noko særleg morosamt å nesten ha dårleg samvit fordi ein har reist for lite og sett for lite av verda. Og endå mindre morosamt, og dess flauare, er det å studera fransk i eit og eit halvt år utan nokon gong å ha vore i eit fransktalande land. Hausten 2010, etter å ha lagt planar eit år i førevegen, kunne eg endeleg leggja ut på den lange vegen til eit sørfransk eventyr. Eg trudde eg kunne prata fransk før eg fór; no veit eg at det kravde litt meir innsats. Eg trudde eg hadde vanskeleg for å verta kjend med andre og få vener; no veit eg at det lettaste som finst, er å finna likesinna når ein er på utveksling. Og eg trudde alle land i Europa var like velfungerande, liberale og opne som Noreg; no veit eg betre.

Studentfritid

Studentfritid tyder å vera friviljug. Det tyder å arrangera fagkveldar og karrieredager med dei søte menneska i FINAL. Det tyder å skriva eit dikt eller ei anna tekst til det herlege tidsskriftet Riss. Det tyder å riva seg i håret av frustrasjon medan ein sit med registreringsdokument for lineforeininga for fransk – De Passe Simple (prøv å uttala namnet på norsk).

Men det er mykje meir enn som så. Studentfritid er dei førnemnde tekveldane, treningsøkter tidleg på morgonen som opplading til ein lang dag på lesesalen, forfattarkveldar der ein kan gå på kafé under dekke av fagleg påfyll, tri veker på Nordkurs ein sumar, julebord, nyttårsfestar og bursdagar – mellom mykje anna.

Og kanskje er det fritida eg kjem til å sakna aller mest.

Førjulsbrev

Eg har fått eit førjulsbrev, på boklærd, litterær fransk, med ei handskrift til å døy for:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det er nett slik eg vil at eit brev skal sjå ut. Litt gulna, på eit språk eg ikkje alltid har kunna, frå eit land eg ikkje kjenner altfor godt til. Det er som litt av utlandet kjem inn i stova og byr seg fram.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.