Innlegg merka 'Årle'

Føraren fortel

Du stod på haldeplassen.

Eg kom og tok deg på.

Det var fullt, du måtte stå
mellom stokkar, krykker og sand.

Ved neste stopp nærma du deg døra, men
snudde deg så eg kunne
møta blikket ditt i spegelen

det blikket vart aldri borte

November

Ein ikkje så altfor tidleg morgon ligg rimfrosten framleis smurt utover skråningane og hustaka. Eg kunne skrive om sola som fell på Byåsen langt borte ved skyene. Eg kunne skrive om fabrikkpipa som står i relieff ved fjella endå lenger borte, og skinet som gjev røyken frå henne eit rosa skin, lik murveggene på blokkhusa nede i skråninga, eller augo til kjærasten når han må stå opp tidleg og hutrar seg inn i kleda. Eller eg kunne skildra dei lagdelte skyene som dekkjer himmelen jamt, regelbunde, som kremen på bursdagskaka.

Men det eg vel å skrive er:

Ah, endå ein herleg dag som ventar meg!

Blund. Varleg

Hjartet mitt bankar,
men ikkje i barm

Det slår i eit eige rom.

Eg går inn i rommet
så hjartet kan gløype meg
(fem hundre liter blod i det)

Der søv eg heilt til
månen skin gjennom veggen.

Nærkontakt. Mishøyrd.

Eos synte seg for meg i dag
der ho strekte dei raudfarga fingrane sine
opp langs fjella og vatnet.

Før eg vakna, høyrde eg ho kviskre
"Sjå'men. Sjå'men."

Så tok ho kraftige tak kring halsen min,
sparkla kroppen min med toreskyer
og svei augo mine med rosevatn.

Blinda ho meg for morgondagen?

Sløkkje brann

Ho seier ho skal
leggje seg til å sova

Men i draumane sine
går ho inn på rommet der eg ligg
og set fyr på lakenet mitt

Eg vaknar i ei sky av oske
medan ho tek morgonrøyken sin på senga
og blæs små klumpar av røyk
baklengs gjennom natta

Harmoni

Etter Paul Verlaine, ein tidleg augustmorgon

Det rimer på ruta

slik det rimer på arket

Kva er denne varmen

som diktar på sparket?



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.