Las artikkelen hjå Aftenposten om samferdslepolitikk og budsjettsystem. Plutseleg dukka det opp eit heilt nytt, fint ord.
Innlegg merka 'Blomar'
Vinterzen
Publisert 18/12/2009 Uncategorized 5 KommentararMerkelappar:Blomar, Nynorskhomoane, Vinterdagar
Snjogfnugg som styrtar i samla flokk mot augevippene dine,
er like nydelege som
småflugene som knusest mot sykkelhjelmen om sumaren.
November
Publisert 12/11/2009 Uncategorized 4 KommentararMerkelappar:Årle, Blomar, Hovudet mitt, Trondhjem
Ein ikkje så altfor tidleg morgon ligg rimfrosten framleis smurt utover skråningane og hustaka. Eg kunne skrive om sola som fell på Byåsen langt borte ved skyene. Eg kunne skrive om fabrikkpipa som står i relieff ved fjella endå lenger borte, og skinet som gjev røyken frå henne eit rosa skin, lik murveggene på blokkhusa nede i skråninga, eller augo til kjærasten når han må stå opp tidleg og hutrar seg inn i kleda. Eller eg kunne skildra dei lagdelte skyene som dekkjer himmelen jamt, regelbunde, som kremen på bursdagskaka.
Men det eg vel å skrive er:
Ah, endå ein herleg dag som ventar meg!
Nærkontakt. Mishøyrd.
Publisert 21/09/2009 Uncategorized Legg att ein kommentarMerkelappar:Årle, Blomar, Lyrisk
Eos synte seg for meg i dag
der ho strekte dei raudfarga fingrane sine
opp langs fjella og vatnet.
Før eg vakna, høyrde eg ho kviskre
"Sjå'men. Sjå'men."
Så tok ho kraftige tak kring halsen min,
sparkla kroppen min med toreskyer
og svei augo mine med rosevatn.
Blinda ho meg for morgondagen?
På skulen. Bloggaren er litt opprådd for kva han skal gjera, ulysten på å gå og lesa, ulysten på å gjera noko som helst anna. Han set seg ved eit blomsterbed (ja, på universitetet har dei blomsterbed innandørs) og stirer ut i lufta. Brått kjem ei jente med ei stor intervjublokk. Ho skal ta mastergraden i kultur- og kjønnsstudium og vil stille meg nokre spørsmål om barn og familiar som del av ei øvingsoppgåve.
Den småsturne blir interessert, slik han blir kvar gong eit nytt menneske ovrar seg framfor han. Han spør ho kva ho vil bruke masteren til – jobbe med menneskje, administrasjon -, kor langt ho er komen – fyrste semesteret -, og slike ting. Ho stiller tilsvarande spørsmål; forskaren og objektet er einige om ein del emne som har med likestilling og politikk å gjera.
Men kjønnsstudenten har dårleg tid og må av stad og finne andre å intervjue. “Lukke til med masteren,” seier bloggaren. Ho svarar “Takk i like måte – håpar dei neste eg pratar med er like hyggjelege som deg.”
Takk.
