Toget heim: Ei dame kjem på føre vi køyrer ut av Trondheim. Mannen kjem tuslande etter med kufferten deira. Dei skal sitja i seta over midtgangen for meg, men der sit det allereie ei ungjente.
Dama: Vi har desse plassane.
Jenta: Å, er det plassbillettar!? Eg har nesten aldri køyrt tog fø…
Dama: NEI, men DÅ må du sjå på billetten din, for VI har desse plassane.
Jenta: (raudnar) Ja, OK … Eg skal … (reiser seg, tek bagasjen sin og hastar bort gjennom toget)
Seinare: Eg les i bokmagasinet åt Klassekampen om Anna Gavalda. Bestseljarfenomenet, dei franske samfunnsideala, Saman er ein mindre aleine, Eg elska ho og Lykka er ein sjeldan fugl. På skrå til høgre for meg, set det seg til ei dame med laptop og nokre låtterleg overdimensjonerte øyreklokker. Ho skal til å sjå film; på skjermen hennar les eg tittelen Ensemble, c’est tout.
Nokre har styring på ektemaken sin, nokre har det ikkje. Nokre kan kontrollere driftene sine, nokre skuffar. Nokre veit ikkje ein gong korleis dei finn plassen sin på toget.
Heilt til vi kjem til Støren, blir eg plåga av frykta for at eg har sett meg på gale tog og kjem til å hamne i Østerdalen.

