Innlegg merka 'Det grusame vaksenlivet'

Ryddeprosjekt

Eg er mellom permar.

Det vil seia, eg er ikkje det. Men dei siste vekene har eg ordna meg eit prosjekt: Å samla alle papira frå studietilveret i permar, oversiktlege tjukke permar med skiljeark og alle stensilar, førelesingsnotat og heimeeksamenar samla på ein stad. Eg har sett føre meg korleis det skulle ordnast, kva for fag som skulle i same perm, kor store permar eg trong, og så bortetter.

I kveld skulle det skje. Alt skulle samlast så langt eg rakk.

Eit par ting fann eg ut i arbeidet: Eg har for små permar, og har utsett å kjøpa skiljeark. Såleis kunne eg ikkje bli ferdig i kveld, men eg kunne iallfall gleda meg over tanken på å få nokre småpermar til overs, og til å kunna spreia arbeidet ut over fleire dagar.

For det var morosamt å ta ark ut av permar, leggja dei i bunkar, stifta dei saman og setja dei inn att i rekkjefylgje. Knapt noko er så fascinerande og så tåkriblande oppjagande som å samla all kunnskapen ein har tileigna seg i løpet av snart fire år på – og utanfor – universitetet på éin stad. Grammatikk, pragmatikk, franske gloser, surrealistisk litteratur og manifest, EUs historie i Frankrike – mellom hard, kvit plast, alt saman. Greske moduspartiklar, genreinndelingar og refleksjonar kring kvinner i klassisk gresk litteratur – alt saman skal få bu i lag. Tankekart om litteraturteori, powerpointar med Austen-sitat, utgreiingar om vilkår for kritikk – berre kos dykk saman i ein bunke, til eg får kjøpt ein større perm. At så mykje lukke kan rommast i fargerik plast merkt “Esselte”, “Emo” eller “Foldermate”!

Det lyt likevel seiast at dette ikkje er alt eg har vore gjennom på universitetet. Det meste av tida mi som student har eg ikkje vore strukturert nok til å kunna samla papira mine oversiktleg og ryddig – ei openberr årsak til at dette utgjer eit slikt stort prosjekt no. Eit symptom på problemet eg har hatt med å organisera sakene mine: I ei av notatblokkene eg nytta på førelesingar dei fyrste åra eg studerte, fann eg, mellom greske gloser og latinsk grammatikk, ei oppskrift på eplepai. Oppdaginga enda i ei av kvardagens mange herlege stunder, der eg fekk høve til å mimra – og tenkja etter kvar denne oppskrifta kom frå. Til slutt kom eg på ei førelesing i latin, det er snart tri år sidan, der eg fekk ei tekstmelding frå mamma med paioppskrifta. Eg skunda meg å skriva ho ned i pausen – og gløymde ho. Noko så fint hadde eg aldri trudd eg skulle finna att i oppryddinga.

Å få ting i orden no er likevel greitt; verre er det med det som er gått tapt: Det irriterer meg aldri så lite at eg ser ut til å ha kvitta meg med det eg minnest som ein utførleg stensil med oversyn over tyske substantivdeklinasjonar (og kompendia i kasussyntaks, kvar er dei? Har eg kasta dei??). Oppgåver og førelesingsnotat frå grunnfaget i fransk er borte, likeins førelesingsnotata frå basis i allmenn litteraturvitskap. Éi forklåring er at eg har vore ein jamt over rotut student, men det høyrer med til historia at då eg flytta til ny hybel i fjor sumar, kasta eg, i eit anfall av flyttestress og anti-sentimentalitet, alle ark frå vidaregåande, notat, stensilar – og altså mykje av sakene frå universitetet. Som resultat har eg etter ei full fordjuping i klassisk gresk berre nokre få notat og oppgåver att. Dei fekk plass i ein av dei minste permane mine. Akk, all kunnskapen som er gått tapt …

Etter å ha øst meg sjølv opp i mange timar med denne rydde-raptusen, kjende eg at det var tid for mat. Eg hadde jo ikkje ete på mange timar, det var framleis fleire bunkar med kloke ark som låg og ropte etter å bli sette hol i, og eg orka ikkje tanken på å ordna meg noko skikkeleg mat. Dessutan ville det ta for mykje tid bort frå permisetjinga, så den naturlege løysinga var klår: Springa på ICA og kjøpa eitkvart kjapt, feitt og usunt, slik at eg kunne setja meg med papira att. Og ICA, tenkte eg, har dei ikkje ringpermar der? Eg skunda meg ut i duskregnet og strena inn på ICA. Før eg kunne nærma meg frysedisken, måtte eg sjølvsagt sjekka hylla merkt “KONTOR” og, Gott sei Dank!, dei hadde store ringpermar, nett den storleiken eg såg etter! Eg nappa med meg ein svart og ein kvit og byrja, nokså monoman, å sjå etter skiljeark. Men vil nokon tru meg dersom eg seier at ICA Maxi på Moholt i Trondheim sel permar, men ikkje skiljeark? I ti sekund vurderte eg seriøst å droppa mathandelen og gå over til Rema for å sjå om dei hadde det. Heldigvis er eg altfor var i magen til å kunna motstå mat når eg er omgjeven av det, så eg heldt fram jakta på vomfyll. Etter å ha traska rundt ulike frysediskar, enda eg opp med  - å herregud, kan eg kompromittera meg verre i det offentlege rom? – ein Grandiosa. Eg skunda meg til kassa (på dette tidspunktet hadde eg sokke så lågt at det var like før eg la Dagbladet ned i trillekorga med resten av fangsten. Like før!), betalte, skunda meg heim, small pizzaen i omnen, skuffa i meg heile på ti minutt – og var klar til å gjera ferdig arbeidet for i dag.

No sit eg ved skrivebordet mitt med fire nyorganiserte permar framføre meg, ein i sekken, og to som ventar på opprydding på skulen i morgon. Eg er samla mellom stive permar. Og kjem til å sitja og venta på at bokhandelen på campus opnar klokka ni i morgon. Eg manglar nokre skiljeark, skjøner du.

Urettvist

Det at kattehalen smyg seg sakte rundt ho
medan fengselsgitteret slåst mot armane mine.

Stålstengene blir mjuke kattehalar,
vêrhåra stryk meg lunt på kjaken.
Halen blir ei hard stong (av tre, trur eg)
ho kan kjærteikne.

Det at eg kviler på ei matte
ikkje av spikar, men av faste stenger
der ho smyg seg oppå meg - - -
vêrhåra stryk meg lunt på kjaken

Musikk på ein sundag

Monica Zetterlund: Trubbel

Nu lyser ängarna av sommarns alla blommor,
nu surrar bin, och fåglar sjunger överallt.
Nu stryker vinden genom trädens höga kronor,
men i min trädgård är det visset, mörkt och kallt.

Här är det risigt och förvuxet, fult och snårigt
och lika hopplöst trist och grått som i mitt bröst.
Därute doftar det av sommarns alla dofter,
där är det sommar, men här inne är det höst.

Jag levde lycklig här med dig och mina katter,
ett liv i synd och utan omsorg att bli frälst.
Försonad med min karaktär, för jag har aldrig,
förmått mig säga nej till någonting som helst.

Och aldrig nekat mig det ena eller andra,
och levat livet, tills jag krossades en dag.
Det börja med att du bedrog mig med en annan,
en som du sa var mycket finare än jag.

Vårt gräl tog veckor, ropen blandades med gråten,
och jag blev grundligt jämförd med din fina vän.
Tills du bekände att han givit dig på båten,
då blev det dödstyst här i trädgården igen.

Ifrån den stunden blev den mannen dubbelt hatad,
han hade lekt med dig, med oss ett litet slag.
Och jag, jag kände det som även jag var ratad,
jag ville slåss och gick mot mitt livs nederlag.

Jag hade hammaren beredd under kavajen,
när han kom ut i sidenscarf och sa: Goddag!
Kom in och slå dig ner en stund så får vi prata!
Jag bara stammade, nu minns jag inte vad…

Och jag blev bjuden på cognac och på cigarrer,
och kunde inte få mig själv att säga nej!
Och när vi skiljdes var vi bästisar och bundis,
och jag tog saker som du glömt med hem till dig!

Jag går omkring i mitt Pompeij, ibland ruiner,
jag trampar runt i resterna utav vårt liv.
Men du ska aldrig ge mig pikar om sekiner,
och aldrig ska du bli en annans tidsfördriv!

Nej, av det gamla ska vi binda vackra kransar,
och ta vårt liv och mina katter som de är.
Och trots all kärleksbrist och trasighet och fransar;
Dig skall jag älska livet ut, dig har jag kär.

Kvardag

Eg har éi skuleoppgåve i vìka for tida. Det fær meg til å føle meg som ein skikkeleg student. Det er i grunnen det einaste eg føler meg skikkeleg som for tida. 

I kveld klokka tjuge null null er det litterær fagkveld på Ni Muser, med føredrag om Knut Hamsun. Alle som ikkje boikottar Hamsun-jubileet, er med dette tipsa!

Utanfor Gudbrandsdalen, er ikkje fødestaden hans eit veldig heitt diskusjonstema, her eg funne ut.

Utanfor Gudbrandsdalen, er ikkje fødestaden hans eit veldig heitt diskusjonstema, har eg funne ut.

Før-middags-blogging

Sett & høyrt (& smakt) i dag:

- Ein mann som syklar utan sokkar til Dragvoll. På vinteren.

- Fransklærarar som ruslar forbi kafé Sito og helsar so vent.

- Knekkebrød-sandwich med raudost. Ein lyt hive seg på trenden. 

- Automat-kaffi mocca. Ikkje so verst. 

- Lufta på auditorium D7 etter tri timar. 

- Snjogen som fell overraskande tett.

- Dame som stiller seg til og ser stygt på meg når eg gjer narr av amerikansk-engelsk. That is so constipated.

Kveldsmat

Kjærasten: Eg har tenkt å fara og tala med biskopen.

Zeugma: Å?

Kjærasten: Kanskje eg kan få jobb i kyrkja, trur du eg hadde passa til det?

Zeugma: Ja, sjølvsagt, du er jo so flink! For ein god idé.

Kjærasten: For eg veit ikkje om eg vil undervise på Dragvoll. Eg føler at eg må gjera eitkvart med meining òg.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.