Innlegg merka 'Elitekultur'

Mellomspel

For 24 dagar sidan sende fridtun meg ei oppgåve, eit slags kjedebrev for bloggarar. Eg hermer oppgåveteksta: «Eg skal nemna tri skaldar som eg likar godt, draga fram éi bok – av kvar – som eg likar serskilt godt, og so gjeva fem andre vevritskrivarar den same uppgåva.» Og eg gjekk og grunna ei tid på dette, men det sa seg vel eigentleg sjølv kva for skaldar og bøker eg laut velja. Det handlar om tri poetar som har hatt nokså mykje å seia for både måten eg skriv på og måten eg vel andre forfattarar på. No skal eg rett og slett greia ut om dei store linene i boksmaken min.

1. Jacques Prévert – Når lyrefuglen kommer

For nokre år sidan gjekk eg fyrste året på vidaregåande og hadde nyss teke til å læra fransk. I og med at eg no har skrive ei rad reisebrev frå utvekslingssemesteret mitt i Frankrike, forstår vel dei fleste at det har vorte eit viktig språk for meg. Det er ikkje minst på grunn av Jacques Prévert. Ein dag i løpet av det nemnde skuleåret, gjekk eg og titta i lyrikkhyllene på skulebiblioteket. Mange av dei beste bokfunna mine er resultat av den typen titting, og slik var det òg denne dagen, då eg fann i den blå boka med fugletittelen, som var ein antologi over norske omsetjingar av dikta til Prévert. Eg veit ikkje om det finst endå større samlingar på norsk, men denne boka er eit godt utval: Her er fuglar og hestar som presenterer underlege skråblikk på folk og samfunnstilhøve, klasserom som kollapsar, menn og kvinner som møtest og går frå kvarandre. Prévert er modernist, men skriv med eit så underleg, naivistisk og barnsleg språk at dikta blir noko meir enn berre framandgjering og ubehaget i kulturen. Eg trur eg skal lata eit av dei finaste dikta hans tala om det, «Fuglefangarens song»:

Fuglen som flyg så stilt og vent
Fuglen som blodet, raud og lun
Fuglen så var fuglen gjer narr
Fuglen som brått blir redd
Fuglen som brått støyter seg
Fuglen som ville ha rømt
Fuglen åleine og redd
Fuglen som ville ha levd
Fuglen som ville ha sunge
Fuglen som ville ha skrike
Fuglen som blodet, raud og lun
Fuglen som flyg så stilt og vent
Det er hjartet ditt, gode barn
Hjartet som slår med venger så trist
Mot brystet ditt så hardt så kvitt

2. Tor Ulven – Samlede dikt

Endå ein skald eg oppdaga då eg gjekk på vidaregåande. Av ein eller annan grunn har eg alltid tykt det har vore meirsom eit skyldskap mellom meg og Ulven. Eg gjekk og lånte alle diktbøkene hans og las gjennom dei dag og natt, før eg kjøpte samleutgåva som pocket på ein klassetur til Oslo. Hugteken som eg var av alt det myrke, det farlege og dystre, ville eg skriva dikt slik som Ulven skreiv dei. Hjå han blir ikkje det dystre redusert til noko svart og kvitt eller noko patetisk, gotisk, emo. Ulven har ein intellektuell – sume ville kanskje seia overintellektuell – distanse til det han skriv om, som gjer alt det groteske – knoklar, kranium, haustlauv og jord – fascinerande og skræmeleg vakkert. Eg skulle gjerne gjeve eit døme på tekstene til denne skalden òg, men i og med at eg er langt frå næraste norske bibliotek, får det greia seg med ei generell lovprising av forfattarskapen.

3. Sapfo

Gode, gamle Sapfo. Nok ei hetaira – medvæpna – som har vore med lenge i den litterære arméen. For dei som av ein eller annan uforståeleg grunn ikkje har studert klassiske fag eller litteraturvitskap: Sapfo var ein gresk poet som levde på øya Lesbos (nygr.: Lesvås) på 500-talet f.Kr. Ho var ein av dei fyrste vi veit om som skreiv kjærleiksdikt, det vil seia tekster knytt til intime og personlege kjensler. Av di desse dikta ofte lovpriste andre kvinner, nyttar vi framleis i dag ordet «lesbisk» om kvinner som liker andre kvinner. (Sjølv om dei av oss som har studert litteraturvitskap veit at ein ikkje utan vidare kan rekna med at eg-personen i ei tekst er identisk med forfattaren.) Eg kan ikkje trekka fram ei særskilt bok av henne, fordi av dei ni rullane med dikta hennar som fanst i det antikke biblioteket i Alexandria, har vi berre att ein bunke med fragment som ikkje tek opp mange sidene. Ei god attdikting til norsk finst i boka Sapfo som Svein Jarvoll gav ut i 2003. Jarvoll får veldig fint fram det leikne og samstundes ålvorlege i songlyrikken til Sapfo. Den gamle, greske skalden frå Lesbos syng om kjærleik og lidenskapar på ein måte som har inspirert seinare poetar heilt fram til våre dagar, og som gjev mykje att for den som set seg ned for å suga meining ut av fragmenta.

Den siste delen av oppgåva er å velja fem andre bloggskribentar som skal løysa same oppgåva. Eg må litt skamfull vedgå at eg ikkje kjenner nokon som ikkje allereie er utfordra, men eg kan jo nytta høvet til å minna fivrelden og geeken om at dei enno ikkje har presentert lista si …

Reisebrev frå Frankrike VII

- eller: Ein kveld i operaen.

Franske julebord er ikkje så ulike norske, bortsett frå at ein pratar fransk i staden for norsk (og dersom ein er på julebord med EIMA, flyg det gjerne litt tyske, tsjekkiske, spanske, engelske og italienske gloser over bordet òg). Denne veka baud på i alle fall tri høve til å eta seg stappmett i godt lag: Til lunsj på tysdag baud det internasjonale kontoret ved universitetet på gratis buffet for alle studentane. Det var ikkje feil, som dei seier, men fordi administrasjonen ved det internasjonale kontoret her ikkje gidd å prata så mykje med dei friviljuge i EIMA, hadde dei greidd å leggja lunsjbuffeten til same dag som Erasmusforeininga hadde planlagt kveldsmat med pubtur etterpå. Likevel, for oss svoltne og eksamensslitne utlendingar var det ikkje noka katastrofe å få gratis mat to gonger på same dag. Så god var stemninga, at underskrivne, med god hjelp frå ein gjeng glupske tyskarar, nesten greidde å setja fyr på papirduken med teljosa EIMA-gjengen hadde tent på for å skapa ei triveleg adventsstemning. Brannstiftinga vart mislukka, og eg kunne heldigvis bortforklåra heile opptrinnet med at det var ein gamal vikingrite (dei som les dette må hugsa på at i utlandet er Noreg stort sett kjend for vikingar, fisk og Ole Einar Bjørndalen).

Så mykje for julebord arrangert av snille franskmenn. I går arrangerte den tysk-norsk-kinesiske gjengen min ein eigen liten avskilsfest for den tyske tridelen, altså dei som reiser heim til jul. Vi starta med varm sjokolade og sjokoladeovertrekte peparkaker – visstnok vanleg i Tyskland – kjøpt på Lidl, gjekk i operaen og avslutta med pizzafest. Mot slutten av kvelden kom det til tri franskmenn òg, som laga omnsbakte eple med sjokolade til dessert. Har de nokon gong tenkt over kor utenkjeleg spesielt det er for folk sør på kontinentet at vi berre har fire timar dagsljos i Noreg på myrkaste vinteren? For folk flest i Frankrike høyrest det mest ut som ein vond draum, og dei har vanskeleg for å sjå føre seg korleis vi greier å overleva med klimaet vårt (denne veka var det to kaldegradar og om lag like mange millimeter snjog ein del plassar her i landet, og det nærma seg nasjonal krisetilstand). Det vart ein diskusjon om kva for land som har best mjølk – Skandinavia eller Frankrike – og eg måtte bruka nokså lang tid for å overtyda den franske delen av selskapet om at vi har både kyr og grønt gras i Noreg. Lat det berre vera sagt eksplisitt at eg etter fire månader i Frankrike no altså er i stand til å overtyda på fransk.

Eg ville avslutta med å skriva om operaen. Vi var nemleg og såg L’homme de la Mancha eit amerikansk musikkspel basert på – du gjetta det, din litteraturnerd – Don Quijote av Cervantes. Nettopp Cervantes er den fyrste karakteren ein møter i spelet, som representerer heile problematikken kring tilhøvet mellom forfattar, forteljar og figur på ein ganske så snerten måte. Don Miguel de Cervantes blir sett i fengsel, og forhøyrt av inkvisisjonen. Han bed om å få forsvara seg ved å setja i scene historia om Alonso Quijana, alias Don Quijote, sjølv om han berre er ein “talentlaus poet”. Cervantes spelar sjølv Le chevalier de la triste figure, i ei play within the play-oppsetning som speglar leiken med forfattarbilete, omsetjingar og parodi som ein finn særleg i andre bandet av romanen. I teateroppsetninga er Don Quijote ikkje fyrst og fremst galen – han er det òg – men ein idealist, ein som nektar å sjå korleis verda er. Han er overintellektuell, overstudert og sit for høgt oppe på hesten sin til å sjå kva som skjer nede på jorda. Ikkje minst er Don Quijote ein livsfjern litteraturvitar som tolkar alt som hender gjennom ein forståingshorisont han har lese seg til, og ikkje opplevd.

Romanen er lang, og i musikkspelet har dei sjølvsagt kutta ut nokså mange av episodane som pikareskromanen er full av. Det interessante er at Dulcinea (som eigentleg heiter Alonza, som eit svar på det eigentlege namnet til Quijote) har fått ei mykje større rolle enn i boka, og at ho og Don Quijote møtest fleire gonger. I starten tykkjer ho det er stas å bli tiltala som prinsesse, men etter kvart blir ho meir og meir frustrert ettersom kvasiriddaren nektar å sjå henne som den ho er. Særleg vakker er scena der Quijote syng om “den uoppnåelege stjerna” han strebar mot, medan han faktisk stig opp mot scenetaket og Dulcinea blir meir og meir fortvila der ho sit langt nedanfor han. Det er godt gjort å bruka karakterane Quijote og Dulcinea til å spela ut konflikten mellom idealisme og realisme, utan å gjera det til ei simpel kjærleikshistorie.

For sjølv om det er amerikanarar som har skrive sceneversjonen av romanen, er det Jacques Brel – som eg elskar – som har stått for tilretteleggjinga på fransk. Brel skal visstnok ha kjent seg så att i hovudpersonen i den engelske versjonen av stykket at han tok personleg kontakt med forfattaren og komponisten for å få setja det om og spela hovudrolla sjølv. Faktisk så er det ein mindre komisk og meir attkjenneleg Quijote som viser seg på scena, jamført med karakteren i boka. Og for ein livsfjern litteraturvitar var det eit fint gjensyn med ei av dei mest spesielle bøkene på grunnfagspensumet.

Reisebrev frå Frankrike II

- eller: Kvifor det er bra å gå glipp av båten.

I går natt vakna eg brått av eit leven inne på soverommet. Etter eit dunk som fekk meg til å skvetta til, høyrde eg nokon som tassa og romsterte i nærleiken av meg. Då eg slo på ljoset, stod det ein sylslank og forskremd katt i glaskarmen. Han stirde på meg og gav seg til å springa fram og attende i karmen, medan eg, uforklårleg nervøs, rota meg ut av senga og opna soveromsdøra før eg skreid over stovegolvet og opna døra til gata. Med bankande hjarte, og berre boxeren som vern, kalla eg på katten, som hadde hoppa ned på soveromsgolvet mitt. Med det same eg vakna, hadde eg ropt “Non, non, non!” til han på fransk, men sidan eg ikkje veit korleis ein pratar til kattar anna enn på norsk, håpa eg at han forstod meg. Eit svart lyn pila forbi føtene mine, og eg skunda meg å stenga døra att. Før eg la meg, passa eg på å sjekka at det ikkje var ei halvdaud mus eller rotte på flukt som hadde fått pusen til å hoppa inn. Franske kattar er ikkje til å kødda med.

Trass i desse nattlege minutta med dramatikk og olme beist, vakna eg frisk og utkvilt til ein ekspedisjon til St. Tropez dagen etter. Byen med namn etter den romerske helgenen Torpes var i og for seg imponerande med alle dei store båtane og dyre

Fernando Botero-hest i St. Tropez. Som eit symbol på overflod?

designarbutikkane – men elles var det ikkje så mykje å bruka tida på, sjølv om 1700-talsborga med utsikt over byen, omlandet og -vatnet var fin nok. Då var i grunnen det mest spennande med dagen det kultursjokket eg opplevde på tur attende. Eg sat mesta heilt fremst, og bussen var over ein halvtime forseinka i rushtrafikken då det kom på ein kar i Lavandou, som spydig påpeikte kor sein bussen var. Sjåføren vart illsint, bad mannen betala og setja seg, men monsieur heldt fram å klaga. Etter litt kjefting gjekk han og sette seg, men då var sjåføren så rasande at han reiste seg og ropte “Så kjøp ein bil, då vel! Eg kunne vel bry meg mindre! Kva vil du eg skal gjera med trafikken?” Passasjeren parerte med å beda sjåføren leita etter eit anna yrke – som om det ville gjort trafikken mindre. Då vi køyrde vidare, fekk arbeidskaren tømt hjartet sitt for tri damer på fremste seterada. “Kva skal eg gjera med trafikken, då?” gjentok han retorisk. “De kunne montert venger på bussen,” lo den eine dama, som lytta sympatisk til utgreiinga om alle utfordringane i sjåføryrket.

Bratte trinn ned frå Gare St. Charles.

Turen til Marseille på laurdag var i grunnen betre materiale for eit reisebrev, og ikkje minst vel så nervepirrande. Etter at Franck og Laurence vertsforeldre hadde køyrt meg til togstasjonen, rakk eg akkurat å kjøpa billett på ein av desse vanskelege, franske billettautomatane før eg sprang på toget med dei andre språkstudentane. Halvannan time seinare gjekk vi ut på Square Narvik (!) og ned dei bratte troppene til avenyane i Frankrikes nest største by. Marseille er ein spennande stad med ei fin blanding av gamle og nye bygg. Sliten og ikkje så smellvakker som Paris, men livleg og sjarmerande. For alle som elskar gamle ting, er det ei oppleving i seg sjølv å vandra i ein 2600 år gamal, opprinneleg gresk, hamneby, med ei flott storkyrkje på ein bakketopp og eit vidgjete 1500-talsslott som seinare vart fengsel. Det siste fekk Romily frå England og eg berre sett frå ein båt. Medan vi sat nede ved hamna og venta på gutane i fylget vårt, kom dei nemleg springande og

Interiør frå Basilique Notre Dame de la Garde.

rakk akkurat å koma seg med ein tidlegare båt enn den vi hadde tenkt å ta. Romily og eg droppa å gå i land på øya If og sjå på fengselet kjend frå Le Comte de Monte Cristo av Dumas. Med det fekk vi god tid til å rusla i gatene før toget gjekk attende til Hyères, vi såg på marknaden, kjøpte makronar og – ikkje minst – heiv oss over bruktbokmarknaden. Dei siste par dagane har eg vore nervøs for at eg skulle sleppa opp for lesestoff, men no kan eg senka skuldrene att – berre fordi vi mista båten. For 10 € fekk eg raska med meg både Rousseau, Rimbaud og Madame de Staël. Eg er glad eg ikkje har venger.

Gleder

som er (mesta) gratis finst der mange av i Trondheim. På laurdag prøvde eg ut tri av dei.

Det er nokre månader sidan det eminente Bybroen Antikvariat vart sambuar med puben Rabarbra på Bakklandet. No har dei eit ljost, rustikt bakrom der ein kan innbilla seg at ein står oppå Nidelva medan ein leiter etter skattar i bokhyllene. Bokglade menneske kan nytta timar på å gå rundt og glana, bla, leita etter bøker. Ei perfekt antikvariatoppleving kan vera magisk. Sume gonger finn du boka du hadde gjeve opp å leita etter, sume gonger finn du bøker du ikkje visste du hadde lyst på. Sume gonger kan du sitja lenge og bla, tenkja, bli oppslukt, før du avgjer at du ikkje har lyst på boka. Det er litt som å vera ute og sjekka på byen, berre at det er sosialt akseptabelt å ta med seg mange bøker heim, og forholdet med dei varer akkurat så lenge du vil – ein time, eller heile livet. Dette er den gleda som er mesta gratis: På laurdag svei eg av over 200,- på lyrikkbøker. Men det var verd det, for eg skal vera i lag med dei heile livet. Denne helga (torsdag til og med sundag) set dessutan eit lite ensemble opp Frieriet av Tsjekhov kvar kveld klokka 18 på Rabarbra. Eg trur det er bra.

Kvar laurdag klokka 13.30 er det musikkandakt i Nidarosdomen, det vil seia eit Fadervår og ein orgelkonsert. Enn så lenge er det

Wagnerorgelet i Nidarosdomen

gratis inngang, men rykta seier dei vil byrja å ta inngangspengar. Sist laurdag spelte dei Bach på Wagnerorgelet frå 1738-39 i

domen. Dette er kanskje det beste høvet til å få ei fin stund i den flottaste kyrkja i Noreg, heilt gratis (enn så lenge).

Like ved Trondheims svar på Aker Brygge, det overprisa og sossute (åh, forakt, kvifor er du så vanskeleg å løyna?) kjøpesenteret SolsidEN på Nedre Elvehavn, har Trondheim Kunstmuseum fått eit nytt galleri: Graamølna. Dette er eit kunstmuseum ein bør gå innom fleire gonger. For det fyrste hyser Graamølna kunstgåva frå Håkon Bleken og Inger Sitter til Trondheim kommune. Utstillinga blir fornya jamnleg og kan vera kuratert kring eit tema, ein epoke i kvart av kunstnarskapa, eller særskilte verk. I tillegg stiller dei ut arbeida til masterkullet ved Kunstakademiet. Av arbeida frå kunststudentane likte eg personleg svært godt ein videoinstallasjon med ei dame som drakk jordbærmjølk, elta ein smørdeig, og søla over heile seg. Eg skal ikkje overfortolka verket, på von det kan vera nokon som vil av stad og sjå sjølve, men de må vera raske, vener! Utstillinga står til og med sundag sjette juni. Etter det kjem det heilt sikkert noko anna nytt og spennande. Og dette er den mest gratise av alle gledene: Det er gratis inngang, ein kan nyta kunsten utan å betala ei krone, og museet har ope tysdag til sundag frå elleve til fire. (Dersom du bruka pengar, har dei ein nett kafé du kan slå deg

Graamølna

ned på. Dessutan kan du kjøpa kunst der òg, om du har mykje pengar.)



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.