Innlegg merka 'Fagprat'

Helena

Då eg las gjennom korpuset til Sapfo (meir om samanhengen mellom kropp og skrift seinare), kom eg over eit av dei meir komplette fragmenta, eit eg ikkje hadde lagt merke til før, men som no nesten berre spratt fram frå sida og ville lesast. I dag prøvde eg å setja det om – og sjølv om det ikkje er det aller mest holute diktet etter Sapfo, har eg måtta markera ein del lakunar likevel:

Sume seier ryttarar, andre hærmenn,
andre seier skip er det venast’ av alt
her på myrke jorda, men eg sei’r vakrast
er det ein elskar

Dette kan ein lett gjera klårt for alle:
Ho som allvisst overgjekk manneætta
heilt i venleik, Helena, kona til den
edlaste husbond,

drog i frå’om, segla og fór til Troja;
korkje ungan’ eller foreldra var i
tankan’ hennar. Nei, ho vart snarleg ført bort,
[fanga av kjærleik]

… ]
… ] lettføtt [ …
… ] og minner om Anaktoria no,
som ikkje er her

Heller såg eg ganglaget hennar, og den
ljose gløden andletet strålar opp med
enn ei vogn frå Lydia, eller våpen
brukt av soldatar

… ] det hender ikkje
… ] menneske [ … ] men beda om å dela
[ … ]
[ … ]

Likeins heilt uventa [ … ]

Som Svein Jarvoll seier i kommentarane til den norske Sapfo-omsetjinga si, er dette diktet eit av dei fyrste døma i verdslitteraturen på figuren priamel: «Sume seier … Andre derimot … Men eg meiner …». I dette diktet blir priamelen forsterka av at fragmentet er khiastisk i forma; diktet fokuserer her fyrst på krigsmotiv, så historia om Helena, som blir samanlikna med Anaktoria (ei av veninnene til Sapfo?), før Anaktoria igjen blir samanlikna med dei same krigarmotiva. Korleis diktet heldt fram – eller om det høyrde til i ein samanheng med andre dikt eller strofer – er nær umogleg å seia. Men det er eit døme på at ei fragmentarisk overlevering ikkje treng å øydeleggja den litterære forma.

(Ein dag skal eg blogga om noko anna enn masteroppgåva. Lovar.)

Mellomspel

For 24 dagar sidan sende fridtun meg ei oppgåve, eit slags kjedebrev for bloggarar. Eg hermer oppgåveteksta: «Eg skal nemna tri skaldar som eg likar godt, draga fram éi bok – av kvar – som eg likar serskilt godt, og so gjeva fem andre vevritskrivarar den same uppgåva.» Og eg gjekk og grunna ei tid på dette, men det sa seg vel eigentleg sjølv kva for skaldar og bøker eg laut velja. Det handlar om tri poetar som har hatt nokså mykje å seia for både måten eg skriv på og måten eg vel andre forfattarar på. No skal eg rett og slett greia ut om dei store linene i boksmaken min.

1. Jacques Prévert – Når lyrefuglen kommer

For nokre år sidan gjekk eg fyrste året på vidaregåande og hadde nyss teke til å læra fransk. I og med at eg no har skrive ei rad reisebrev frå utvekslingssemesteret mitt i Frankrike, forstår vel dei fleste at det har vorte eit viktig språk for meg. Det er ikkje minst på grunn av Jacques Prévert. Ein dag i løpet av det nemnde skuleåret, gjekk eg og titta i lyrikkhyllene på skulebiblioteket. Mange av dei beste bokfunna mine er resultat av den typen titting, og slik var det òg denne dagen, då eg fann i den blå boka med fugletittelen, som var ein antologi over norske omsetjingar av dikta til Prévert. Eg veit ikkje om det finst endå større samlingar på norsk, men denne boka er eit godt utval: Her er fuglar og hestar som presenterer underlege skråblikk på folk og samfunnstilhøve, klasserom som kollapsar, menn og kvinner som møtest og går frå kvarandre. Prévert er modernist, men skriv med eit så underleg, naivistisk og barnsleg språk at dikta blir noko meir enn berre framandgjering og ubehaget i kulturen. Eg trur eg skal lata eit av dei finaste dikta hans tala om det, «Fuglefangarens song»:

Fuglen som flyg så stilt og vent
Fuglen som blodet, raud og lun
Fuglen så var fuglen gjer narr
Fuglen som brått blir redd
Fuglen som brått støyter seg
Fuglen som ville ha rømt
Fuglen åleine og redd
Fuglen som ville ha levd
Fuglen som ville ha sunge
Fuglen som ville ha skrike
Fuglen som blodet, raud og lun
Fuglen som flyg så stilt og vent
Det er hjartet ditt, gode barn
Hjartet som slår med venger så trist
Mot brystet ditt så hardt så kvitt

2. Tor Ulven – Samlede dikt

Endå ein skald eg oppdaga då eg gjekk på vidaregåande. Av ein eller annan grunn har eg alltid tykt det har vore meirsom eit skyldskap mellom meg og Ulven. Eg gjekk og lånte alle diktbøkene hans og las gjennom dei dag og natt, før eg kjøpte samleutgåva som pocket på ein klassetur til Oslo. Hugteken som eg var av alt det myrke, det farlege og dystre, ville eg skriva dikt slik som Ulven skreiv dei. Hjå han blir ikkje det dystre redusert til noko svart og kvitt eller noko patetisk, gotisk, emo. Ulven har ein intellektuell – sume ville kanskje seia overintellektuell – distanse til det han skriv om, som gjer alt det groteske – knoklar, kranium, haustlauv og jord – fascinerande og skræmeleg vakkert. Eg skulle gjerne gjeve eit døme på tekstene til denne skalden òg, men i og med at eg er langt frå næraste norske bibliotek, får det greia seg med ei generell lovprising av forfattarskapen.

3. Sapfo

Gode, gamle Sapfo. Nok ei hetaira – medvæpna – som har vore med lenge i den litterære arméen. For dei som av ein eller annan uforståeleg grunn ikkje har studert klassiske fag eller litteraturvitskap: Sapfo var ein gresk poet som levde på øya Lesbos (nygr.: Lesvås) på 500-talet f.Kr. Ho var ein av dei fyrste vi veit om som skreiv kjærleiksdikt, det vil seia tekster knytt til intime og personlege kjensler. Av di desse dikta ofte lovpriste andre kvinner, nyttar vi framleis i dag ordet «lesbisk» om kvinner som liker andre kvinner. (Sjølv om dei av oss som har studert litteraturvitskap veit at ein ikkje utan vidare kan rekna med at eg-personen i ei tekst er identisk med forfattaren.) Eg kan ikkje trekka fram ei særskilt bok av henne, fordi av dei ni rullane med dikta hennar som fanst i det antikke biblioteket i Alexandria, har vi berre att ein bunke med fragment som ikkje tek opp mange sidene. Ei god attdikting til norsk finst i boka Sapfo som Svein Jarvoll gav ut i 2003. Jarvoll får veldig fint fram det leikne og samstundes ålvorlege i songlyrikken til Sapfo. Den gamle, greske skalden frå Lesbos syng om kjærleik og lidenskapar på ein måte som har inspirert seinare poetar heilt fram til våre dagar, og som gjev mykje att for den som set seg ned for å suga meining ut av fragmenta.

Den siste delen av oppgåva er å velja fem andre bloggskribentar som skal løysa same oppgåva. Eg må litt skamfull vedgå at eg ikkje kjenner nokon som ikkje allereie er utfordra, men eg kan jo nytta høvet til å minna fivrelden og geeken om at dei enno ikkje har presentert lista si …

Reisebrev frå Frankrike VII

- eller: Ein kveld i operaen.

Franske julebord er ikkje så ulike norske, bortsett frå at ein pratar fransk i staden for norsk (og dersom ein er på julebord med EIMA, flyg det gjerne litt tyske, tsjekkiske, spanske, engelske og italienske gloser over bordet òg). Denne veka baud på i alle fall tri høve til å eta seg stappmett i godt lag: Til lunsj på tysdag baud det internasjonale kontoret ved universitetet på gratis buffet for alle studentane. Det var ikkje feil, som dei seier, men fordi administrasjonen ved det internasjonale kontoret her ikkje gidd å prata så mykje med dei friviljuge i EIMA, hadde dei greidd å leggja lunsjbuffeten til same dag som Erasmusforeininga hadde planlagt kveldsmat med pubtur etterpå. Likevel, for oss svoltne og eksamensslitne utlendingar var det ikkje noka katastrofe å få gratis mat to gonger på same dag. Så god var stemninga, at underskrivne, med god hjelp frå ein gjeng glupske tyskarar, nesten greidde å setja fyr på papirduken med teljosa EIMA-gjengen hadde tent på for å skapa ei triveleg adventsstemning. Brannstiftinga vart mislukka, og eg kunne heldigvis bortforklåra heile opptrinnet med at det var ein gamal vikingrite (dei som les dette må hugsa på at i utlandet er Noreg stort sett kjend for vikingar, fisk og Ole Einar Bjørndalen).

Så mykje for julebord arrangert av snille franskmenn. I går arrangerte den tysk-norsk-kinesiske gjengen min ein eigen liten avskilsfest for den tyske tridelen, altså dei som reiser heim til jul. Vi starta med varm sjokolade og sjokoladeovertrekte peparkaker – visstnok vanleg i Tyskland – kjøpt på Lidl, gjekk i operaen og avslutta med pizzafest. Mot slutten av kvelden kom det til tri franskmenn òg, som laga omnsbakte eple med sjokolade til dessert. Har de nokon gong tenkt over kor utenkjeleg spesielt det er for folk sør på kontinentet at vi berre har fire timar dagsljos i Noreg på myrkaste vinteren? For folk flest i Frankrike høyrest det mest ut som ein vond draum, og dei har vanskeleg for å sjå føre seg korleis vi greier å overleva med klimaet vårt (denne veka var det to kaldegradar og om lag like mange millimeter snjog ein del plassar her i landet, og det nærma seg nasjonal krisetilstand). Det vart ein diskusjon om kva for land som har best mjølk – Skandinavia eller Frankrike – og eg måtte bruka nokså lang tid for å overtyda den franske delen av selskapet om at vi har både kyr og grønt gras i Noreg. Lat det berre vera sagt eksplisitt at eg etter fire månader i Frankrike no altså er i stand til å overtyda på fransk.

Eg ville avslutta med å skriva om operaen. Vi var nemleg og såg L’homme de la Mancha eit amerikansk musikkspel basert på – du gjetta det, din litteraturnerd – Don Quijote av Cervantes. Nettopp Cervantes er den fyrste karakteren ein møter i spelet, som representerer heile problematikken kring tilhøvet mellom forfattar, forteljar og figur på ein ganske så snerten måte. Don Miguel de Cervantes blir sett i fengsel, og forhøyrt av inkvisisjonen. Han bed om å få forsvara seg ved å setja i scene historia om Alonso Quijana, alias Don Quijote, sjølv om han berre er ein “talentlaus poet”. Cervantes spelar sjølv Le chevalier de la triste figure, i ei play within the play-oppsetning som speglar leiken med forfattarbilete, omsetjingar og parodi som ein finn særleg i andre bandet av romanen. I teateroppsetninga er Don Quijote ikkje fyrst og fremst galen – han er det òg – men ein idealist, ein som nektar å sjå korleis verda er. Han er overintellektuell, overstudert og sit for høgt oppe på hesten sin til å sjå kva som skjer nede på jorda. Ikkje minst er Don Quijote ein livsfjern litteraturvitar som tolkar alt som hender gjennom ein forståingshorisont han har lese seg til, og ikkje opplevd.

Romanen er lang, og i musikkspelet har dei sjølvsagt kutta ut nokså mange av episodane som pikareskromanen er full av. Det interessante er at Dulcinea (som eigentleg heiter Alonza, som eit svar på det eigentlege namnet til Quijote) har fått ei mykje større rolle enn i boka, og at ho og Don Quijote møtest fleire gonger. I starten tykkjer ho det er stas å bli tiltala som prinsesse, men etter kvart blir ho meir og meir frustrert ettersom kvasiriddaren nektar å sjå henne som den ho er. Særleg vakker er scena der Quijote syng om “den uoppnåelege stjerna” han strebar mot, medan han faktisk stig opp mot scenetaket og Dulcinea blir meir og meir fortvila der ho sit langt nedanfor han. Det er godt gjort å bruka karakterane Quijote og Dulcinea til å spela ut konflikten mellom idealisme og realisme, utan å gjera det til ei simpel kjærleikshistorie.

For sjølv om det er amerikanarar som har skrive sceneversjonen av romanen, er det Jacques Brel – som eg elskar – som har stått for tilretteleggjinga på fransk. Brel skal visstnok ha kjent seg så att i hovudpersonen i den engelske versjonen av stykket at han tok personleg kontakt med forfattaren og komponisten for å få setja det om og spela hovudrolla sjølv. Faktisk så er det ein mindre komisk og meir attkjenneleg Quijote som viser seg på scena, jamført med karakteren i boka. Og for ein livsfjern litteraturvitar var det eit fint gjensyn med ei av dei mest spesielle bøkene på grunnfagspensumet.

Dikotomiar

- eller: “Omnis scientia fictio est”.

For tida er Harald Eia andsvarleg for eit program som tek opp vanskelege spørsmål. Programmet er underhaldande, fordi det kommuniserer på ulike plan: Eia er akademikar, sosiolog, og, trur eg, eigentleg ganske smart. Når han fer rundt og talar med forskarar, gjer han seg litt dummare enn han nok eigentleg er, og vil gjerne ha enkle svar på kompliserte spørsmål. Kva er skilnaden på kvinner og menn? Kva er det som gjer at sume er homo (eit spørsmål som sjølvsagt aldri blir stilt, er kvifor sume er hetero; som alltid dreier det seg om å isolera eit avvikande fenomen og forklåra det på bakgrunn av det dominerande)?

Det blir bra TV av dette. Harald Eia er ein morosam kar som veit kva slags verkemiddel han skal bruka for å laga god underhaldning med eit intellektuelt alibi. Det er jo forskarar som blir intervjua! Forskarar – iallfall amerikanske psykologar og biologar – er jo smarte folk som har rett, som kan gje lettfattelege svar, og god dokumentasjon, på vanskelege spørsmål, spørsmål mange nok stiller seg og har oppfatningar om.

Eg kjem til å tenkja på eit ordspråk ein universitetslærar i fransk lærte meg ein gong: “La culture, c’est comme la confiture: moins on en a, plus on l’étale”. Med kultur er det som med syltetøy: jo mindre ein har, dess meir smør ein det utover. Dersom vi gjer oss dumme, og vi finn eit lett svar på eit vanskeleg spørsmål – kan ein sjå på nokon om dei er homo? – syt vi for å stø oss til det svaret. Alt vi kan. Det er no slik; i ei usikker verd klamrar vi oss til det vesle vi kan seia å vita, for å skapa orden i kaoset.

Berre så synd at ei dame som Agnes Bolsø stiller eit vanskeleg spørsmål som svar på eit lett spørsmål i starten av episode fire av Hjernevask. Harald Eia spør om ein kan sjå på nokon om dei er homo. Agnes Bolsø svarar “Kva meiner du med homo, då?”. Kameraet viser det litt tomme uttrykket i andletet til Harald Eia – så er det klypp til neste forskarintervju. Sidan programmet nyttar ein slags dumskapsdiskurs – her lyt alt forenklast – les eg framstillinga av starten på intervjuet med Bolsø som ein måte å gjera narr av sosiologen på: Sjå her! Ho veit ikkje kva homo er eingong! Og ho skal vera kjønnsforskar! Når ein person som kallar seg kjønnsforskar stiller den typen elementære spørsmål, skjøner alle at ho ikkje er noko tess.

Der er ein annan, meir fundamental grunn til at Harald Eia ikkje fylgjer opp spørsmålet frå Bolsø. Det passar ikkje inn i prosjektet hans. Du skjøner, alle termar i fjerde episoden av Hjernevask er strukturert i dikotomiar – todelingane er nærast eit organiserande prinsipp for det rapporterande narrativet Eia legg fram. Mann/kvinne. Homo/hetero. Synleg legning/usynleg legning. Medfødd legning/kulturelt konstruert legning. Dumme, norske samfunnsforskarar/smarte, anglofone naturforskarar og psykologar. Møtet mellom desse opposisjonane, der den eine termen alltid vinn over den andre, og der der sjeldan eller aldri finst noka gråsone, leier Eia fram i ein odyssé der han til slutt når den sikre kunnskapen han så herleg ærleg og naivt leita etter. Harald Eia lèt aldri litteraturvitarane (Lorentzen, Nissen) eller sosiologane (Bolsø) få poengtera at desse dikotomiane langt frå er uttømande, og dimed heller ikkje naudsynleg relevante å bruka i utgangspunktet. Det er det eine; ein annan, meir alvorleg feil er at dei meir biologisk orienterte forskarane aldri blir konfronterte med det paradigmet dei forskar innanfor. Kvifor baserer dei seg på omgrepa “homofil” og “heterofil” når dei vart utvikla under ein psykiatrisk diskurs på 1800-talet? Nyttar dei andre resultat frå 1800-talspsykiatrien like ukritisk? Kva seier i så fall det om forskinga deira? Kva meiner psykologen når han talar om “mannlege” og “kvinnelege” karakteristikkar?

Det kan godt vera at genane har noko å seia for kven kjærleiksdrifta, høvesvis kjønnsdrifta, rettar seg mot. Men då eg var 15 og sa “Eg er homo” til venene mine, tør eg påstå at det ikkje var ei setning som var førehandsprogrammert i kromosoma mine. Eg var snarare kulturelt lærd opp til å setja merkjelappen “homo” på ein del av identiteten min, og med det kan det vera at eg har teke, tek, eller skal ta, del i eit sett med kulturelle normer for korleis eg skal vera. Og/eller det kan vera at korleis eg er gjer at eg, og andre, har vore, og er, nøgd med å setja nett denne språkleg konstruerte merkjelappen på meg. Det er slike ting naturvitarane ser bort frå. Eller kanskje gjer dei det ikkje, kanskje vart det berre litt for avansert for Harald Eia. Han må ha oppført seg tåpeleg under intervjua (han talar så dårleg engelsk at eg lurer på om dei utanlandske forskarane skjønte kva han eigentleg spurte om), så tåpeleg at han ikkje forstår sjølv at forskarane gjer narr av han: Når Nils Axel Nissen, på spørsmål om kvifor han trur han er homo, svarar at han vart homo fordi han liker å vera individualist og skilja seg ut, les eg det som eit ironisk spark til eit programkonsept han har innsett ikkje kjem til å presentera kjønnsforsking på ein rettvis måte. Han er irritert, kei og lei av å måtta svara på enkle spørsmål frå ein person som ikkje er interessert i dei svara han kan koma med, og bestemmer seg for at han like gjerne kan ta aktivt del i den same dumskapsdiskursen han er vorten tvungen inn i. Spørsmålet er om dette er ei like tydeleg lesing for dei andre sjåarane.

Eg lyt klårgjera min eigen forståingshorisont, for ikkje å bli skuldig i same hamartia som Harald Eia. For tida tek eg eit djupdykk i den franske renessansen, der eg konsentrerer meg aller mest om Montaigne. Essaystilen, der ein stadig vekslar mellom ulike standpunkt og prøver ut det eine etter det andre i ulike samanhengar, har vorte eit stilideal for meg i det siste. Essaya representerer ein utprøvande, balanserande og gyngande diskurs der ingenting blir presentert som faste, urelativiserbare sanningar. Det burde gå tydeleg fram korleis dette på mange vis er det stikk motsette av måten Harald Eia lagar TV på, med enkle svar og lettvinte dikotomiar. Montaigne legg òg vekt på at han må kjenna seg sjølv – gnothi seauton, som orakelet i Delfi sa – før han kan seia at han veit noko om verda rundt seg. Såleis verkar det fullstendig relevant på meg når Agnes Bolsø, på spørsmål om ein kan sjå på ungar om dei er homofile, svarar “Ingen såg på meg då eg var liten at eg var homo”. Harald Eia er overraska over at ho ikkje kan visa til forsking på det, men kvifor skulle ho det? Kan ho gje eit meir påliteleg prov enn si eiga røynsle? Kvifor skal ein forska på dette i det heile, dersom ein ikkje i utgangspunktet veit kva ein meiner med homo?

Montaignes metode har fått namnet temperering – ein balanserande metode frå renessansemedisinen – i Kjersti Bales bok Tekstens temperering. Michel de Montaignes essayistiske fremstillingsmåte (Oslo: Pax forlag, 2003). Eg skal ikkje gje att argumentasjonen hennar, men eg er hugteken av ei noko polemisk formulering ho har i etterordet: “Montaignes erfaringsbaserte form for filosofering representerer etter mitt syn en form for rasjonalitet vi i dag har et åpenbart behov for” (s. 268). Ho meiner at den skeptiske undersøkinga av dei ulike sidene ei sak har er ein god framgangsmåte i vanskelege samfunnspørsmål. Deretter kritiserer ho det at spørsmålet om den intellektuelles rolle i Noreg har “en tendens til å arte seg som det jeg vil kalle et rop på store menn, det vil si de som kan og vet, og som kan forklare oss hvordan det hele henger sammen” (loc.cit.). Spørsmålet er om desse store menn – og legg merke til at alle dei utanlandske forskarane Eia intervjuar faktisk er menn -  eigentleg finst. Ingenting tyder på det – men så har eg jo berre mi eiga røynsle å stø meg til, inga biologisk forsking.

Å

leva i pakt med naturen har vore eit ideal for menneskja i lange tider; synbert heilt frå den dag mennesket slutta å leva i pakt med naturen. Vi lengtar attende. I filosofiske skular, teoretiske retningar og livsfilosofiske svermeri har denne lengten vore formulert heilt sidan mennesket fann på å materialisere orda sine i regulære flekkar på papir og pergament. I antikken, og kan hende lenger attover i tid. I eit av dei mest lesne verka innanfor stoisk filosofi, Til Meg Selv (In semet ipsum/Τὰ εἰς ἑαυτόν/Meditations) av den romerske keisaren Marcus Aurelius (121-180), heiter det til dømes “Når vårt innerste jeg er i pakt med naturen, er det slik innstilt til det som hender at det alltid lett tilpasser seg til det som er mulig og gitt” (s.77)*. Det å vera i pakt med naturen blir hjå Marcus Aurelius framstilt som noko som gjev indre harmoni, eit kjernepunkt i den stoiske filosofien slik eg forstår han. Sjølvtryggleik, sinnsro og tilpassing er målet, eit resultat av å kunna leva “i pakt med naturen”. Vidare skriv keisaren ” Folk leter efter steder de kan trekke seg tilbake til, på landet, ved sjøen, til fjells. [...] Dette er i det hele meget ufilosofisk. Et menneske kan aldri finne et sted mere fredet og uforstyrret enn det han har når han trekker seg inn i seg selv. Især gjelder det den mann som finner fullkomment velvære når han dukker ned i seg selv. Med velvære mener jeg harmonisk tilpasning” (loc.cit.). Med eit lett dekonstruerande perspektiv kan vi leggje vekt på det Marcus Aurelius vel å leggje vekt på, og kommentere det som blir sett i skuggen: naturen, og det å leva i pakt med honom, er meir eit middel enn eit mål. Naturen er ei hjelperåd for å tilpasse seg seg sjølv, den personen forfattaren tiltalar hjå Aurelius. Naturen er ein del av filosofien, men berre på eit spesielt vis: keisaren er klår på kva som er ufilosofisk.

Skriftene etter Marcus Aurelius har vore lesne, kommenterte, elska og problematiserte i hundreår. Wikipedia vitrar stolt om at folk som John Stuart Mill og Goethe hadde Til Meg Selv som favorittbok. Ho blir òg referert til i The Plague of Doves av Louise Erdrich **. Erdrich er ein kanadisk/tysk/indiansk forfattar som skriv originale slektskrøniker om nord-amerikanske indianarar og “half-bloods” som freistar å byggje seg eit liv. Vi kunne vore sleske og sagt at det dreier seg om eit folkeslag (indianarar) som opprinneleg har levd i pakt med naturen, men som slit i den korrumperte og haltande verda dei er kasta inn i – men det blir for enkelt. Menneskja hjå Erdrich problematiserer nettopp dette enkle synet på opposisjonen natur-kultur, av di dei ikkje på noko enkelt vis kan setjast inn i den eine eller andre båsen – romantisert urfolk eller akklimatisert urbaniora. Dei er moderne menneskje som leiter etter svar, som vil skapa meining i tilværet. Mellom andre møter vi ungjenta Evelina som drøymer om å reise til Frankrike, som fer til næraste by for å gå på college, som tek seg jobb på eit psykiatrisk sjukehus, men som endar opp med å bli lagt inn sjølv, ulukkeleg forelska i den tidlegare pasienten Nonette. Når foreldra hennar køyrer ho til studenthybelen, har ho med seg alt ho treng, medrekna “the Meditations by Marcus Aurelius” som slektningen, dommar Coutts har gjeve henne (s. 221). Det stoiske verket fungerer såleis som ei overføring av kunnskap frå ein av dei andre med høgare utdanning i familien til ei av dei unge, håpefulle. I lag med den mellomposisjonen desse “halvblods” indianarane har i spennet mellom natur og kultur, eksemplifiserer Til Meg Selv òg det problematiske med ei teoretisk tilnærming til å skulle leva “i pakt med naturen”. Lat meg utdjupe dette ved å analysere ei filmoppleving.

Into the Wild heiter ein svært spennande film som kom ut i 2007, med Emile Hirsch i hovudrolla som Chris McCandless, ein unggut som på fyrsten av 90-talet braut opp frå den småborgarlege familien sin for å dra inn i villmarka – Alaska i denne samanhengen ***. Spoilerar fylgjer, så dei som ikkje har sett filmen er med dette åtvara.

Chris McCandless er ung, kjekk og intelligent. Foreldra er høgt utdanna, suksessrike med felles føretak og ikkje akkurat perlevener. Det er sjølvsagt meininga at Chris skal studere juss og bli like suksessrik, men i staden bryt han opp og legg ut på ei anarkistisk danningsreise som fyrst og fremst er dannande for dei som møter den lynkveike, målmedvitne unge guten. Hippiar, danske turistar, bitre gamle menn – alle lærer dei noko nytt av Chris, som heilt sikkert har lese Marcus Aurelius, men som iallfall refererer eksplisitt til Walden av Thoreau, ein annan bibel for dei som vil nærme seg naturen for å bli kjent med seg sjølve. Vel, Chris kjem seg til Alaska, og slår seg til midt i villmarka med ein forlaten turistbuss som base. Her lærer han seg å leva i pakt med naturen, han blir gradvis særare og særare, til han mot slutten et ei giftig plante og døyr i utmagra einsemd. Men før det går så langt, når han ein slags epifani: at livet og gledene i dei skal levast i lag med andre. Filmen, som er basert på livet til den verkelege Chris McCandless, byggjer ned sitt eige prosjekt ved å vise at fyrst når ein tek idealet om å “leve i pakt med naturen” til det verkelege ytterpunktet, har ein nått den ynskte innsikta. Men då er det for seint.

Er dette eit uløyseleg paradoks? Kanskje er det det så lenge tilnærminga til naturen er basert på å ta fråstand frå honom. Bøker – Walden, Til Meg Selv - oppsummerer sjølve paradokset som er grunnlagt i det det “naturlege livet” skal utvikle; sjølve den menneskelege tanken. Skrifta er, som eg ymta om i innleiinga, symbolet på evna vår til å gjeva uttrykk for abstrakte tankar; gjennom skrifter, tekster og bøker gjer vi svevande filosofiske teoriar konkrete som blekkflekkar på papir og pergament. Skriftkultur blir ofte sett i motsetnad til munnlege kulturtradisjonar hjå såkalla “primitive” folkeslag, men det er vel så relevant å merkje seg at det berre er mennesket som har denne evna – eller rettare: denne trongen – til å fyrst abstrahere ting i den konkrete verda i konsept, idéar og tankar for så å konkretisere dei att i skrift. Dette gjer òg at tekstkultur blir sett på som ein hjørnestein i “sivilisasjonen”. Skriftfestinga markerer såleis ei dobbel fjerning frå pakta med naturen, samstundes som menneskja altså febrilsk nyttar ulike tekster for å nærme seg han. Dette får eit sterkt ironisk utslag i Into the Wild: Chris McCandless døyr fordi han les feil i ei bok om etande og giftige plantar i amerikansk flora. Fyrst når teksta – eller tekstforståinga – har svikta, kan Chris verkeleg bli ein del av naturen ved at han let naturen ta livet hans. Og fyrst då når han ei djup forståing av kva sivilisasjon er. Så kven har vi mest å lære av? Marcus Aurelius, Evelina – eller Chris?

*Marcus Aurelius: Til Meg Selv. Oslo: Dreyers Kulturbibliotek, 1957
** Erdrich, Louise: The Plague of Doves. London: Harper Perennial, 2008
*** Into the Wild, regissert av Sean Penn, Paramount Vantage 2007

Sapfos fragment 130

Den lemløysande Eros rystar meg bittersøt

igjen, det rådlause dyret

Fordi musikk og klangar er så viktig i gamalgresk lyrikk, tek eg med ein transkripsjon av dette ganske stutte fragmentet:

Erôs dêyte m’o lysimelês donei

glykypikron amakhanon orpeton

Kommentar: Nokon lang analyse treng dette diktfragmentet ikkje. Sjølv om det opphavleg må ha vore lengre, gjev diktet på berre to liner ei utruleg konsis og treffande skildring av motsetnadene som fylgjer med kjærleiksfylt attrå. Her er både forspel, orgasme og den “bittersøte” kjensla attpå, så å seia, men i omvendt rekkjefylgje. Fyrst let Eros det melankolske eg-et bli rysta, så til slutt blir kjærleiksguden skildra som “rådlaus” (alternativ omsetjing: uimotståeleg), altså ei drift ein berre må fylgje. Samstundes fylgjer fragmentet, iallfall i den greske versjonen, ei oppbygging lik seksuell opphissing, eller eit samleie, eller ei utlading: ein rask og hektisk ordstraum fyrst, fylgt av tri ord på minst tri stavingar kvar i andre lina. Eg tykkjer dette skaper ein roleg, nesten sedat rytme som fint reflekterer stemninga som ligg i ordet “bittersøt”, eit oksymoront adjektiv som Sapfo fann opp for nett dette diktet. Ho nyttar forresten òg same grepet i fyrste verseline i fragment 1 (“Hymna åt Afrodite”), der dei tri lange orda diktet opnar med skaper ein majestetisk, høgtideleg dåm. Men det kan vi ta seinare.

Skilnader

Vi hiv oss inn i sumarens store buzz-debatt: ordskiftet mellom dei skumle, kulturradikale samfunnsforskarane og dei konservative tenkarane som vil gjeva evolusjonsbiologien større vekt i likestillings- og politiske spørsmål. Som dei fleste sikkert har fått med seg, starta det heile då ei spørjeundersøking for litt sidan avslørte at mannlege NTNU-studentar har meir lyst på sex (dvs. er generelt meir kåte) enn dei kvinnelege studiekameratane sine. Nokre biologar og biologiglade samfunnsforskarar meinte at dette underbyggjer påstanden om at der finst essensielle skilnader mellom kjønna, som mellom anna handlar om at menn og kvinner har ulik appetitt på sex. Meir radikale synsarar som Wenche Mühleisen og Willy Pedersen skal dimed vera diskrediterte i og med at dei påstår miljø har like mykje å seia som arv.

Lat meg klårgjera kvar eg står. Det er klårt det er skilnader på kjønna, og det er klårt at biologien “har noko å seia”.  Berre det faktum at vi talar om to ulike kjønn i utgangspunktet føreset ei sams oppfatning om at vi kan dele menneskeslekta i to kategoriar, fyrst og fremst med utgangspunkt i forplantningsorgana. Dette er eit skilje som er uttrykt gjennom språket: menneska har konstruert idéen og omgrepet “kjønn” for å kunne seia noko vettugt om verda (prøv å forklåre kvar ungar kjem frå utan å nytte kjønn som omgrep), på same måte som vi har konstruert talet “2″ for å kunne seia noko om fenomen det finst to av (til dømes kjønn).  Sjølve premisset for ordskiftet – og for den del, for all anna kjønnskamp – er dimed lagt. Der finst to ulike kjønn som kan skiljast frå kvarandre ved visse fysiske, biologiske kriterium. Spørsmålet er då: kan ein nytte denne inndelinga til å finne andre, hovudsakleg mentale, skilnader mellom kjønna for å utforme til dømes likestillingspolitikk?

Eg meiner nei. Å utelukke at det finst ein del generelle skilnader mellom kjønna, ville vera dumt, all den tid det er vanskeleg å utføre store nok undersøkingar til å prove det eine eller andre standpunktet. Vi talar om å finne ålmenne psykiske og intellektuelle skilnader mellom to grupper på om lag tri milliardar menneskje kvar. Det kan godt hende at kvinner generelt er flinkare til å løyse fleire oppgåver samstundes enn menn er, medan menn på si side lettare briljerer på eitt område. Ein kan strengt tala ikkje utelukke at kvinner er betre golvvaskarar, medan menn gjer det best som styreleiarar – eller, som utgangspunktet var, at menn generelt har større sexlyst enn kvinner.  (I parentes: eg tvilar på denne undersøkinga. Dagbladet har no kvinneleg redaktør, men sannsynlegvis ikkje færre overskrifter og toppsaker med ordet “sex” enn tidlegare.)

Spørsmålet er: sett at det er slik, som ein del evolusjonsbiologar påstår. Kva så? Jau, samfunnet lyt ta omsyn til desse skilnadene når ein utformar lover. Det er ikkje verdt å kvotere inn kvinner i styreleiarstillingar – reint biologisk eignar dei seg betre til omsorgsyrke. Dimed treng ein heller ikkje oppmode gutar spesielt til å velja helse- og sosialfag på vidaregåande – dei er jo slik laga at dei briljerer på kvart sitt område likevel. Her er det, etter mi audmjuke oppfatning, at dei kulturkonservative tek frykteleg feil.

Denne typen argumentasjon føreset nemleg at ein går frå “er” til “bør”: Kvinner og menn “er” på ein spesiell måte ut i frå kjønna føresetnader, difor “bør” samfunnet utformast etter di. No er det slik at dette resonnementet ikkje er logisk konsistent. Ein glup kar ved namn David Hume peikte nemleg for ein del år sidan på at ein empirisk observasjon – “er” – ikkje gjer at ein kan laga ein ålmenn regel “bør” – utan å ha eit premiss mellom. Det problemet ein omgår ved den typen argumentasjon vi har skissert ovanfor, er nettopp kva premisset for utforminga av samfunnet skal vera. Ynskjer ein å underbyggje dei kjønnskilnadene ein kanskje kan observere, eller vil ein heller gjeva menn og kvinner mest mogleg like rettar? Eller vil ein noko heilt anna?

Eit anna problem ved den konservative argumentasjonen er at ein ved å føresetja ei todeling av innbyggjarane i eit samfunn unngår å ta med dei som skil seg frå dei generelle eigenskapane ein føreset. Det finst ikkje rom for dei jentene som vil bli toppleiarar, eller gutane som vil bli sjukepleiarar. Problemet med den kulturkonservative tradisjonen er nettopp at ein tillegg menneskje psykiske eigenskapar ut frå fysiske. Dette er knappast logisk – det rasjonelle ville vore å dele inn samfunnet i til dømes folk som vil bli toppleiarar, og folk som ikkje vil bli det. Berre synd det er mykje lettare å ta utgangspunkt i dei fysiske kategoriane, som er enkle å fastslå ved utvendig observasjon …

Samstundes er det farlege med denne typen tenking at det i prinsippet kan nyttast på andre kategoriseringar òg. Lat oss for argumentets skuld seia at ein generelt kan seia at afrikanarar har lågare intelligens enn kvite europearar (sjølv ville eg bli mindre overraska dersom det motsette var tilfellet, men eg vil nytte ei meir velkjent misoppfatning).  Dette var delvis utgangspunktet for til dømes segregeringa i USA, og kunne sjølvsagt ikkje gjeva rom for afroamerikanarar som var eksepsjonelt intelligente, eller som briljerte på andre område. Skadeverknadene av dette menneskesynet slit USA med enno – slik kvinner i vårt “likestilte” hjørne av verda framleis merker at dei må jobbe hardare og meir overtydande enn menn for å få like mykje påskjøning – anten ho er monetær eller knytt til ære. Eit essensialistisk syn på kjønn – kvinner og menn “er” slik og slik – fastset, så langt eg kan skjøne, ei slik samfunnsordning.

Her kjem eg fram til poenget med dette smule innlegget i kjønnsdebatten. Å ta utgangspunkt i kjønnsskilnader for å utforme ein best mogleg politikk og dimed eit best mogleg samfunn er ikkje meir rasjonelt enn å ta utgangspunkt i til dømes “raseskilnader”. Ein slik argumentasjon føreset nemleg eit kjønnskilje som i seg sjølv ikkje er naturgjeve, men konstruert av menneskje. Det rasjonelle er å ta utgangspunkt i kva samfunnet treng, og finne folk som kan fylle nettopp dei behova. Å fastleggje politikk ut frå ein abstrakt, teoretisk modell som evolusjonsspykologi eller -biologi er ikkje positivistisk eller empirisk. Det er å byrje i feil ende.

Forskuvingar

Vi held fram med å blogge frå kommentarfelta. Silje tipsa meg om Kenneth Koch i ein kommentar om apostrofar. I går fekk eg rota meg til å slå han opp i The Norton Anthology of Poetry (New York: W. W. Norton and Company Inc., 1996, side 1583). Det fyrste som møtte meg, var diktet “Permanently”, som er so framifrå at det lyt kopierast, til enorm glede for nye lesarar, I’m certain:

One day the Nouns were clustered in the street.

An Adjective Walked by, with her dark beauty.

The Nouns were struck, moved, changed.

The next day a Verb drove up, and created the Sentence. //

Each sentence says one thing – for example. “Although it was a dark

rainy day when the Adjective walked by, I shall remember the pure

and sweet expression on her face until the day I perish from the

green, effective earth.”

Or, “Will you please close the window, Andrew?”

Or, for example, “Thank you, the pink pot of flowers on the window sill

has changed color recently to a light yellow, due to the heat from

the boiler factory which exists nearby.” //

In the springtime the Sentences and Nouns lay silently on the grass.

A lonely Conjuction here and there would call, “And! But!”

But the Adjective did not emerge. //

As the Adjective is lost in the sentence,

So I am lost in your eyes, ears, nose and throat -

You have enchanted me with a single kiss

Which can never be undone

Until the destruction of language.

At dette kunne vera eit kjærleiksdikt, tok meg heilt på senga. Det fyrste som slo meg, var at det var oppstykka og usamanhengande – og eg elska det! Etter å ha lese gjennom det fleire gonger, gjekk det opp for meg at strofene er kopla saman med tunne trådar. Soleis konkretiserer diktet historia  om den stakkars konjunksjonen som går heilt åleine og ikkje får det som han vil.

Eg liker at diktet minner om både eit lite drama og eit prosanarrativ – jamfør den formelaktige vendinga “One day”, som diktet byrjar med. Teiknsetjinga er inkonsekvent; punktum etter fyrste “for example”, for eksempel, og “sentence” skrivi med stor og liten førebokstav (alluderer det til dei to tydingane åt ordet – “setning” og “dom”? (Ein “dom” er jo opphavleg knytt til kjenslene, slik “sentence” er avleidd av “censeo” – “dømme, tykkje, meine.”)). Meininga åt diktet blir skapt fortløpande; det skuvar seg og humpar framover. Og endar opp som eit nydeleg kjærleiksdikt retta mot eit “You”, i same strofa som eit “I” opptrer for fyrste gong utanfor direkte tale. Ahh! Dette kan eg lesa høgt for meg sjølv til eg døyr, for det sluttar aldri å overraske.

Vêrfrisk

Det er laurdag og eg høyrer på Mozart.

“Vêrfrisk” er ein neologisme. Det var ikkje eg som fann han på. Det var Kristin som nytta ordet i ein kommentar til posten om vêret som symbol. Og det har fått meg til å tenkje: kvifor fokuserer språket so ofte på det negative? Vi har “humørsjuk”, “vêrsjuk”, “svartsjuk”, og so bortetter. Likeins som Kristin, har eg vel so mykje bruk for tilsvarande plussord. I går var det sol, varmt og klårt. I dag har det vore overskya, svalt og regna litt. Båe dagane har eg vore “vêrfrisk”, fordi vekselspelet i trondheimsklimaet er eit av dei mest sjarmerande trekka med byen. Av di eg er “vêrfrisk”, altso glad på grunn av vêret, er eg “humørfrisk” au. Og eg er “svartfrisk”. Eller kanskje heller “svartfri”? Eg har ingen håp, inga frykt, og eg er fri – “svartfri”, det motsette av “svartsjuk”.

Men i same stund: Når vi har so mange minusord på “-sjuk”, lyt det vera av di vi har bruk for dei. Språket fungerer på mange måtar kontrastivt, og serleg gjeld vel dette adjektiv. Dei negative orda lyt altso vera skapte fordi vi som språkbrukarar treng å leggje vekt på desse huglaga, motsett dei positive. Dersom ein tolkar dette velviljugt, noko ein skal vera varsam med, men som eg skal gjera no, kan det tyde på at dei positive adjektiva står for ein slags “grunntilstand” som vi tek for gjeve. Når eg møter eit medmenneske, kan eg med det same gå ut frå at ho er “humørfrisk”, til ho eventuelt avkreftar det eksplisitt. Dette skulle setja språket i eit blidare ljos, tenkjer eg! Sjølv om det er å dra eksegesen altfor langt, og det neppe er lingvistisk forsvarleg.

Eit sidespor: Eg liker at “vêrfrisk” kan lesast som “ver frisk”. Frå no skal eg avslutte alle brev, e-postar og telegram med “Vêrfrisk!”.

Symbolismen

Bestemor nyttar vêret som bilete på sinnsstemningar, samfunnstilhøve, etc. i ei forteljande framstilling (diegese):

I dag ær det niende april, den dagen tyskera kom. Da je gikk tel realskolen den dagen, var det så klart og varmt vær, huser je. I tida ætterpå var været ganske bustete.

Allegori: ein litterær struktur som er sett saman av eit gjennomført mønster av sinnsbilete eller utvida metaforar. (Wikipedia)

Stormy Weather. Kjelde: flickr

Stormy Weather. Kjelde: flickr

Neste side »



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.