Innlegg merka 'Feminisme'

Jentegut

Eg las artikkelen til Heidi Bøhagen på nettsidene til Fett i dag. Bøhagen skriv om kor provosert ho vert av omgrepet «gutejente», som ein del kvinner gjerne nyttar om seg sjølve – eller som både kvinner og menn nyttar om kvinner – for å opphøga barndomsminna sine. Det er liksom noko imponerande i at ei vaksen kvinne som utstrålar femininitet, har ei løynd fortid som «gutejente». Ja, ho går i kjol og sminkar seg no, men då ho var lita, likte ho best å leika krig eller sparka fotball med gutane i nabolaget, iførd slitesterke olabukser som tola grønske.

Som Bøhagen peiker på, er det tilsynelatande heilt uskuldige omgrepet ein måte å nedvurdera feminine handlingar og røynsler på, til fordel for «guteaktivitetar», som implisitt har ein meir positiv dåm.

Riktig interessant er det ho skriv om laurdagsritualet i familien sin då ho vaks opp. Ho skildrar korleis far hennar gav henne ein barberhøvel utan blad, slik at ho kunne stå framfor spegelen ved sidan av han, med andletet fullt av barberskum, og lata som ho òg barberte seg. Ein veldig fin far-dotteraugneblink som mange ville rubrisera under «gutejente» – og dimed oppvurdera det dei to blad Bøhagen gjorde, fordi det å barbera seg i andletet er ein maskulin aktivitet.

Og det er her ho får meg til å tenkja over noko eg aldri har gjort før. Bøhagen gjer eit tankeeksperiment og skriv:

Forsøk å kjenne litt på ubehaget i et scenario der en sønn, idet han stadig beundrer sin mors sminkelegging på badet, får en innføring i kunsten ved å prøve seg frem på sitt eget ansikt. Dette blir en lørdagstradisjon for de to. Mor og sønn sminker seg sammen før middag. En ekvivalent til min barbering, men med et helt annet potensiale for ambivalens og avsky.

Just det. Me høyrer ikkje noko om denne typen røynsler. Og det er ikkje så rart – medan det er positivt for ei kvinne å ha evna til å gjera maskuline ting, er det sjeldan noko anna enn latterleg for ein mann å gjera «jenteting».

Brått tok eg til å kjenna at mine eigne røynsler var usynleggjorde. For eg var ein av desse «jentegutane»: Då eg hadde byrja i barnehagen, ville eg stella meg på same måten som mamma kvar morgon. Eg hugsar vél korleis fire år gamle meg tok ein hårstrikk og sette opp ein hårtust på toppen av hovudet, som Alfa frå Sesam stasjon. Eg lånte neglelakken hennar mamma, og elska å kle meg ut som dame, både i barnehagen og på SFO. Eg fekk bilar og Turtles-figurar til jul og bursdag (og eg digga å leika med dei), men mellom gåvene eg aldri fekk, var ei dokke av Ariel frå Den lille havfruen som eg ynskte meg så mykje at eg fekk mamma til å klyppa ut biletet av henne frå ein Brio-katalog. Langt seinare sat eg på sengekanten med veslesyster mi som var akkurat gamal nok til å få barbiedokker. Medan ho heldt på med andre leiker – kanskje bilar – sat eg og kjemde håret og prøvde kjolar på ei av dokkene. Eg minnest godt at mamma humra til pappa: «Dei kunne visst godt bytt kjønn, dei to!»

Og eg trur ikkje eg er den einaste som har gjort slikt. Bestevennen min frå barneskulen hadde den største samlinga av My Little Pony-figurar eg har sett heime hjå nokon unge. Ein gong eg var der, og me leikte med dei rosa og lilla hestane med man til å kjemma, sa han «Eg tykkjer ikkje det har noko å seia om det er guteleiker eller jenteleiker, eg».

Sjølvsagt hadde han heilt rett. Det er jo berre skilnad på gute- og jenteaktivitetar i den grad me bestemmer oss for at ting kan delast inn i dei to kategoriane. Det vil seia, som Bøhagen heilt presist understrekar: Det handlar eigentleg om fire ulike kategoriar, dei fire moglege samansetjingane av «gut» og «jente», der éi av dei som sagt er mykje mindre verd enn dei andre. Ein «jentegut» er ein gut som går aktivt inn for å negera den maskuliniteten alle ventar at han skal ha, og er såleis uakseptabel. Kvifor det er slik, veit eg ikkje, men eg håpar nokon vil forska på det.

I mellomtida skal eg ta stilling til om eg vil kjempa for det subversive uttrykket «jentegut», eller om eg vil nekta å ta utgangspunkt i den (altfor tronge) firedelinga i det heile.

E-postutveksling

Frå: Nadine Fanovard, Université de Toulouse II

Kjære ERASMUS-studentar. De er inviterte til auditorium 9, den 15. juni 2010 klokka 10.30 for å signera utvekslingsavtala. Dersom De ikkje kan møta opp, må De få nokon til å koma og signera avtala med fullmakt, eller møta opp på neste samling primo september.

Mvh,

Nadine Fanovard

Frå: Zeugma

Bonjour,

Eg bur i Noreg, og kjem sannsynlegvis ikkje til å koma til Toulouse før oktober. Er det råd å signera avtala på anna vis?

Mvh,

Zeugma

Frå: Nadine Fanovard

Er De student [fr. 'étudiante' = 'studine'] frå Toulouse, det vil seia, skal De på ERASMUS-opphald skuleåret 2010-2011?

Mvh,

Nadine Fanovard

Frå: Nadine Fanovard

MADEMOISELLE,

INNKALLINGA GJELD IKKJE DYKK

VI SEIER OSS LEIE FOR FEILEN

Frå: Zeugma

Takk for opplysninga. Eg har allereie motteke e-posten som kom før helga. Det er ingen problem, sett bort frå at eg er kar og ikkje mademoiselle.

Mvh,

Zeugma

Frå: Nadine Fanovard

MILLE EXCUSES

Dikotomiar

- eller: “Omnis scientia fictio est”.

For tida er Harald Eia andsvarleg for eit program som tek opp vanskelege spørsmål. Programmet er underhaldande, fordi det kommuniserer på ulike plan: Eia er akademikar, sosiolog, og, trur eg, eigentleg ganske smart. Når han fer rundt og talar med forskarar, gjer han seg litt dummare enn han nok eigentleg er, og vil gjerne ha enkle svar på kompliserte spørsmål. Kva er skilnaden på kvinner og menn? Kva er det som gjer at sume er homo (eit spørsmål som sjølvsagt aldri blir stilt, er kvifor sume er hetero; som alltid dreier det seg om å isolera eit avvikande fenomen og forklåra det på bakgrunn av det dominerande)?

Det blir bra TV av dette. Harald Eia er ein morosam kar som veit kva slags verkemiddel han skal bruka for å laga god underhaldning med eit intellektuelt alibi. Det er jo forskarar som blir intervjua! Forskarar – iallfall amerikanske psykologar og biologar – er jo smarte folk som har rett, som kan gje lettfattelege svar, og god dokumentasjon, på vanskelege spørsmål, spørsmål mange nok stiller seg og har oppfatningar om.

Eg kjem til å tenkja på eit ordspråk ein universitetslærar i fransk lærte meg ein gong: “La culture, c’est comme la confiture: moins on en a, plus on l’étale”. Med kultur er det som med syltetøy: jo mindre ein har, dess meir smør ein det utover. Dersom vi gjer oss dumme, og vi finn eit lett svar på eit vanskeleg spørsmål – kan ein sjå på nokon om dei er homo? – syt vi for å stø oss til det svaret. Alt vi kan. Det er no slik; i ei usikker verd klamrar vi oss til det vesle vi kan seia å vita, for å skapa orden i kaoset.

Berre så synd at ei dame som Agnes Bolsø stiller eit vanskeleg spørsmål som svar på eit lett spørsmål i starten av episode fire av Hjernevask. Harald Eia spør om ein kan sjå på nokon om dei er homo. Agnes Bolsø svarar “Kva meiner du med homo, då?”. Kameraet viser det litt tomme uttrykket i andletet til Harald Eia – så er det klypp til neste forskarintervju. Sidan programmet nyttar ein slags dumskapsdiskurs – her lyt alt forenklast – les eg framstillinga av starten på intervjuet med Bolsø som ein måte å gjera narr av sosiologen på: Sjå her! Ho veit ikkje kva homo er eingong! Og ho skal vera kjønnsforskar! Når ein person som kallar seg kjønnsforskar stiller den typen elementære spørsmål, skjøner alle at ho ikkje er noko tess.

Der er ein annan, meir fundamental grunn til at Harald Eia ikkje fylgjer opp spørsmålet frå Bolsø. Det passar ikkje inn i prosjektet hans. Du skjøner, alle termar i fjerde episoden av Hjernevask er strukturert i dikotomiar – todelingane er nærast eit organiserande prinsipp for det rapporterande narrativet Eia legg fram. Mann/kvinne. Homo/hetero. Synleg legning/usynleg legning. Medfødd legning/kulturelt konstruert legning. Dumme, norske samfunnsforskarar/smarte, anglofone naturforskarar og psykologar. Møtet mellom desse opposisjonane, der den eine termen alltid vinn over den andre, og der der sjeldan eller aldri finst noka gråsone, leier Eia fram i ein odyssé der han til slutt når den sikre kunnskapen han så herleg ærleg og naivt leita etter. Harald Eia lèt aldri litteraturvitarane (Lorentzen, Nissen) eller sosiologane (Bolsø) få poengtera at desse dikotomiane langt frå er uttømande, og dimed heller ikkje naudsynleg relevante å bruka i utgangspunktet. Det er det eine; ein annan, meir alvorleg feil er at dei meir biologisk orienterte forskarane aldri blir konfronterte med det paradigmet dei forskar innanfor. Kvifor baserer dei seg på omgrepa “homofil” og “heterofil” når dei vart utvikla under ein psykiatrisk diskurs på 1800-talet? Nyttar dei andre resultat frå 1800-talspsykiatrien like ukritisk? Kva seier i så fall det om forskinga deira? Kva meiner psykologen når han talar om “mannlege” og “kvinnelege” karakteristikkar?

Det kan godt vera at genane har noko å seia for kven kjærleiksdrifta, høvesvis kjønnsdrifta, rettar seg mot. Men då eg var 15 og sa “Eg er homo” til venene mine, tør eg påstå at det ikkje var ei setning som var førehandsprogrammert i kromosoma mine. Eg var snarare kulturelt lærd opp til å setja merkjelappen “homo” på ein del av identiteten min, og med det kan det vera at eg har teke, tek, eller skal ta, del i eit sett med kulturelle normer for korleis eg skal vera. Og/eller det kan vera at korleis eg er gjer at eg, og andre, har vore, og er, nøgd med å setja nett denne språkleg konstruerte merkjelappen på meg. Det er slike ting naturvitarane ser bort frå. Eller kanskje gjer dei det ikkje, kanskje vart det berre litt for avansert for Harald Eia. Han må ha oppført seg tåpeleg under intervjua (han talar så dårleg engelsk at eg lurer på om dei utanlandske forskarane skjønte kva han eigentleg spurte om), så tåpeleg at han ikkje forstår sjølv at forskarane gjer narr av han: Når Nils Axel Nissen, på spørsmål om kvifor han trur han er homo, svarar at han vart homo fordi han liker å vera individualist og skilja seg ut, les eg det som eit ironisk spark til eit programkonsept han har innsett ikkje kjem til å presentera kjønnsforsking på ein rettvis måte. Han er irritert, kei og lei av å måtta svara på enkle spørsmål frå ein person som ikkje er interessert i dei svara han kan koma med, og bestemmer seg for at han like gjerne kan ta aktivt del i den same dumskapsdiskursen han er vorten tvungen inn i. Spørsmålet er om dette er ei like tydeleg lesing for dei andre sjåarane.

Eg lyt klårgjera min eigen forståingshorisont, for ikkje å bli skuldig i same hamartia som Harald Eia. For tida tek eg eit djupdykk i den franske renessansen, der eg konsentrerer meg aller mest om Montaigne. Essaystilen, der ein stadig vekslar mellom ulike standpunkt og prøver ut det eine etter det andre i ulike samanhengar, har vorte eit stilideal for meg i det siste. Essaya representerer ein utprøvande, balanserande og gyngande diskurs der ingenting blir presentert som faste, urelativiserbare sanningar. Det burde gå tydeleg fram korleis dette på mange vis er det stikk motsette av måten Harald Eia lagar TV på, med enkle svar og lettvinte dikotomiar. Montaigne legg òg vekt på at han må kjenna seg sjølv – gnothi seauton, som orakelet i Delfi sa – før han kan seia at han veit noko om verda rundt seg. Såleis verkar det fullstendig relevant på meg når Agnes Bolsø, på spørsmål om ein kan sjå på ungar om dei er homofile, svarar “Ingen såg på meg då eg var liten at eg var homo”. Harald Eia er overraska over at ho ikkje kan visa til forsking på det, men kvifor skulle ho det? Kan ho gje eit meir påliteleg prov enn si eiga røynsle? Kvifor skal ein forska på dette i det heile, dersom ein ikkje i utgangspunktet veit kva ein meiner med homo?

Montaignes metode har fått namnet temperering – ein balanserande metode frå renessansemedisinen – i Kjersti Bales bok Tekstens temperering. Michel de Montaignes essayistiske fremstillingsmåte (Oslo: Pax forlag, 2003). Eg skal ikkje gje att argumentasjonen hennar, men eg er hugteken av ei noko polemisk formulering ho har i etterordet: “Montaignes erfaringsbaserte form for filosofering representerer etter mitt syn en form for rasjonalitet vi i dag har et åpenbart behov for” (s. 268). Ho meiner at den skeptiske undersøkinga av dei ulike sidene ei sak har er ein god framgangsmåte i vanskelege samfunnspørsmål. Deretter kritiserer ho det at spørsmålet om den intellektuelles rolle i Noreg har “en tendens til å arte seg som det jeg vil kalle et rop på store menn, det vil si de som kan og vet, og som kan forklare oss hvordan det hele henger sammen” (loc.cit.). Spørsmålet er om desse store menn – og legg merke til at alle dei utanlandske forskarane Eia intervjuar faktisk er menn -  eigentleg finst. Ingenting tyder på det – men så har eg jo berre mi eiga røynsle å stø meg til, inga biologisk forsking.

Engelen

På skulen. Bloggaren er litt opprådd for kva han skal gjera, ulysten på å gå og lesa, ulysten på å gjera noko som helst anna. Han set seg ved eit blomsterbed (ja, på universitetet har dei blomsterbed innandørs) og stirer ut i lufta. Brått kjem ei jente med ei stor intervjublokk. Ho skal ta mastergraden i kultur- og kjønnsstudium og vil stille meg nokre spørsmål om barn og familiar som del av ei øvingsoppgåve.

Den småsturne blir interessert, slik han blir kvar gong eit nytt menneske ovrar seg framfor han. Han spør ho kva ho vil bruke masteren til – jobbe med menneskje, administrasjon -, kor langt ho er komen – fyrste semesteret -, og slike ting. Ho stiller tilsvarande spørsmål; forskaren og objektet er einige om ein del emne som har med likestilling og politikk å gjera.

Men kjønnsstudenten har dårleg tid og må av stad og finne andre å intervjue. “Lukke til med masteren,” seier bloggaren. Ho svarar “Takk i like måte – håpar dei neste eg pratar med er like hyggjelege som deg.”

Takk.

Kvende

Nokre kvinner eg har stor age for:

project1

Bessie Smith, Isabel Allende, Ella Fitzgerald, Rosemarie Köhn, Sapfo, Sylvia Plath, Ellen Johnson Sirleaf, Aung San Suu Kyi, Billie Holiday, Amy Goodman, Sigrid Undset, Tina Turner, Lena Horne, Louise Erdrich, Anne Grete Preus, Simone de Beauvoir, Mary Wollstonecraft, Kim Friele, Syphilia Morgenstierne, Emily Dickinson, Edith Piaf, Kate Bush, Mamma, Virginia Woolf, Rosa Parks, Hilde Henriksen Waage, Dorothy Dandridge

Dei er sterke, dei er banebrjotande, dei er unike, dei er talentfulle, dei er intelligente, dei er røynde, dei er umistelege. Og, ja, dei er vakre. Men dei fortener å bli respektert for alt mogleg anna.

Gratulerer med kvinnedagen!



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.