- eller: Ein kveld i operaen.
Franske julebord er ikkje så ulike norske, bortsett frå at ein pratar fransk i staden for norsk (og dersom ein er på julebord med EIMA, flyg det gjerne litt tyske, tsjekkiske, spanske, engelske og italienske gloser over bordet òg). Denne veka baud på i alle fall tri høve til å eta seg stappmett i godt lag: Til lunsj på tysdag baud det internasjonale kontoret ved universitetet på gratis buffet for alle studentane. Det var ikkje feil, som dei seier, men fordi administrasjonen ved det internasjonale kontoret her ikkje gidd å prata så mykje med dei friviljuge i EIMA, hadde dei greidd å leggja lunsjbuffeten til same dag som Erasmusforeininga hadde planlagt kveldsmat med pubtur etterpå. Likevel, for oss svoltne og eksamensslitne utlendingar var det ikkje noka katastrofe å få gratis mat to gonger på same dag. Så god var stemninga, at underskrivne, med god hjelp frå ein gjeng glupske tyskarar, nesten greidde å setja fyr på papirduken med teljosa EIMA-gjengen hadde tent på for å skapa ei triveleg adventsstemning. Brannstiftinga vart mislukka, og eg kunne heldigvis bortforklåra heile opptrinnet med at det var ein gamal vikingrite (dei som les dette må hugsa på at i utlandet er Noreg stort sett kjend for vikingar, fisk og Ole Einar Bjørndalen).
Så mykje for julebord arrangert av snille franskmenn. I går arrangerte den tysk-norsk-kinesiske gjengen min ein eigen liten avskilsfest for den tyske tridelen, altså dei som reiser heim til jul. Vi starta med varm sjokolade og sjokoladeovertrekte peparkaker – visstnok vanleg i Tyskland – kjøpt på Lidl, gjekk i operaen og avslutta med pizzafest. Mot slutten av kvelden kom det til tri franskmenn òg, som laga omnsbakte eple med sjokolade til dessert. Har de nokon gong tenkt over kor utenkjeleg spesielt det er for folk sør på kontinentet at vi berre har fire timar dagsljos i Noreg på myrkaste vinteren? For folk flest i Frankrike høyrest det mest ut som ein vond draum, og dei har vanskeleg for å sjå føre seg korleis vi greier å overleva med klimaet vårt (denne veka var det to kaldegradar og om lag like mange millimeter snjog ein del plassar her i landet, og det nærma seg nasjonal krisetilstand). Det vart ein diskusjon om kva for land som har best mjølk – Skandinavia eller Frankrike – og eg måtte bruka nokså lang tid for å overtyda den franske delen av selskapet om at vi har både kyr og grønt gras i Noreg. Lat det berre vera sagt eksplisitt at eg etter fire månader i Frankrike no altså er i stand til å overtyda på fransk.
Eg ville avslutta med å skriva om operaen. Vi var nemleg og såg L’homme de la Mancha eit amerikansk musikkspel basert på – du gjetta det, din litteraturnerd – Don Quijote av Cervantes. Nettopp Cervantes er den fyrste karakteren ein møter i spelet, som representerer heile problematikken kring tilhøvet mellom forfattar, forteljar og figur på ein ganske så snerten måte. Don Miguel de Cervantes blir sett i fengsel, og forhøyrt av inkvisisjonen. Han bed om å få forsvara seg ved å setja i scene historia om Alonso Quijana, alias Don Quijote, sjølv om han berre er ein “talentlaus poet”. Cervantes spelar sjølv Le chevalier de la triste figure, i ei play within the play-oppsetning som speglar leiken med forfattarbilete, omsetjingar og parodi som ein finn særleg i andre bandet av romanen. I teateroppsetninga er Don Quijote ikkje fyrst og fremst galen – han er det òg – men ein idealist, ein som nektar å sjå korleis verda er. Han er overintellektuell, overstudert og sit for høgt oppe på hesten sin til å sjå kva som skjer nede på jorda. Ikkje minst er Don Quijote ein livsfjern litteraturvitar som tolkar alt som hender gjennom ein forståingshorisont han har lese seg til, og ikkje opplevd.
Romanen er lang, og i musikkspelet har dei sjølvsagt kutta ut nokså mange av episodane som pikareskromanen er full av. Det interessante er at Dulcinea (som eigentleg heiter Alonza, som eit svar på det eigentlege namnet til Quijote) har fått ei mykje større rolle enn i boka, og at ho og Don Quijote møtest fleire gonger. I starten tykkjer ho det er stas å bli tiltala som prinsesse, men etter kvart blir ho meir og meir frustrert ettersom kvasiriddaren nektar å sjå henne som den ho er. Særleg vakker er scena der Quijote syng om “den uoppnåelege stjerna” han strebar mot, medan han faktisk stig opp mot scenetaket og Dulcinea blir meir og meir fortvila der ho sit langt nedanfor han. Det er godt gjort å bruka karakterane Quijote og Dulcinea til å spela ut konflikten mellom idealisme og realisme, utan å gjera det til ei simpel kjærleikshistorie.
For sjølv om det er amerikanarar som har skrive sceneversjonen av romanen, er det Jacques Brel – som eg elskar – som har stått for tilretteleggjinga på fransk. Brel skal visstnok ha kjent seg så att i hovudpersonen i den engelske versjonen av stykket at han tok personleg kontakt med forfattaren og komponisten for å få setja det om og spela hovudrolla sjølv. Faktisk så er det ein mindre komisk og meir attkjenneleg Quijote som viser seg på scena, jamført med karakteren i boka. Og for ein livsfjern litteraturvitar var det eit fint gjensyn med ei av dei mest spesielle bøkene på grunnfagspensumet.








