Eg set meg på Lavprisekspressen frå Trondheim og fer sudover. Bartrea roper og slår sveitten or andletet mitt. Alle plassar er det råd å lesa. Til dømes på toget til Oslo, som stoggar ved Hunderfossen; eg les om Verlaine i Gå av Tomas Espedal, Verlaine vart framstilt på film av Leonardo DiCaprio, det var den fyrste filmen eg hadde sett med to menn som kyssa, då var eg fjorten. Saman med stasjonen nedanfor familieparken fyller boka meg med ei vanvittig nostalgisk kjensle som får meg til å levitera. Inne på eit raudt NSB-tog må mora som skal på Interrail med tri ungar bruka den strenge røysta for at avkomet ikkje skal stira på mannen som svevar over setet. I Oslo ligg N i vogga og gurglar; seinare sender ho meg eit takkekort for kleda og boka ho får. Eg reiser åleine i operaen, men kjenner nokon i koret. Det går eit tog til Bø, eg les En Australiareise av Svein Jarvoll. I Telemark kan ein lesa og eta godter heile kvelden og sola seg og ri på hest om dagen. Ein dag rir eg jarnhesten over grensa til Stockholm, der har dei ei sjokoladefontene, eg les De Måske Egnede av Peter Høeg utanfor Nordiska Museet. Kva gjer ein på ein dag i Stockholm, spør tollaren meg, men eg rir forbi henne og kjem åt Oslo S.
Eg tek toget åt Trondheim; på Rørosbana har dei ikkje kafévogn, men eg kan sova og dei har kaffiautomat. S er attende frå statane; vi går på marknad, dreg i bryllaup og flytter tinga våre saman, men ikkje oss sjølve. Eg reiser til Århus og les Sense and Sensibility av Jane Austen og tenkjer at eg har bruk for båe delar, men gjerne skulle hatt meir av det fyrste. Eg talar meir svensk enn dansk, men vi syng på førelesingar og i bussen og heile tida, og danskane tek på kvarandre og dei tek på meg når eg gjer noko bra. Det er strand, det er museum, det er fantastiske nerdar; vi sym i øllebrød og usikre tonar, men gløymer bandasje når vi har ramla over språkhinder.
Eg tek nattbuss København – Oslo. Bussjåføren øver til opptaksprøva på operaskulen, eg er på Oslo S og tek tog heim, eg les The Brooklyn Follies av Paul Auster, sjølv om eg aldri har vore i nærleiken av Brooklyn. Heime skal foreldra mine berre vera eit par dagar i lag med meg, for dei må hjelpa bror min å flytta, han har kjøpt hus. Eg syklar til Rondvassbu og fer på gardskonsert før eg tek toget til Trondheim.
S og eg et taco og rekk å gå på showet til Jonas Gardell. S jobbar nattevakt, eg les Elskede Sputnik av Haruki Murakami og fer ut og drikk milkshake med likesinna om dagen. Om kvelden pratar svigermor og eg om teater og livet elles. Ho er nesten like fin som sonen; han og eg kjøper knivar og skrattar og gjer så mykje artig at eg ikkje merker at det er tungt når eg syklar opp Steinberget og heim.
Vi pakkar sekkane og tek tog til Oslo og buss til Setesdalen. Eg les The Fifth Child av Doris Lessing og vi kjem til Bykle seint på kvelden og set opp telt i regnet. Morgonen etter oppdagar vi eit sauekadaver, men går vidare. Det er nesten ingen andre enn oss, nokre sauer og alle lemen i heile verda på fjellet; vi roper og får svar. Vi går oss blaute og solbrende og det er herleg og vi badar i fjellvatn kvar kveld, heile kroppen vaknar opp heilt inn til naglerøtene. Når vi kjem ned på vegen over Valle, køyrer mannen eg tinga i tankane mine forbi oss og gjev oss skyss nesten til bygda. Det er den finaste kvelden av alle når vi sit utanfor Valle motell med kvar sin kaffikopp og ser på campinggjestene i myrkret.
Vi tek buss og tog til Trondheim. Eg les Ut Og Stjæle Hester av Per Petterson og boka er akkurat like bra som meldarane har sagt. S byrjar på skulen; eg sosar rundt og seier ha det bra til dei eg kjenner som kan fransk. Det blir myrkare ute og vi set oss på toget sudover. Brått sit eg åleine ved eit bord heime og bloggar. Eg har vore på same plassen i fleire dagar. Eg må snart vidare.




