Innlegg merka 'Helg'

Gleder

som er (mesta) gratis finst der mange av i Trondheim. På laurdag prøvde eg ut tri av dei.

Det er nokre månader sidan det eminente Bybroen Antikvariat vart sambuar med puben Rabarbra på Bakklandet. No har dei eit ljost, rustikt bakrom der ein kan innbilla seg at ein står oppå Nidelva medan ein leiter etter skattar i bokhyllene. Bokglade menneske kan nytta timar på å gå rundt og glana, bla, leita etter bøker. Ei perfekt antikvariatoppleving kan vera magisk. Sume gonger finn du boka du hadde gjeve opp å leita etter, sume gonger finn du bøker du ikkje visste du hadde lyst på. Sume gonger kan du sitja lenge og bla, tenkja, bli oppslukt, før du avgjer at du ikkje har lyst på boka. Det er litt som å vera ute og sjekka på byen, berre at det er sosialt akseptabelt å ta med seg mange bøker heim, og forholdet med dei varer akkurat så lenge du vil – ein time, eller heile livet. Dette er den gleda som er mesta gratis: På laurdag svei eg av over 200,- på lyrikkbøker. Men det var verd det, for eg skal vera i lag med dei heile livet. Denne helga (torsdag til og med sundag) set dessutan eit lite ensemble opp Frieriet av Tsjekhov kvar kveld klokka 18 på Rabarbra. Eg trur det er bra.

Kvar laurdag klokka 13.30 er det musikkandakt i Nidarosdomen, det vil seia eit Fadervår og ein orgelkonsert. Enn så lenge er det

Wagnerorgelet i Nidarosdomen

gratis inngang, men rykta seier dei vil byrja å ta inngangspengar. Sist laurdag spelte dei Bach på Wagnerorgelet frå 1738-39 i

domen. Dette er kanskje det beste høvet til å få ei fin stund i den flottaste kyrkja i Noreg, heilt gratis (enn så lenge).

Like ved Trondheims svar på Aker Brygge, det overprisa og sossute (åh, forakt, kvifor er du så vanskeleg å løyna?) kjøpesenteret SolsidEN på Nedre Elvehavn, har Trondheim Kunstmuseum fått eit nytt galleri: Graamølna. Dette er eit kunstmuseum ein bør gå innom fleire gonger. For det fyrste hyser Graamølna kunstgåva frå Håkon Bleken og Inger Sitter til Trondheim kommune. Utstillinga blir fornya jamnleg og kan vera kuratert kring eit tema, ein epoke i kvart av kunstnarskapa, eller særskilte verk. I tillegg stiller dei ut arbeida til masterkullet ved Kunstakademiet. Av arbeida frå kunststudentane likte eg personleg svært godt ein videoinstallasjon med ei dame som drakk jordbærmjølk, elta ein smørdeig, og søla over heile seg. Eg skal ikkje overfortolka verket, på von det kan vera nokon som vil av stad og sjå sjølve, men de må vera raske, vener! Utstillinga står til og med sundag sjette juni. Etter det kjem det heilt sikkert noko anna nytt og spennande. Og dette er den mest gratise av alle gledene: Det er gratis inngang, ein kan nyta kunsten utan å betala ei krone, og museet har ope tysdag til sundag frå elleve til fire. (Dersom du bruka pengar, har dei ein nett kafé du kan slå deg

Graamølna

ned på. Dessutan kan du kjøpa kunst der òg, om du har mykje pengar.)

NRK på ein fredag

Nicole Kidman er Virginia Woolf.

Ein god allmennkringkastar åtvarar mot homosex.

Som

oftast må ein berre omfamne røynda slik ho ovrar seg. Rennande appelsinar og gulsmak av fingrane. Høyre på “Ei krasafaren steinbu” medan ein syklar frå skulen i regnet. Tri juice-glas på skrivebordet. To billettar. Eitt rom. Langt tog.

Har du nokon gong tenkt over at jorda er rund og blå som ein banan?

Førsumar

Som alle bloggande studentar kan eg skulde på eksamen for at eg ikkje har blogga noko på lenge. Dessutan har eg fått meg sumarjobb der eg går rundt i eit renessanseslott og knuser mytar for turistar frå heile verda (vel, iallfall frå heile Noreg).

Jobben inneber båtpendling og lange sykkelturar. Etter kvart skal den fantastiske jobben, i lag med den daglege pendlarturen, dokumenterast med bilete og lengre utgreiingar. Førebels er det berre to små glimt eg skal smyge inn i det laupande narrativet som er livet mitt:

- Laurdag kveld rusla eg rundt på Opphaug og stogga i eit skogholt ved Austråttlunden. Då såg eg eit rådyr som spratt bortover ei lysning, i solnedgangen. Havet strauk meg over kjaken.

- Mix-kiosken på båtkaia ved Brekstad sel diger softis, med meir strø enn eg har fått nokon plass før. Isen var vel verd 29 kroner, tru det eller ei.

Sundag

Eg sit på troppa innved ytterdøra åt den fråflytte naboen og et havregraut.

Når eg reiser meg, sit små sveittedropar att på det grøne panelet.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.