Innlegg merka 'Kristianisme'

Lei

meg blir eg sjeldan. Det er mykje vondt i verda, men det nyttar ikkje å ruge på det, tenkje på det. Alt som er vondt og feil er ting som kan forbetrast, som eg er sett på jorda for å gjera betre. Der finst ungar som ikkje får vera ungar fordi foreldra har meir enn nok bry med å passe på seg sjølve. Eg kan hjelpe dei. Eg kan ta på meg å tala for dei. Der finst menneskje med feil religion, hudfarge eller kjønn som ikkje automatisk får den same respekten som eg – ein kristen, kvit mann – får. Det treng ikkje eg å finne meg i, heller. Eg kan protestere, eg kan hjelpe. Kvar dag blir eg sett på prøve, kvar dag takkar eg for prøvene eg blir sett på slik at eg, som aldri har hatt det skikkeleg vondt nokon gong, får lære meg å setja pris på det og å ta på meg ein liten del av ei bør som andre har fått for mykje av.

Dette er kristendom for meg. Å innsjå at Gud finst i kvart levande vesen, og at Han kallar på meg i heile den verkande verda. For den som har ein jobb å gjera, nyttar det ikkje å vera lei seg. Det gjeld å ta opp dei reiskapane du har fått, og arbeide jamnt, trufast og viss på at alt blir betre for kvar gong du kjenner Gud smile i hjartet.

Men nokre gonger blir eg lei meg likevel. I Noreg i dag lever det vaksne, ressurssterke, høgt utdanna menn som kallar seg kristne og som er utstyrte med alt dei treng for å skuve verda åt rette kanten – mot respekt, kjærleik, kjærleik, tryggleik og kjærleik. Desse mennene har berre så mykje dei skal ordne med fyrst. Dei skal boikotte homoliberale biskopar, dei skal protestere mot at menn nussar på barne-TV, dei skal forsvara ei ovsterk militærmakt mot slemme arabarar – mellom mykje anna.

Desse blir eg assosiert med. Det er desse folk tenkjer på når dei høyrer ordet “kristen”. Dette er kjernesaker for mange av dei som er, blir, har vorte kristne. Difor greier eg ikkje å glede meg når eg høyrer om menneskje som skal høyre til same religion som eg. Dei gjer meg redd for å trø feil. Difor er det vanskeleg å skulle vera open om kva ein står for. Fordi “kristen” er eit ladd omgrep. Det har konnotasjonar langt forbi tru, håp og kjærleik. Det er eit omgrep som blir knytt til så mykje anna, så mykje som eg aldri vil kunne stå for, og som eg grøssar av å bli assosiert med. Difor kan eg ikkje kalla meg “kristen” i kvardagen. Det er eit ord som gjer folk redde og skeptiske, som skaper fråstand. Grunnlaget for måten eg lever på er noko eg ikkje kan vedkjenne meg utan å koma med ei mengd presiseringar og orsakingar.

Dette hender det eg blir lei meg av når eg tenkjer på det. Men det er berre endå ei prøve, endå eit arbeid som ligg i hendene mine. Og eg veit at dei som kjenner meg veit kvar dei har meg. Det er berre overfor andre at ordet “kristen” tvinger fram orsakingar, presiseringar, utgreiingar om kva ordet kan innebera. Overfor andre, og sume gonger overfor meg sjølv.

Stikkord

Spir. Tårnspiret på Austråttborgen vart laga i 1781. På det flate Ørlandet var tårnet på adelsslottet åt fru Inger Ottesdatter og seinare Ove Bjelke eit av dei høgaste punkta. Lenge etter den såkalla borga kom ut av adeleg eige, var det private spekulantar som fann ut at lynavleiaren på Austrått var gjort i kopar. Kopar kan ein selja og tene pengar på, så lynavleiaren vart selt, noko som berre kunne føre til éin ting. Etter lynnedslaget og brannen i 1916 tok staten over og gjenoppbygde Austrått til museum. Hadde ikkje dei gjort det, hadde ikkje underskrivne kunne søkt om, og fått, jobb som omvisar der i sumar. Verdas beste sumarjobb i Sør-Trøndelags flottaste renessanseslott hadde aldri kome til. Takk og lov for griske kapitalistar.

Sumarjobben med den vakre arbeidsvegen. På sykkelruta frå Brekstad bur Roald Dahl.

Sumarjobben med den vakre arbeidsvegen. På sykkelruta frå Brekstad bur Roald Dahl.

Stiletthælar var det mange av på damene som svinga seg på dansefestivalen i (eller på) Sel i juli. Å danse swing er råte løyle’. Å møte kjensfolk ein ikkje har sett på mange år er råte løyle’. Å vera edru på eit fyllekalas av ein bygdafestival er … ja, du skjønar kvar eg vil.

Nut. Spiss avsats på eit fjell. Der eg kjem frå er det mykje fjell. Ein heit junidag rusla bloggaren og Line rett opp frå bustadfeltet på Sel til Steinkyrkja (uttale, med direktiv dativ: ‘Steinkjørkjun’). På denne avsatsen er det fin utsikt nedover bygda og dalen.

Grein. Skyggelue. Tolstadåsen.

Grein. Skyggelue. Tolstadåsen.

Guds dom. Huffa meg. Kanskje noko vi kjem til å møte på, alle som ein. No får eg endå eit påskot til å prate om slottet mitt (som eg yndar å kalla det). Ove Bjelke, slottsherren på 1600-talet, var Norges Rigis Chanceller og dimed den øvste dommaren i Noreg på si tid. Difor sette han opp fire bibelske dommarar (f.v. Elias, Moses, Gideon, Josva) i nedre borggård på Austrått med fem kloke og fem “uforstandige” brurmøyar (jfr. Matt 25, 1 – 13). Der hadde han både dommarane og dei dømde samla på eitt brett, med klår bibelsk tilvising til yrket sitt. Bilete illustrerer det heile betre:

På troppa ved hovudbygget (i loggiaen) stod slottsherren og skoda ned ...

På troppa ved hovudbygget (i loggiaen) stod slottsherren og skoda ned ...

... på dei dømande og dei dømde. Dei kloke brurmøyane står ved Chancellerens høgre hand. Dei som ikkje skjønar kvifor, lyt lesa Bibelen opp att.

... på dei dømande og dei dømde. Dei kloke brurmøyane står ved Chancellerens høgre hand. Dei som ikkje skjønar kvifor, lyt lesa Bibelen opp att.

Tekst på ein onsdag

P2 sender oppatt eit gamalt portrettprogram med Wolfgang Plagge. Det vart opprinneleg sendt før jul i fjor, og dei pratar mykje om julemusikk. Litt sært å høyre på for ein som nett har gått inn for å avkjøle seg frå junivarmen, men musikken er fantastisk. I stad spela dei “Julekveld i skogen”. Og sidan “Deilig er jorden”, som Plagge poengterer ikkje eigentleg er ein julesong, men ein salme vi helst syng i jula. Elles er han mykje brukt som gravferdssalme. Han uttrykkjer håp og ævekjensle.

Kanskje er det fordi eg nett har vore borte på kyrkjekonferanse ei langhelg, og attpåtil tala med, og høyrt på, ein dansk biskop, men eg sit og tenkjer på kor vakker “Deilig er jorden” er på originalspråket, dansk. Helst sungen av eit stort blandakor. Kan nokon finne ein slik versjon åt meg?

Deilig er Jorden!
Prægtig er Guds Himmel!
Skjøn er Sjælens Pilgrimsgang!
Gjennem de favre
Riger paa Jorden
Gaae vi til Paradis med Sang!

Tider skal komme,
Tider skal henrulle,
Slægt skal følge Slægters Gang —
Aldrig forstummer
Tonen fra Himlen,
Sjælenes glade Pilgrimssang!

Englene sang den
Først for Markens Hyrder;
Skjønt fra Sjæl til Sjæl det lød:
Fred over Jorden!
Menneske! fryd Dig!
Os er en evig Frelser fød!

– Sjekk æ-ane i “Slægt” og “Sjæl”! Og den herlege fleirtalsforma i “Gaae”. Det er fantastisk.

Insekt

På Facebook finst der ei gruppe som heiter Stolte Mørkemenn og kvinner (sic). Gruppa har 31 medlemer, som alle er stolte av å kunne kalla seg mørkemenn. Eller kvinner. Ei feministgruppe, skulle ein tru. Det som kanskje er mest påfallande med gruppa, er kor mykje som handlar om sex. Eg har stødt hatt ein flau fordom om at heteroar er unormalt mykje opptekne av sex, og her fekk eg han stadfesta for dei konservative kristne sin del. I skildringa står det nemleg at gruppa er for dei som

- gleder seg mer til lønn i himmelen enn helgefyll og helgesex

Greitt nok. I tillegg er ho for dei som

- gifter seg tidlig for å ha sex.

Den var jo ganske avslørande. Men jaggu er ikkje gruppa òg for dei som

- mener sex er en fantastisk ting som man kan nyte hele dagen, så lenge to blomster ikke klapper på hverandre eller at to bier ikke stikker på hverandre.

For ein aldeles nusseleg versjon over temaet “I/God hates homos”! Ein skjønar at det må vera nokre skikkelege grønsaker som har kome opp med ein so søt metafor for homosex.

Ikkje fått nok enno? Stolte Mørkemenn og kvinner (merk vekslinga mellom majuskel og minuskel) er òg for dei som

- mener å drepe noen uskyldige i krig er like ille som å drepe noen uskyldige i magen.

- er imponert over mennesker som kan tro på at stein og vann og gass har blitt til mennesker iløpet av noen år.

- er undrende over mennesker som mener at vi er like mye verd som gullfisk, hest og annen mat.

- synes det er merkeligere at Gud skapte brannmaneter enn at han skapte jorden på 6 dager.

Den siste trur eg ikkje dei skjønar sjølve kva dei vil seia med.

Det

er mogleg å klyppe og lime direkte frå Word og til bloggposten på WordPress; hadde eg visst det tidlegare, hadde eg visst det tidlegare, hadde eg sluppe å hamre laus på datamaskina då eg skulle setja inn songteksta i førre innlegg. Domkyrkja i dag: Bach på Wagner-orgelet. Presten les frå Lukas 7 om kvinna som salva Jesu føter med tårer og turka dei med håret sitt, det same som Kristin og Silje gjekk og tala om på veg heim tysdag kveld, det same Kristin skriv om i “Jammers Minde”. Brit Bildøen i Morgenbladet om kvinnelege forfattarar, forfattarar som tilfeldigvis er kvinner. Tilfeldigvis?

Seng, akrylpledd og “Riget”. Han som skulle til Stockholm, men sov av seg fylla. Dei som er på fylla no. Ljoset som brenn i Domen til takk, takk åt Deg. Oss.

Det er so spanande å leva.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.