(Scene: Kafé i byen. Mora har site og prata med ei veninne eit par timar, men er no åleine med sonen på fem år som vrir seg utolmodig i stolen.)
Mamma, når skal vi heim? Gutungen dreg på alle vokalane han greier. Alle kan høyra at det knakar i kraniet til mora når ho senkar blikket ned mot sonen som er på tur til å finna opp ei heilt ny sitjestilling. Vi dreg når eg berre får drukkje opp kaffien min, seier ho, og lyftar ein halvtom kopp mot munnen. Det kjem eit attskin av den brune væska i lipglossen hennar. Du gledar deg vel til å sparka litt fotball ute med dei andre ungane, spør ho or eine munnvika. Tanken fer forbi synet åt guten, han ensar han knapt før han kjem på noko anna han lurar på. Kvifor pratar vaksne så mykje? Tykkjer du vi pratar for mykje, spør mora og talar på ein barnsleg måte. Du og ho dama prata jo kjempelenge, kontrar sonen. Agnethe er ei gamal veninne som eg har mykje å fortelja åt, og ho har mykje å fortelja meg, svarar mamma. Vi har kjent kvarandre sidan vi var like gamle som du er no. Gamle vener har ofte mykje å prata om, fordi dei har opplevd så mykje av det same.
Guten set seg opp, som for å bli teken meir ålvorleg, blir tjuge år eldre, får briller og høge viker på issa. Likevel er det noko sporveaktig ved måten han skakkar på hovudet på når han spør vidare. Men kvifor må de prata? Kvifor likar ingen vaksne å for eksempel leika sisten? Å prata er så kjedeleg.
Mora tenkjer seg litt om, det er ikkje noka knaking vi høyrer no. Det vi høyrer er lyden av ei kvinne som blir vâr kjensla av blodet som renn gjennom kroppen og korleis pusten rislar i nasehåra. Vaksne, seier ho, har mykje å prata om fordi dei har mykje å tenkja på. Eg for min del skulle gjerne vore med og leika sisten, men eg må tenkja over så mange ting fyrst. Eg må syta for at du har mat og klede, vera trygg på at du og pappa er glade og har det bra, betala for at bilen vi køyrer og huset vi bur i skal vera i god stand. Og for å greia alt dét, må eg ha ein jobb der eg passar på at eg gjer alt rett. Slik har Agnethe det òg, og slik har mesta alle vaksne det. Og mykje av det vi må gjera har vi lært om på skulen, men det aller meste har vi ikkje lært om. Så når vi møtest, pratar vi om det. Vi pratar om dykk ungane våre, om korleis det er på jobb, og korleis vi gjer for at alle skal ha det så bra som mogleg. Det er det einaste viset vi kan vera trygge på at vi ikkje gjer alt feil. Det er sikkert kjedeleg, men etter kvart kjem du òg til å lika å prata. Viss ikkje vi vaksne hadde gjort det, så hadde vi ikkje visst korleis vi skulle gjera noko.
Det er ein monolog, ei forklåring, som får guten til å ta av seg brillene og gni seg litt over ei fin smilerynke. Han drikk opp vatnet i glaset han har framfor seg og spør igjen: Skal vi dra heim no, mamma?