Innlegg merka 'Lyrisk'

Helena

Då eg las gjennom korpuset til Sapfo (meir om samanhengen mellom kropp og skrift seinare), kom eg over eit av dei meir komplette fragmenta, eit eg ikkje hadde lagt merke til før, men som no nesten berre spratt fram frå sida og ville lesast. I dag prøvde eg å setja det om – og sjølv om det ikkje er det aller mest holute diktet etter Sapfo, har eg måtta markera ein del lakunar likevel:

Sume seier ryttarar, andre hærmenn,
andre seier skip er det venast’ av alt
her på myrke jorda, men eg sei’r vakrast
er det ein elskar

Dette kan ein lett gjera klårt for alle:
Ho som allvisst overgjekk manneætta
heilt i venleik, Helena, kona til den
edlaste husbond,

drog i frå’om, segla og fór til Troja;
korkje ungan’ eller foreldra var i
tankan’ hennar. Nei, ho vart snarleg ført bort,
[fanga av kjærleik]

… ]
… ] lettføtt [ …
… ] og minner om Anaktoria no,
som ikkje er her

Heller såg eg ganglaget hennar, og den
ljose gløden andletet strålar opp med
enn ei vogn frå Lydia, eller våpen
brukt av soldatar

… ] det hender ikkje
… ] menneske [ … ] men beda om å dela
[ … ]
[ … ]

Likeins heilt uventa [ … ]

Som Svein Jarvoll seier i kommentarane til den norske Sapfo-omsetjinga si, er dette diktet eit av dei fyrste døma i verdslitteraturen på figuren priamel: «Sume seier … Andre derimot … Men eg meiner …». I dette diktet blir priamelen forsterka av at fragmentet er khiastisk i forma; diktet fokuserer her fyrst på krigsmotiv, så historia om Helena, som blir samanlikna med Anaktoria (ei av veninnene til Sapfo?), før Anaktoria igjen blir samanlikna med dei same krigarmotiva. Korleis diktet heldt fram – eller om det høyrde til i ein samanheng med andre dikt eller strofer – er nær umogleg å seia. Men det er eit døme på at ei fragmentarisk overlevering ikkje treng å øydeleggja den litterære forma.

(Ein dag skal eg blogga om noko anna enn masteroppgåva. Lovar.)

«… men ikkje no lenger»

Eg vakna med eit fragment av Sapfo i hovudet.

Den greske diktarinna var eit læreboksdøme i grammatikk og retorikk i klassisk tid, og ho er sitert hjå både Hephaistion og Plutark. Hjå den eine tener ho som døme på det sapfiske fjortenstavingar-verset «som heile Sapfos andre [bok] er skriven i», medan ho er eit exemplum i Plutarks Dialog om kjærleiken. Dei to verselinene som er siterte blir rekna for å høyra til same diktet, og utgjer saman fragment 49, der eg hadde siste lina i tanken i dag tidleg:

ΗΡΑΜΑΝ ΜΕΝ ΕΓΩ ΣΕΘΕΝ ΑΘΤΙ ΠΑΛΑΙ ΠΟΤΑ/ΣΜΙΚΡΑ ΜΟΙ ΠΑΙΣ ΕΜΜΕΝ ΕΦΑΙΝΕΟ ΚΑΧΑΡΙΣ

(Eg elska deg, Atthis, for lenge sidan/Du tyktest meg ein liten, stussleg jentunge)

Kva for kontrastverknad er det Sapfo prøver å oppnå her? Fyrst kjem det ei kjærleikserklæring, som ikkje gjeld på det tidspunktet diktet blir framført, men «for lenge sidan». Det er altså berre tilsynelatande at eg-et innrømmer å elska Atthis; utsegna blir gjort ugyldig i det same ho blir framførd.

Men det stoppar ikkje der. Eg-personen i diktet – som framhevar seg sjølv grammatisk og gjer seg sjølv til hovudperson – presiserer at den unge Atthis var lita og stussleg («graceless» nyttar dei ofte i engelske omsetjingar). Det at eg-et implisitt vart avvist «for lenge sidan» blir såleis hemna av den lite flatterande karakteristikken Atthis blir utsett for i diktet. Slik blir det råd å sjå føre seg fleire implisitte tydingar: Var det av sympati at eg-personen hadde varme kjensler for Atthis i si tid? Eller er det heller ein bitter, avvist elskar som kjem med eit stikk til den som ein gong avviste henne? I og med at dette berre er to liner frå eit heilt dikt der vi ikkje kjenner til resten, kan ein òg tenkja seg at den neste verselina inneheldt endå ein kontrast. Dersom eg-et lyt presisera at Atthis var lita og stussleg ein gong, kan det henda at ho no er strålande vakker og omsverma. Dette er ein konjektur som sjølvsagt ikkje kan provast, men som i alle høve ville passa godt saman med dei andre dikta til Sapfo, der kjærleik ein gong langt frå tyder kjærleik for evig.

Klamp om foten

Eg ser deg føre meg med hendene
kring oklene mine

Og magen og føtene dine som sleper etter
meg. Blodet siv ut frå oppgnegne
sår, hjartet lyt slå hardare.

Hardare og hardare.
Kvitare og kvitare.

Mellomspel

For 24 dagar sidan sende fridtun meg ei oppgåve, eit slags kjedebrev for bloggarar. Eg hermer oppgåveteksta: «Eg skal nemna tri skaldar som eg likar godt, draga fram éi bok – av kvar – som eg likar serskilt godt, og so gjeva fem andre vevritskrivarar den same uppgåva.» Og eg gjekk og grunna ei tid på dette, men det sa seg vel eigentleg sjølv kva for skaldar og bøker eg laut velja. Det handlar om tri poetar som har hatt nokså mykje å seia for både måten eg skriv på og måten eg vel andre forfattarar på. No skal eg rett og slett greia ut om dei store linene i boksmaken min.

1. Jacques Prévert – Når lyrefuglen kommer

For nokre år sidan gjekk eg fyrste året på vidaregåande og hadde nyss teke til å læra fransk. I og med at eg no har skrive ei rad reisebrev frå utvekslingssemesteret mitt i Frankrike, forstår vel dei fleste at det har vorte eit viktig språk for meg. Det er ikkje minst på grunn av Jacques Prévert. Ein dag i løpet av det nemnde skuleåret, gjekk eg og titta i lyrikkhyllene på skulebiblioteket. Mange av dei beste bokfunna mine er resultat av den typen titting, og slik var det òg denne dagen, då eg fann i den blå boka med fugletittelen, som var ein antologi over norske omsetjingar av dikta til Prévert. Eg veit ikkje om det finst endå større samlingar på norsk, men denne boka er eit godt utval: Her er fuglar og hestar som presenterer underlege skråblikk på folk og samfunnstilhøve, klasserom som kollapsar, menn og kvinner som møtest og går frå kvarandre. Prévert er modernist, men skriv med eit så underleg, naivistisk og barnsleg språk at dikta blir noko meir enn berre framandgjering og ubehaget i kulturen. Eg trur eg skal lata eit av dei finaste dikta hans tala om det, «Fuglefangarens song»:

Fuglen som flyg så stilt og vent
Fuglen som blodet, raud og lun
Fuglen så var fuglen gjer narr
Fuglen som brått blir redd
Fuglen som brått støyter seg
Fuglen som ville ha rømt
Fuglen åleine og redd
Fuglen som ville ha levd
Fuglen som ville ha sunge
Fuglen som ville ha skrike
Fuglen som blodet, raud og lun
Fuglen som flyg så stilt og vent
Det er hjartet ditt, gode barn
Hjartet som slår med venger så trist
Mot brystet ditt så hardt så kvitt

2. Tor Ulven – Samlede dikt

Endå ein skald eg oppdaga då eg gjekk på vidaregåande. Av ein eller annan grunn har eg alltid tykt det har vore meirsom eit skyldskap mellom meg og Ulven. Eg gjekk og lånte alle diktbøkene hans og las gjennom dei dag og natt, før eg kjøpte samleutgåva som pocket på ein klassetur til Oslo. Hugteken som eg var av alt det myrke, det farlege og dystre, ville eg skriva dikt slik som Ulven skreiv dei. Hjå han blir ikkje det dystre redusert til noko svart og kvitt eller noko patetisk, gotisk, emo. Ulven har ein intellektuell – sume ville kanskje seia overintellektuell – distanse til det han skriv om, som gjer alt det groteske – knoklar, kranium, haustlauv og jord – fascinerande og skræmeleg vakkert. Eg skulle gjerne gjeve eit døme på tekstene til denne skalden òg, men i og med at eg er langt frå næraste norske bibliotek, får det greia seg med ei generell lovprising av forfattarskapen.

3. Sapfo

Gode, gamle Sapfo. Nok ei hetaira – medvæpna – som har vore med lenge i den litterære arméen. For dei som av ein eller annan uforståeleg grunn ikkje har studert klassiske fag eller litteraturvitskap: Sapfo var ein gresk poet som levde på øya Lesbos (nygr.: Lesvås) på 500-talet f.Kr. Ho var ein av dei fyrste vi veit om som skreiv kjærleiksdikt, det vil seia tekster knytt til intime og personlege kjensler. Av di desse dikta ofte lovpriste andre kvinner, nyttar vi framleis i dag ordet «lesbisk» om kvinner som liker andre kvinner. (Sjølv om dei av oss som har studert litteraturvitskap veit at ein ikkje utan vidare kan rekna med at eg-personen i ei tekst er identisk med forfattaren.) Eg kan ikkje trekka fram ei særskilt bok av henne, fordi av dei ni rullane med dikta hennar som fanst i det antikke biblioteket i Alexandria, har vi berre att ein bunke med fragment som ikkje tek opp mange sidene. Ei god attdikting til norsk finst i boka Sapfo som Svein Jarvoll gav ut i 2003. Jarvoll får veldig fint fram det leikne og samstundes ålvorlege i songlyrikken til Sapfo. Den gamle, greske skalden frå Lesbos syng om kjærleik og lidenskapar på ein måte som har inspirert seinare poetar heilt fram til våre dagar, og som gjev mykje att for den som set seg ned for å suga meining ut av fragmenta.

Den siste delen av oppgåva er å velja fem andre bloggskribentar som skal løysa same oppgåva. Eg må litt skamfull vedgå at eg ikkje kjenner nokon som ikkje allereie er utfordra, men eg kan jo nytta høvet til å minna fivrelden og geeken om at dei enno ikkje har presentert lista si …

Hei

Ser du meg her
nede i søla?

Sjå den vesle bobla av
jord, møkk og vatn eg
blæs opp.

Ta meg opp, men
ikkje sleik meg
rein, kattemor.

Eg liker ikkje pelsen din eller tunga di som får meg til å brenna opp.

Anatomi

Det var eit spennande år for deg

då du kraup ned i sluket
(eller kanskje det var svelget)
for å snusa på hendene som dreiv og
ruska deg i håret

Slik lærte du korleis du
skulle få så saftig ereksjon

At eg framleis sit og frys i skuggen
av han

Omvend-gribben

Ho la ut ei kosmisk kontaktannonse
og fekk svar frå stjernene

Ei av dei gleid ned ved eit uhell
og la seg i den flytande magmaen

Utanpå gribben
vart det aldri meir enn måneljost

Vasskilje

Anten skal ikkje
eg finnast

Eller så skal ingen andre
finnast

Men det som gjer mest vondt
er ljoset som sprenger
seg fram

frå

djupt nede i innvolane

Fila, fila

Eg rullar meg i hop til ein ball
for
å gøyma meg.

Eg er ballen inne i hovudet ditt, som
rullar
nedover halsen og matrøyret

til magen.

I magesekken
kyssar eg deg varsamt med
neglene.

Føraren fortel

Du stod på haldeplassen.

Eg kom og tok deg på.

Det var fullt, du måtte stå
mellom stokkar, krykker og sand.

Ved neste stopp nærma du deg døra, men
snudde deg så eg kunne
møta blikket ditt i spegelen

det blikket vart aldri borte

Neste side »



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.