Då eg las gjennom korpuset til Sapfo (meir om samanhengen mellom kropp og skrift seinare), kom eg over eit av dei meir komplette fragmenta, eit eg ikkje hadde lagt merke til før, men som no nesten berre spratt fram frå sida og ville lesast. I dag prøvde eg å setja det om – og sjølv om det ikkje er det aller mest holute diktet etter Sapfo, har eg måtta markera ein del lakunar likevel:
Sume seier ryttarar, andre hærmenn, andre seier skip er det venast’ av alt her på myrke jorda, men eg sei’r vakrast er det ein elskar Dette kan ein lett gjera klårt for alle: Ho som allvisst overgjekk manneætta heilt i venleik, Helena, kona til den edlaste husbond, drog i frå’om, segla og fór til Troja; korkje ungan’ eller foreldra var i tankan’ hennar. Nei, ho vart snarleg ført bort, [fanga av kjærleik] … ] … ] lettføtt [ … … ] og minner om Anaktoria no, som ikkje er her Heller såg eg ganglaget hennar, og den ljose gløden andletet strålar opp med enn ei vogn frå Lydia, eller våpen brukt av soldatar … ] det hender ikkje … ] menneske [ … ] men beda om å dela [ … ] [ … ] Likeins heilt uventa [ … ]
Som Svein Jarvoll seier i kommentarane til den norske Sapfo-omsetjinga si, er dette diktet eit av dei fyrste døma i verdslitteraturen på figuren priamel: «Sume seier … Andre derimot … Men eg meiner …». I dette diktet blir priamelen forsterka av at fragmentet er khiastisk i forma; diktet fokuserer her fyrst på krigsmotiv, så historia om Helena, som blir samanlikna med Anaktoria (ei av veninnene til Sapfo?), før Anaktoria igjen blir samanlikna med dei same krigarmotiva. Korleis diktet heldt fram – eller om det høyrde til i ein samanheng med andre dikt eller strofer – er nær umogleg å seia. Men det er eit døme på at ei fragmentarisk overlevering ikkje treng å øydeleggja den litterære forma.
(Ein dag skal eg blogga om noko anna enn masteroppgåva. Lovar.)