Innlegg merka 'Mat'

Brød

Eg har funne mi eiga brødoppskrift. Etter å ha prøvd mamma si (som eigentleg treng ei eltemaskin) og Andreas Viestad si (som ikkje var heilt sunn for leirgryta eg brukte som form), vart eg inspirert av ei kokke eg har jobba med. No bakar eg brød om lag slik eg har fått det servert mang ein gong på ei turisthytte, men med ei nyvinning eg kallar «mjølk». Om lag slik ser oppskrifta ut:

Eit kilo mjøl (eg tykkjer 6/10 sikta kveitemjøl og 4/10 grovt, sammale kveitemjøl blir godt)

Halvanna til to pakker gjær

Om lag to matskeier sirup

Eit par matskeier salt

Og elles til deigvæske: ein sju desiliter vatn og i alle fall ein desiliter mjølk

Eg reknar med at alle som les dette kan å laga gjærdeig, og rår seg sjølve med om dei bruker fersk gjær eller turr gjær, etter kva ein tykkjer er best. Med desse måla blir deigen veldig blaut, så dersom ein ikkje har ei fæ:nsi eltemaskin å hiva alt oppi, er det lurt å bruka ein god del meir mjøl når ein bakar han ut. Eg plar la deigen heva ein halvtime i bakebollen, før eg bakar han ut til emne (denne oppskrifta gjev tri nette brød eller to meir korpulente). Brødemna let eg heva under plast medan omnen varmar seg opp til 200 gradar. Så steiker eg dei ein time, men alle omnar er ulike, så dersom dei blir veldig fort brune hjå deg, kan du skru av overvarmen – eventuelt setja inn ei bakeplåte på rilla over brøda. Brød skal steikast på nedste rilla, veit du.

Tri nette.

Sirup er i grunnen ein morosam ingrediens å ha med når ein bakar. I Den rutete kokeboken står det at søtningsmiddel som sukker, sirup eller honning gjev deigen ekstra næring, slik at han hevar seg betre. Bruker ein rett mengd, blir det altså ikkje søtsmak på brødet, men derimot blir det ekstra saftig (2008: 581). Såleis kan ein gjerne ta seg god tid med hevinga dersom ein har litt søtt i deigen.

Reisebrev frå Frankrike VII

- eller: Ein kveld i operaen.

Franske julebord er ikkje så ulike norske, bortsett frå at ein pratar fransk i staden for norsk (og dersom ein er på julebord med EIMA, flyg det gjerne litt tyske, tsjekkiske, spanske, engelske og italienske gloser over bordet òg). Denne veka baud på i alle fall tri høve til å eta seg stappmett i godt lag: Til lunsj på tysdag baud det internasjonale kontoret ved universitetet på gratis buffet for alle studentane. Det var ikkje feil, som dei seier, men fordi administrasjonen ved det internasjonale kontoret her ikkje gidd å prata så mykje med dei friviljuge i EIMA, hadde dei greidd å leggja lunsjbuffeten til same dag som Erasmusforeininga hadde planlagt kveldsmat med pubtur etterpå. Likevel, for oss svoltne og eksamensslitne utlendingar var det ikkje noka katastrofe å få gratis mat to gonger på same dag. Så god var stemninga, at underskrivne, med god hjelp frå ein gjeng glupske tyskarar, nesten greidde å setja fyr på papirduken med teljosa EIMA-gjengen hadde tent på for å skapa ei triveleg adventsstemning. Brannstiftinga vart mislukka, og eg kunne heldigvis bortforklåra heile opptrinnet med at det var ein gamal vikingrite (dei som les dette må hugsa på at i utlandet er Noreg stort sett kjend for vikingar, fisk og Ole Einar Bjørndalen).

Så mykje for julebord arrangert av snille franskmenn. I går arrangerte den tysk-norsk-kinesiske gjengen min ein eigen liten avskilsfest for den tyske tridelen, altså dei som reiser heim til jul. Vi starta med varm sjokolade og sjokoladeovertrekte peparkaker – visstnok vanleg i Tyskland – kjøpt på Lidl, gjekk i operaen og avslutta med pizzafest. Mot slutten av kvelden kom det til tri franskmenn òg, som laga omnsbakte eple med sjokolade til dessert. Har de nokon gong tenkt over kor utenkjeleg spesielt det er for folk sør på kontinentet at vi berre har fire timar dagsljos i Noreg på myrkaste vinteren? For folk flest i Frankrike høyrest det mest ut som ein vond draum, og dei har vanskeleg for å sjå føre seg korleis vi greier å overleva med klimaet vårt (denne veka var det to kaldegradar og om lag like mange millimeter snjog ein del plassar her i landet, og det nærma seg nasjonal krisetilstand). Det vart ein diskusjon om kva for land som har best mjølk – Skandinavia eller Frankrike – og eg måtte bruka nokså lang tid for å overtyda den franske delen av selskapet om at vi har både kyr og grønt gras i Noreg. Lat det berre vera sagt eksplisitt at eg etter fire månader i Frankrike no altså er i stand til å overtyda på fransk.

Eg ville avslutta med å skriva om operaen. Vi var nemleg og såg L’homme de la Mancha eit amerikansk musikkspel basert på – du gjetta det, din litteraturnerd – Don Quijote av Cervantes. Nettopp Cervantes er den fyrste karakteren ein møter i spelet, som representerer heile problematikken kring tilhøvet mellom forfattar, forteljar og figur på ein ganske så snerten måte. Don Miguel de Cervantes blir sett i fengsel, og forhøyrt av inkvisisjonen. Han bed om å få forsvara seg ved å setja i scene historia om Alonso Quijana, alias Don Quijote, sjølv om han berre er ein “talentlaus poet”. Cervantes spelar sjølv Le chevalier de la triste figure, i ei play within the play-oppsetning som speglar leiken med forfattarbilete, omsetjingar og parodi som ein finn særleg i andre bandet av romanen. I teateroppsetninga er Don Quijote ikkje fyrst og fremst galen – han er det òg – men ein idealist, ein som nektar å sjå korleis verda er. Han er overintellektuell, overstudert og sit for høgt oppe på hesten sin til å sjå kva som skjer nede på jorda. Ikkje minst er Don Quijote ein livsfjern litteraturvitar som tolkar alt som hender gjennom ein forståingshorisont han har lese seg til, og ikkje opplevd.

Romanen er lang, og i musikkspelet har dei sjølvsagt kutta ut nokså mange av episodane som pikareskromanen er full av. Det interessante er at Dulcinea (som eigentleg heiter Alonza, som eit svar på det eigentlege namnet til Quijote) har fått ei mykje større rolle enn i boka, og at ho og Don Quijote møtest fleire gonger. I starten tykkjer ho det er stas å bli tiltala som prinsesse, men etter kvart blir ho meir og meir frustrert ettersom kvasiriddaren nektar å sjå henne som den ho er. Særleg vakker er scena der Quijote syng om “den uoppnåelege stjerna” han strebar mot, medan han faktisk stig opp mot scenetaket og Dulcinea blir meir og meir fortvila der ho sit langt nedanfor han. Det er godt gjort å bruka karakterane Quijote og Dulcinea til å spela ut konflikten mellom idealisme og realisme, utan å gjera det til ei simpel kjærleikshistorie.

For sjølv om det er amerikanarar som har skrive sceneversjonen av romanen, er det Jacques Brel – som eg elskar – som har stått for tilretteleggjinga på fransk. Brel skal visstnok ha kjent seg så att i hovudpersonen i den engelske versjonen av stykket at han tok personleg kontakt med forfattaren og komponisten for å få setja det om og spela hovudrolla sjølv. Faktisk så er det ein mindre komisk og meir attkjenneleg Quijote som viser seg på scena, jamført med karakteren i boka. Og for ein livsfjern litteraturvitar var det eit fint gjensyn med ei av dei mest spesielle bøkene på grunnfagspensumet.

Sumarfredag

Pasta med pesto (italiano: pasta al pesto) er gode greier når ein kjem heim i ferien og lyt laga seg mat sjølv. Enkelt og raskt er det òg, like god ungkarsmiddag som romantisk måltid.

Du tek: Så mykje pasta du vil (spirelli eller bandspaghetti er bra) og så mykje pesto du vil (eit vanleg glas som du får kjøpt på butikken held som oftast). Etter at du har kokt pastaen al dente, varmar du pestoen opp som snøggast i kjelen og hiv pastaen oppi igjen. Fetaost er veldig godt oppi (igjen, så mykje du vil). Kva for farge manglar det i gryta då? Heilt riktig – raud! Difor høver det godt med nokre tomatar i skiver eller bitar – i kveld nytta eg cherrytomatar delt i to, og det funkar skikkeleg bra. Brød er alltid godt til pasta. Tenk gjerne på at du treng litt ekstra salt i sumarvarmen, og vel difor til dømes focaccia med smør og kanskje ein god salat til.

Berre ei åtvaring: Dette er det farleg fort å foreta seg på. Grunnen til at dagens eftasverd vart ein bloggpost, er at eg nett no sit i sofaen og ikkje kan stort anna.

Sundag

Eg sit på troppa innved ytterdøra åt den fråflytte naboen og et havregraut.

Når eg reiser meg, sit små sveittedropar att på det grøne panelet.

Oi

Plutseleg hadde eg fire kilo kveitemjøl. Dei berre sto der då eg kom heim i dag, saman med eitt kilo sammale rugmjøl. Kva kunne eg då gjera, anna enn å baka brød? Her kjem oppskrifta:

1 – 1/5 kg sikta kveitemjøl

1 kg sammale rugmjøl

2 pakkar turrgjær

2 matskeier salt

1 dl olje (eg nyttar raps)

om lag 1 1/5 liter vatn

(linfrø, solsikkefrø, sesamkjerner, karve, m.m. er òg godt å ha oppi, i små mengder)

Rør ihop alt det turre, ha oppi olje og vatn, bland saman og elt til deig. Det løner seg å elte han vel og lengje, fyrst heile deigen, so emna (3 stk.) kvar for seg. Ein treng ikkje laga til fine brød-emne å ha oppi formene, dei blir sjåande meir rurale ut, meirsom, dersom ein berre klessar emna oppi. Set dei inn på brett (alt som kan heve seg ut av formene skal stå på brett, ikkje rist) nedst i omnen på 70 grader, til heving. Skru opp til 200 grader etter ein halvtime, og lat dei stå om lag ein time (etter du har skrudd opp temperaturen, ikkje etter omnen har nått 200 grader). Kjøl dei ned på rist.

Dette kallar eg “mamma-brød”, fordi oppskrifta er hennar. Ho mamma, på si side, kallar dei “brød for den travle husmor”. Ho brukar eit kvarter frå ho finn fram mjølet til brøda står i omnen, men so har ho ei slik ein:

Mamma sin er òg orange, frå 70-talet, og har baka brød trufast kvar vìke sidan.

Mamma sin er òg orange, frå 70-talet, og har baka brød trufast kvar vìke sidan.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.