Har
- Vore på førelesing.
- Skrivi ferdug (og levert) franskoppgåve.
- Møtt nokre kjekke folk og prata om IOGT i Trondheim og Melhus.
- Vaska bad og golv.
Hadde eg hatt ein slik ein, skulle eg baka òg:

Det er ei stund til bursdagen min, men ...
Eit parataktisk narrativ om ein anarkistisk riddar
Har
- Vore på førelesing.
- Skrivi ferdug (og levert) franskoppgåve.
- Møtt nokre kjekke folk og prata om IOGT i Trondheim og Melhus.
- Vaska bad og golv.
Hadde eg hatt ein slik ein, skulle eg baka òg:

Det er ei stund til bursdagen min, men ...
So internettilkoplinga på Dragvoll kræsja i går. Smart med maskiner som eg er, logga eg av og med det forsvann alt eg hadde skrivi den siste 2 1/2-timars økta. Lyt setja meg ned med gamle herr HP Pavillon heime og krysse fingrane for at eg blir ferdug innan klokka 23.55 (merci monsieur Busuttil) i morgon.
Dessutan har eg tinga, og fått, årets servise frå Noregs Mållag. Nedanfor koppen med Olav H. Hauge-sitat, som eg sit og drikk av no (eller er det ein annan kopp? Vandt å seia).

"Skogen stend,/men han skifter sine tre" - vakkert, Olav!