Snjogfnugg som styrtar i samla flokk mot augevippene dine,
er like nydelege som
småflugene som knusest mot sykkelhjelmen om sumaren.
Eit parataktisk narrativ om ein anarkistisk riddar
Snjogfnugg som styrtar i samla flokk mot augevippene dine,
er like nydelege som
småflugene som knusest mot sykkelhjelmen om sumaren.
Vi hadde tenkt oss på eit føredrag om ein historisk veldig viktug poet på laurdag, men visste ikkje heilt korleis vi skulle koma oss åt den litt avsidesliggjande plassen. So vi gjekk og vitja føredragshaldaren som – heilt tilfelleleg – har kontor på NTNU.
Zeugma: Vi hadde tenkt oss på det føredraget ditt på Ø— på laurdag.
Gydja: (ser rart på oss)
Elisjebah: …Det sto i kunnskapskalenderen åt NTNU at du skulle halde føredrag om S— på laurdag. Stemmer det ikkje?
Gydja: Oi. Eg fekk ein telefon frå dei for lengje sidan, men eg har ikkje svara. Forsovidt har eg føredraget ferdugt, men … Lyt ein ikkje ta båt dit?
Zeugma: Jau, men den einaste båten dit går klokka 15 laurdagar, og føredraget skulle jo vera 14 …
Gydja: Det var jo klønut gjort av dei. Meiner dei eg skal symje over? Dette var eg verkeleg ikkje klår over. (sjekker kunnskapskalenderen) Herregud, no blir eg kvalm av stress. Eg må ringje sambuaren min og høyre, og … Eg har verkeleg ikkje stunder til å gjera det på laurdag.
Z&E: Øh … OK … Vi lurte litt på korleis vi skulle koma oss dit, skjønar du.
Gydja: Ja, det er klårt. Eg var ikkje klår over at dei hadde avertert med at eg skulle dit. Eg fær mest lyst til å kaste opp. Tusen takk for at de sa frå!
- – Nynorskhomoane reddar dagen igjen – - -
Namn er endra for at ikkje nokon skal kjenne seg att, i og med at dét ville vore ganske pinleg.