Innlegg merka 'Plattheter'

Oskedonald

Ja, det er sexskandale i den katolske kyrkja, og det er trist. Men tenk så morosamt at vulkanoskeskya over Europa ser ut som nebbet til Donald Duck!

Fin oske

(Ein dag skal eg skriva igjen. Noko originalt. Berre ikkje i dag.)

NRK på ein fredag

Nicole Kidman er Virginia Woolf.

Ein god allmennkringkastar åtvarar mot homosex.

Insekt

På Facebook finst der ei gruppe som heiter Stolte Mørkemenn og kvinner (sic). Gruppa har 31 medlemer, som alle er stolte av å kunne kalla seg mørkemenn. Eller kvinner. Ei feministgruppe, skulle ein tru. Det som kanskje er mest påfallande med gruppa, er kor mykje som handlar om sex. Eg har stødt hatt ein flau fordom om at heteroar er unormalt mykje opptekne av sex, og her fekk eg han stadfesta for dei konservative kristne sin del. I skildringa står det nemleg at gruppa er for dei som

- gleder seg mer til lønn i himmelen enn helgefyll og helgesex

Greitt nok. I tillegg er ho for dei som

- gifter seg tidlig for å ha sex.

Den var jo ganske avslørande. Men jaggu er ikkje gruppa òg for dei som

- mener sex er en fantastisk ting som man kan nyte hele dagen, så lenge to blomster ikke klapper på hverandre eller at to bier ikke stikker på hverandre.

For ein aldeles nusseleg versjon over temaet “I/God hates homos”! Ein skjønar at det må vera nokre skikkelege grønsaker som har kome opp med ein so søt metafor for homosex.

Ikkje fått nok enno? Stolte Mørkemenn og kvinner (merk vekslinga mellom majuskel og minuskel) er òg for dei som

- mener å drepe noen uskyldige i krig er like ille som å drepe noen uskyldige i magen.

- er imponert over mennesker som kan tro på at stein og vann og gass har blitt til mennesker iløpet av noen år.

- er undrende over mennesker som mener at vi er like mye verd som gullfisk, hest og annen mat.

- synes det er merkeligere at Gud skapte brannmaneter enn at han skapte jorden på 6 dager.

Den siste trur eg ikkje dei skjønar sjølve kva dei vil seia med.

OK

So Kristin fekk meg til å tenkje på vitsar med kommentaren sin under Kino-posten. Eg la inn ein av favorittvitsane mine som svar. Her kjem ein til. Eigentleg er det ei gåte:

Spm: Kva er likskapen på ei kråke?

Svar: Båe føtene er like. Spesielt den vinstre.

Dansk

Fire ting som fascinerer (hugtek) meg med dansk:

1. At språksenteret i hjernen åt danskane greier å dekode alle dei gutturale lydane.

2. At /n/ ofte blir droppa i utlyd. Til dømes i uttrykket “Jeg ka’ godt li’ det”.

3. At “komme” er eit transitivt verb.

4. Lars von Trier.

Kvardagsleg

Eg sit på do og merker at det ikkje er att dopapir. Reaksjonen:

Oi. Skitt!



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.