Innlegg merka 'Skeive blikk'

Jentegut

Eg las artikkelen til Heidi Bøhagen på nettsidene til Fett i dag. Bøhagen skriv om kor provosert ho vert av omgrepet «gutejente», som ein del kvinner gjerne nyttar om seg sjølve – eller som både kvinner og menn nyttar om kvinner – for å opphøga barndomsminna sine. Det er liksom noko imponerande i at ei vaksen kvinne som utstrålar femininitet, har ei løynd fortid som «gutejente». Ja, ho går i kjol og sminkar seg no, men då ho var lita, likte ho best å leika krig eller sparka fotball med gutane i nabolaget, iførd slitesterke olabukser som tola grønske.

Som Bøhagen peiker på, er det tilsynelatande heilt uskuldige omgrepet ein måte å nedvurdera feminine handlingar og røynsler på, til fordel for «guteaktivitetar», som implisitt har ein meir positiv dåm.

Riktig interessant er det ho skriv om laurdagsritualet i familien sin då ho vaks opp. Ho skildrar korleis far hennar gav henne ein barberhøvel utan blad, slik at ho kunne stå framfor spegelen ved sidan av han, med andletet fullt av barberskum, og lata som ho òg barberte seg. Ein veldig fin far-dotteraugneblink som mange ville rubrisera under «gutejente» – og dimed oppvurdera det dei to blad Bøhagen gjorde, fordi det å barbera seg i andletet er ein maskulin aktivitet.

Og det er her ho får meg til å tenkja over noko eg aldri har gjort før. Bøhagen gjer eit tankeeksperiment og skriv:

Forsøk å kjenne litt på ubehaget i et scenario der en sønn, idet han stadig beundrer sin mors sminkelegging på badet, får en innføring i kunsten ved å prøve seg frem på sitt eget ansikt. Dette blir en lørdagstradisjon for de to. Mor og sønn sminker seg sammen før middag. En ekvivalent til min barbering, men med et helt annet potensiale for ambivalens og avsky.

Just det. Me høyrer ikkje noko om denne typen røynsler. Og det er ikkje så rart – medan det er positivt for ei kvinne å ha evna til å gjera maskuline ting, er det sjeldan noko anna enn latterleg for ein mann å gjera «jenteting».

Brått tok eg til å kjenna at mine eigne røynsler var usynleggjorde. For eg var ein av desse «jentegutane»: Då eg hadde byrja i barnehagen, ville eg stella meg på same måten som mamma kvar morgon. Eg hugsar vél korleis fire år gamle meg tok ein hårstrikk og sette opp ein hårtust på toppen av hovudet, som Alfa frå Sesam stasjon. Eg lånte neglelakken hennar mamma, og elska å kle meg ut som dame, både i barnehagen og på SFO. Eg fekk bilar og Turtles-figurar til jul og bursdag (og eg digga å leika med dei), men mellom gåvene eg aldri fekk, var ei dokke av Ariel frå Den lille havfruen som eg ynskte meg så mykje at eg fekk mamma til å klyppa ut biletet av henne frå ein Brio-katalog. Langt seinare sat eg på sengekanten med veslesyster mi som var akkurat gamal nok til å få barbiedokker. Medan ho heldt på med andre leiker – kanskje bilar – sat eg og kjemde håret og prøvde kjolar på ei av dokkene. Eg minnest godt at mamma humra til pappa: «Dei kunne visst godt bytt kjønn, dei to!»

Og eg trur ikkje eg er den einaste som har gjort slikt. Bestevennen min frå barneskulen hadde den største samlinga av My Little Pony-figurar eg har sett heime hjå nokon unge. Ein gong eg var der, og me leikte med dei rosa og lilla hestane med man til å kjemma, sa han «Eg tykkjer ikkje det har noko å seia om det er guteleiker eller jenteleiker, eg».

Sjølvsagt hadde han heilt rett. Det er jo berre skilnad på gute- og jenteaktivitetar i den grad me bestemmer oss for at ting kan delast inn i dei to kategoriane. Det vil seia, som Bøhagen heilt presist understrekar: Det handlar eigentleg om fire ulike kategoriar, dei fire moglege samansetjingane av «gut» og «jente», der éi av dei som sagt er mykje mindre verd enn dei andre. Ein «jentegut» er ein gut som går aktivt inn for å negera den maskuliniteten alle ventar at han skal ha, og er såleis uakseptabel. Kvifor det er slik, veit eg ikkje, men eg håpar nokon vil forska på det.

I mellomtida skal eg ta stilling til om eg vil kjempa for det subversive uttrykket «jentegut», eller om eg vil nekta å ta utgangspunkt i den (altfor tronge) firedelinga i det heile.

«… men ikkje no lenger»

Eg vakna med eit fragment av Sapfo i hovudet.

Den greske diktarinna var eit læreboksdøme i grammatikk og retorikk i klassisk tid, og ho er sitert hjå både Hephaistion og Plutark. Hjå den eine tener ho som døme på det sapfiske fjortenstavingar-verset «som heile Sapfos andre [bok] er skriven i», medan ho er eit exemplum i Plutarks Dialog om kjærleiken. Dei to verselinene som er siterte blir rekna for å høyra til same diktet, og utgjer saman fragment 49, der eg hadde siste lina i tanken i dag tidleg:

ΗΡΑΜΑΝ ΜΕΝ ΕΓΩ ΣΕΘΕΝ ΑΘΤΙ ΠΑΛΑΙ ΠΟΤΑ/ΣΜΙΚΡΑ ΜΟΙ ΠΑΙΣ ΕΜΜΕΝ ΕΦΑΙΝΕΟ ΚΑΧΑΡΙΣ

(Eg elska deg, Atthis, for lenge sidan/Du tyktest meg ein liten, stussleg jentunge)

Kva for kontrastverknad er det Sapfo prøver å oppnå her? Fyrst kjem det ei kjærleikserklæring, som ikkje gjeld på det tidspunktet diktet blir framført, men «for lenge sidan». Det er altså berre tilsynelatande at eg-et innrømmer å elska Atthis; utsegna blir gjort ugyldig i det same ho blir framførd.

Men det stoppar ikkje der. Eg-personen i diktet – som framhevar seg sjølv grammatisk og gjer seg sjølv til hovudperson – presiserer at den unge Atthis var lita og stussleg («graceless» nyttar dei ofte i engelske omsetjingar). Det at eg-et implisitt vart avvist «for lenge sidan» blir såleis hemna av den lite flatterande karakteristikken Atthis blir utsett for i diktet. Slik blir det råd å sjå føre seg fleire implisitte tydingar: Var det av sympati at eg-personen hadde varme kjensler for Atthis i si tid? Eller er det heller ein bitter, avvist elskar som kjem med eit stikk til den som ein gong avviste henne? I og med at dette berre er to liner frå eit heilt dikt der vi ikkje kjenner til resten, kan ein òg tenkja seg at den neste verselina inneheldt endå ein kontrast. Dersom eg-et lyt presisera at Atthis var lita og stussleg ein gong, kan det henda at ho no er strålande vakker og omsverma. Dette er ein konjektur som sjølvsagt ikkje kan provast, men som i alle høve ville passa godt saman med dei andre dikta til Sapfo, der kjærleik ein gong langt frå tyder kjærleik for evig.

Betre

Sume gonger skjer det ting som gjer at du tenkjer betre om verda. Små ljosglimt av godskap, omtanke og velvilje. Masserørsler, støttemarkeringar, eller små ord som blir sagt for å trøysta akkurat deg.

På internettet kan alt dette skje samstundes, og eit av døma på det er prosjektet amerikanaren Dan Savage starta i september: It Gets Better Project. Etter at fleire skeive tenåringar i USA tok livet sitt det siste året etter å ha vorte mobba, spelte Savage inn ein video med mannen sin, Terry, der dei rett og slett fortel koma ut-historia si – og seier at det blir betre.

For poenget med heile opplegget er stutt sagt å fortelja ungdom som blir mobba – skeive, streite, alle som føler seg rare, utanfor og utestengde – at livet blir betre etterpå.  Altfor mange skuleelevar går rundt og trur at ingen er glade i dei, at livet er nyttelaust og tomt. Altfor mange veit, eller trur dei veit, at familien eller venene deira aldri kjem til å godta dei slik dei er. Altfor mange trur at livet aldri kjem til å bli verd å leva.

Og det er ikkje rart – for dersom ein får stadfest det ein trur på lenge nok, blir det udiskutabel sanning til slutt.

Samstundes handlar ikkje prosjektet berre om at livet blir betre. Etter kvart har det kome til mange fleire videoar, både frå average Joe og frå storfolk og -firma som Barack Obama, Hillary Clinton, Facebook og Pixar. Det finaste med det dei pratar om er at livet heilt sikkert blir betre etter high school, og at det endåtil kan bli flott, herleg og fantastisk. Forteljingane om kor lukkeleg du føler deg av å koma heim til den du elskar, kor fine ting du kan oppleva med venene dine når du er vaksen, kor mange moglegheiter, opp- og nedturar, og fantastiske skattar livet byr på er det som gjer dette til noko meir enn ein anti-mobbekampanje. It Gets Better Project handlar om alle dei små gullkorna på vegen, som gjer livet til den underfulle reisa det er. Samstundes er det i seg sjølv ei av desse gylne kvardagssakene, av di det syner fram ei av dei beste sidene med internett.

Eit av dei finaste gullkorna er når Savage fortel om korleis han og sonen sat på ein kafé og åt croissantar ein tidleg morgon i Paris, medan gubben sov ut jetlaget på hotellrommet. Same kor håplaust livet kan verka i augneblinken, finst det alltid ei morgonstund med nokon du er glad i lenger framme på vegen.

NRK på ein fredag

Nicole Kidman er Virginia Woolf.

Ein god allmennkringkastar åtvarar mot homosex.

Dikotomiar

- eller: “Omnis scientia fictio est”.

For tida er Harald Eia andsvarleg for eit program som tek opp vanskelege spørsmål. Programmet er underhaldande, fordi det kommuniserer på ulike plan: Eia er akademikar, sosiolog, og, trur eg, eigentleg ganske smart. Når han fer rundt og talar med forskarar, gjer han seg litt dummare enn han nok eigentleg er, og vil gjerne ha enkle svar på kompliserte spørsmål. Kva er skilnaden på kvinner og menn? Kva er det som gjer at sume er homo (eit spørsmål som sjølvsagt aldri blir stilt, er kvifor sume er hetero; som alltid dreier det seg om å isolera eit avvikande fenomen og forklåra det på bakgrunn av det dominerande)?

Det blir bra TV av dette. Harald Eia er ein morosam kar som veit kva slags verkemiddel han skal bruka for å laga god underhaldning med eit intellektuelt alibi. Det er jo forskarar som blir intervjua! Forskarar – iallfall amerikanske psykologar og biologar – er jo smarte folk som har rett, som kan gje lettfattelege svar, og god dokumentasjon, på vanskelege spørsmål, spørsmål mange nok stiller seg og har oppfatningar om.

Eg kjem til å tenkja på eit ordspråk ein universitetslærar i fransk lærte meg ein gong: “La culture, c’est comme la confiture: moins on en a, plus on l’étale”. Med kultur er det som med syltetøy: jo mindre ein har, dess meir smør ein det utover. Dersom vi gjer oss dumme, og vi finn eit lett svar på eit vanskeleg spørsmål – kan ein sjå på nokon om dei er homo? – syt vi for å stø oss til det svaret. Alt vi kan. Det er no slik; i ei usikker verd klamrar vi oss til det vesle vi kan seia å vita, for å skapa orden i kaoset.

Berre så synd at ei dame som Agnes Bolsø stiller eit vanskeleg spørsmål som svar på eit lett spørsmål i starten av episode fire av Hjernevask. Harald Eia spør om ein kan sjå på nokon om dei er homo. Agnes Bolsø svarar “Kva meiner du med homo, då?”. Kameraet viser det litt tomme uttrykket i andletet til Harald Eia – så er det klypp til neste forskarintervju. Sidan programmet nyttar ein slags dumskapsdiskurs – her lyt alt forenklast – les eg framstillinga av starten på intervjuet med Bolsø som ein måte å gjera narr av sosiologen på: Sjå her! Ho veit ikkje kva homo er eingong! Og ho skal vera kjønnsforskar! Når ein person som kallar seg kjønnsforskar stiller den typen elementære spørsmål, skjøner alle at ho ikkje er noko tess.

Der er ein annan, meir fundamental grunn til at Harald Eia ikkje fylgjer opp spørsmålet frå Bolsø. Det passar ikkje inn i prosjektet hans. Du skjøner, alle termar i fjerde episoden av Hjernevask er strukturert i dikotomiar – todelingane er nærast eit organiserande prinsipp for det rapporterande narrativet Eia legg fram. Mann/kvinne. Homo/hetero. Synleg legning/usynleg legning. Medfødd legning/kulturelt konstruert legning. Dumme, norske samfunnsforskarar/smarte, anglofone naturforskarar og psykologar. Møtet mellom desse opposisjonane, der den eine termen alltid vinn over den andre, og der der sjeldan eller aldri finst noka gråsone, leier Eia fram i ein odyssé der han til slutt når den sikre kunnskapen han så herleg ærleg og naivt leita etter. Harald Eia lèt aldri litteraturvitarane (Lorentzen, Nissen) eller sosiologane (Bolsø) få poengtera at desse dikotomiane langt frå er uttømande, og dimed heller ikkje naudsynleg relevante å bruka i utgangspunktet. Det er det eine; ein annan, meir alvorleg feil er at dei meir biologisk orienterte forskarane aldri blir konfronterte med det paradigmet dei forskar innanfor. Kvifor baserer dei seg på omgrepa “homofil” og “heterofil” når dei vart utvikla under ein psykiatrisk diskurs på 1800-talet? Nyttar dei andre resultat frå 1800-talspsykiatrien like ukritisk? Kva seier i så fall det om forskinga deira? Kva meiner psykologen når han talar om “mannlege” og “kvinnelege” karakteristikkar?

Det kan godt vera at genane har noko å seia for kven kjærleiksdrifta, høvesvis kjønnsdrifta, rettar seg mot. Men då eg var 15 og sa “Eg er homo” til venene mine, tør eg påstå at det ikkje var ei setning som var førehandsprogrammert i kromosoma mine. Eg var snarare kulturelt lærd opp til å setja merkjelappen “homo” på ein del av identiteten min, og med det kan det vera at eg har teke, tek, eller skal ta, del i eit sett med kulturelle normer for korleis eg skal vera. Og/eller det kan vera at korleis eg er gjer at eg, og andre, har vore, og er, nøgd med å setja nett denne språkleg konstruerte merkjelappen på meg. Det er slike ting naturvitarane ser bort frå. Eller kanskje gjer dei det ikkje, kanskje vart det berre litt for avansert for Harald Eia. Han må ha oppført seg tåpeleg under intervjua (han talar så dårleg engelsk at eg lurer på om dei utanlandske forskarane skjønte kva han eigentleg spurte om), så tåpeleg at han ikkje forstår sjølv at forskarane gjer narr av han: Når Nils Axel Nissen, på spørsmål om kvifor han trur han er homo, svarar at han vart homo fordi han liker å vera individualist og skilja seg ut, les eg det som eit ironisk spark til eit programkonsept han har innsett ikkje kjem til å presentera kjønnsforsking på ein rettvis måte. Han er irritert, kei og lei av å måtta svara på enkle spørsmål frå ein person som ikkje er interessert i dei svara han kan koma med, og bestemmer seg for at han like gjerne kan ta aktivt del i den same dumskapsdiskursen han er vorten tvungen inn i. Spørsmålet er om dette er ei like tydeleg lesing for dei andre sjåarane.

Eg lyt klårgjera min eigen forståingshorisont, for ikkje å bli skuldig i same hamartia som Harald Eia. For tida tek eg eit djupdykk i den franske renessansen, der eg konsentrerer meg aller mest om Montaigne. Essaystilen, der ein stadig vekslar mellom ulike standpunkt og prøver ut det eine etter det andre i ulike samanhengar, har vorte eit stilideal for meg i det siste. Essaya representerer ein utprøvande, balanserande og gyngande diskurs der ingenting blir presentert som faste, urelativiserbare sanningar. Det burde gå tydeleg fram korleis dette på mange vis er det stikk motsette av måten Harald Eia lagar TV på, med enkle svar og lettvinte dikotomiar. Montaigne legg òg vekt på at han må kjenna seg sjølv – gnothi seauton, som orakelet i Delfi sa – før han kan seia at han veit noko om verda rundt seg. Såleis verkar det fullstendig relevant på meg når Agnes Bolsø, på spørsmål om ein kan sjå på ungar om dei er homofile, svarar “Ingen såg på meg då eg var liten at eg var homo”. Harald Eia er overraska over at ho ikkje kan visa til forsking på det, men kvifor skulle ho det? Kan ho gje eit meir påliteleg prov enn si eiga røynsle? Kvifor skal ein forska på dette i det heile, dersom ein ikkje i utgangspunktet veit kva ein meiner med homo?

Montaignes metode har fått namnet temperering – ein balanserande metode frå renessansemedisinen – i Kjersti Bales bok Tekstens temperering. Michel de Montaignes essayistiske fremstillingsmåte (Oslo: Pax forlag, 2003). Eg skal ikkje gje att argumentasjonen hennar, men eg er hugteken av ei noko polemisk formulering ho har i etterordet: “Montaignes erfaringsbaserte form for filosofering representerer etter mitt syn en form for rasjonalitet vi i dag har et åpenbart behov for” (s. 268). Ho meiner at den skeptiske undersøkinga av dei ulike sidene ei sak har er ein god framgangsmåte i vanskelege samfunnspørsmål. Deretter kritiserer ho det at spørsmålet om den intellektuelles rolle i Noreg har “en tendens til å arte seg som det jeg vil kalle et rop på store menn, det vil si de som kan og vet, og som kan forklare oss hvordan det hele henger sammen” (loc.cit.). Spørsmålet er om desse store menn – og legg merke til at alle dei utanlandske forskarane Eia intervjuar faktisk er menn -  eigentleg finst. Ingenting tyder på det – men så har eg jo berre mi eiga røynsle å stø meg til, inga biologisk forsking.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.