Og det slår meg at eit av dei største underverka i verda må vera at heile Europa og vel så det er kopla saman i ein tett, fin vev av jarnbaneskjener. Kvifor hadde eg ikkje tenkt på det før, at det er råd å reisa frå Trondheim til Palermo, utan å gå lenger på føtene enn fråstanden mellom perrongane?
Vi tøffar med dieselloket over til Sverige, og det går eit veldig varmt nattog ned til Stockholm. Stockholm – København er over på eit blunk med austnordiske snøggtog, men i Danmark er det fåfengd å bruka skandinavisk («Jeg vil gerne købe morgenmad» – «Okay, seventy-five kroner, please»). Like rask er turen til Berlin, byen med ein homsebar med rosa pels og ein jazzklubb vi aldri finn.
Berlin – Praha er fullpakka heilt til Dresden, men når vi kjem fram blir vi inviterte på nattklubb med to kypriotar vi vart kjende med då vi søkte ly under same bogegang. Dagen etter spring den australsk-tsjekkiske byguiden Kate rundt for å få med seg heile gruppa si opp til slottet og ned att; ho går ikkje vidare før ho har sjekka toaletta for folk. Vi blir med og kjem oss av trikken i rett tid, så vi rekk toget til Kraków. Etter ein slåsskamp på torget går vi og sjekkar det jødiske kvarteret og det krakowske slottet. Ei jente på hostellet trur eg er amerikansk, men nokon avslører meg.
På toget til Košice er det så vidt plass til både oss og sekkene våre, og når vi kjem fram er det til alt overmål trådlaust internett på sentralstasjonen. Dei neste par dagane undrar vi oss over kvifor ikkje dette, saman med eit utsiktstårn og ei musikkfontene, gjer Slovakias nest største by til eit heitare turistmål. Samstundes undrar ein engelsk bloke på ein italiensk restaurant seg over kvifor skandinavar alltid pratar så godt engelsk. Sjølv pratar han ikkje norsk. Vi et for tung fisk, innvier gjestfridomen hjå dei nygifte, og tek toget til Budapest neste dag. Syrehostellet tek imot oss med handtrykk og kinesisk og ungarsk mat. Vi får sjå red light-rommet før vi går over til neste venlege losji.
Kveldstoget til Zagreb byr på grensekontroll og «Gipsy rolls», medan den kroatiske hovudstaden byr på ein homseparade under strengt politivakthald. Austblokknattog til Venezia blir til Frecciarossa med destinasjon Firenze. Her kostar ein cappuccino 40,-, og køane er altfor lange, så vi tek jarnhesten til Lucca før Roma. Eg les Corinne, ou l’Italie og har såleis vorte guida rundt i byen fleire gonger allereie. Vi tek inn på hostell i Salerno med ein sinnsforvirra kar som dei tilsette berre kallar «il signore grosso», med særs god grunn. Vi flyktar til Amalfikysten og kjøper tidenes smoothie utanfor stranda.
Togferja til Sicila gjev eit avbrekk frå the Addams family som vi hamna i kupé med. Taormina er kjærleik. Taormina er greske ruinar. Taormina er Luke frå England som stadig talar om fit girls i Praha. Det er Ying frå Kina som skræmer vitet av gateseljarane. Det er kabelbane ned til stranda. Taormina er ei kabelbane og masse kjærleik. Men vi må vidare til Palermo, til australske hostellkompisar og fisk steikt på grill.
Det går fly heim, og fly er trasig. Men, under på under!, Trondheim har flytog. Billigare enn flybussen tek det oss mesta heilt fram til døra. Ingenting slår ein heimtur på jarnbaneskjener.



