Innlegg merka 'Trondhjem'

Gleder

som er (mesta) gratis finst der mange av i Trondheim. På laurdag prøvde eg ut tri av dei.

Det er nokre månader sidan det eminente Bybroen Antikvariat vart sambuar med puben Rabarbra på Bakklandet. No har dei eit ljost, rustikt bakrom der ein kan innbilla seg at ein står oppå Nidelva medan ein leiter etter skattar i bokhyllene. Bokglade menneske kan nytta timar på å gå rundt og glana, bla, leita etter bøker. Ei perfekt antikvariatoppleving kan vera magisk. Sume gonger finn du boka du hadde gjeve opp å leita etter, sume gonger finn du bøker du ikkje visste du hadde lyst på. Sume gonger kan du sitja lenge og bla, tenkja, bli oppslukt, før du avgjer at du ikkje har lyst på boka. Det er litt som å vera ute og sjekka på byen, berre at det er sosialt akseptabelt å ta med seg mange bøker heim, og forholdet med dei varer akkurat så lenge du vil – ein time, eller heile livet. Dette er den gleda som er mesta gratis: På laurdag svei eg av over 200,- på lyrikkbøker. Men det var verd det, for eg skal vera i lag med dei heile livet. Denne helga (torsdag til og med sundag) set dessutan eit lite ensemble opp Frieriet av Tsjekhov kvar kveld klokka 18 på Rabarbra. Eg trur det er bra.

Kvar laurdag klokka 13.30 er det musikkandakt i Nidarosdomen, det vil seia eit Fadervår og ein orgelkonsert. Enn så lenge er det

Wagnerorgelet i Nidarosdomen

gratis inngang, men rykta seier dei vil byrja å ta inngangspengar. Sist laurdag spelte dei Bach på Wagnerorgelet frå 1738-39 i

domen. Dette er kanskje det beste høvet til å få ei fin stund i den flottaste kyrkja i Noreg, heilt gratis (enn så lenge).

Like ved Trondheims svar på Aker Brygge, det overprisa og sossute (åh, forakt, kvifor er du så vanskeleg å løyna?) kjøpesenteret SolsidEN på Nedre Elvehavn, har Trondheim Kunstmuseum fått eit nytt galleri: Graamølna. Dette er eit kunstmuseum ein bør gå innom fleire gonger. For det fyrste hyser Graamølna kunstgåva frå Håkon Bleken og Inger Sitter til Trondheim kommune. Utstillinga blir fornya jamnleg og kan vera kuratert kring eit tema, ein epoke i kvart av kunstnarskapa, eller særskilte verk. I tillegg stiller dei ut arbeida til masterkullet ved Kunstakademiet. Av arbeida frå kunststudentane likte eg personleg svært godt ein videoinstallasjon med ei dame som drakk jordbærmjølk, elta ein smørdeig, og søla over heile seg. Eg skal ikkje overfortolka verket, på von det kan vera nokon som vil av stad og sjå sjølve, men de må vera raske, vener! Utstillinga står til og med sundag sjette juni. Etter det kjem det heilt sikkert noko anna nytt og spennande. Og dette er den mest gratise av alle gledene: Det er gratis inngang, ein kan nyta kunsten utan å betala ei krone, og museet har ope tysdag til sundag frå elleve til fire. (Dersom du bruka pengar, har dei ein nett kafé du kan slå deg

Graamølna

ned på. Dessutan kan du kjøpa kunst der òg, om du har mykje pengar.)

November

Ein ikkje så altfor tidleg morgon ligg rimfrosten framleis smurt utover skråningane og hustaka. Eg kunne skrive om sola som fell på Byåsen langt borte ved skyene. Eg kunne skrive om fabrikkpipa som står i relieff ved fjella endå lenger borte, og skinet som gjev røyken frå henne eit rosa skin, lik murveggene på blokkhusa nede i skråninga, eller augo til kjærasten når han må stå opp tidleg og hutrar seg inn i kleda. Eller eg kunne skildra dei lagdelte skyene som dekkjer himmelen jamt, regelbunde, som kremen på bursdagskaka.

Men det eg vel å skrive er:

Ah, endå ein herleg dag som ventar meg!

Som

oftast må ein berre omfamne røynda slik ho ovrar seg. Rennande appelsinar og gulsmak av fingrane. Høyre på “Ei krasafaren steinbu” medan ein syklar frå skulen i regnet. Tri juice-glas på skrivebordet. To billettar. Eitt rom. Langt tog.

Har du nokon gong tenkt over at jorda er rund og blå som ein banan?

Njusflæsj

Dette har skjedd i dag:

- Eg møtte Ellinor på Dragvoll. Ho kjøpte cappucino åt meg. Det var godt.

- Seinare skreiv eg på heimeeksamen. Stor var lukka då eg oppdaga at eg hadde sett for liten skriftstorleik, og difor eigentleg hadde skrivi mykje lengre enn eg trudde.

- Heime åt eg ei svært vellukka linsegryte (lentilles verts) med tomatar og rjome. Über-nam attpå ein dag med raude dataaugo.

- Eg har jogga, dusja og barbert meg. Medan eg var ute, sto det tri karvebrød i omnen og baka seg. No et eg lunkne brødskiver med store klattar margarin og trøndersk fløytemysost. Eller: “Gudbrandsdalsost slik han vart i Trøndelag,” ifylgje Tine.

Livet er om lag so bra som det er råd, trur eg.

Samantreff

Toget heim: Ei dame kjem på føre vi køyrer ut av Trondheim. Mannen kjem tuslande etter med kufferten deira. Dei skal sitja i seta over midtgangen for meg, men der sit det allereie ei ungjente.

Dama: Vi har desse plassane.

Jenta: Å, er det plassbillettar!? Eg har nesten aldri køyrt tog fø…

Dama: NEI, men DÅ må du sjå på billetten din, for VI har desse plassane.

Jenta: (raudnar) Ja, OK … Eg skal … (reiser seg, tek bagasjen sin og hastar bort gjennom toget)

Seinare: Eg les i bokmagasinet åt Klassekampen om Anna Gavalda. Bestseljarfenomenet, dei franske samfunnsideala, Saman er ein mindre aleine, Eg elska ho og Lykka er ein sjeldan fugl. På skrå til høgre for meg, set det seg til ei dame med laptop og nokre låtterleg overdimensjonerte øyreklokker. Ho skal til å sjå film; på skjermen hennar les eg tittelen Ensemble, c’est tout.

Nokre har styring på ektemaken sin, nokre har det ikkje. Nokre kan kontrollere driftene sine, nokre skuffar. Nokre veit ikkje ein gong korleis dei finn plassen sin på toget.

Heilt til vi kjem til Støren, blir eg plåga av frykta for at eg har sett meg på gale tog og kjem til å hamne i Østerdalen.

Kino

Vel, i kveld var eg på kino. Åleine. Eg er ikkje av dei som brukar å gå åleine på kino; som oftast har eg gått i lag med ein kjærast, ei veninne som går utan å diskutere eit ord om opplevinga etterpå, eller, som no sist, med dei andre som tek ALIT2202 på NTNU i vår (vi såg The Duchess). Sist eg var åleine på kino var for fire år sidan. Eg hadde ikkje greidd å finne vegen til eit SmiN-møte, og etter å ha gått fleire runder på Elgeseter denne haustkvelden, droppa eg inn på Prinsen kino, og følte for å skjemme meg bort med ein smal film, med di eg hadde sett av kvelden likevel. Filmen eg valde vart Den Gråtende Engen av Theo Angelopoulos (ikkje spør meg kva filmen handla om, eg hugsar lite og forsto ikkje alt, men eg har lagt inn ein link til imdb. No fann eg jo au ut at det er ein trilogi, so dette blogginnlegget vart ei spore til å finne dei neste to filmane, dersom dei er laga enno.). Den gongen sat eg i ein knøttliten sal med for det meste seriøst og strikt utsjåande kvinner i 50-åra, som stundom lente seg over åt einannan og sa ting som “Jeg synes nesten det blir litt vel kunstnerisk”. I kveld sat eg i sal to, med folk rundt meg på dei fleste kantar, og såg The Reader. Meir om Kate Winslet-fetisjen min seinare; det eg vil fram til no er kor fantastisk godt det var å gå åleine på kino! Eg kunne gå når eg ville, til den førestellinga eg ville, og sitja og tenkje og fundere heilt for meg sjølv medan filmen heldt på. “Kvifor gjer eg ikkje dette oftare,” tenkte eg, og lova meg sjølv at sosiale tabu mot å gjera ting einsleg aldri skulle stoppe meg frå å gjera som eg ville meir. Å gå på kino i lag med nokon er koseleg, men frå no skal eg bli flinkare til å utnytte høve der andre er opptekne. Herleg var det.

Og filmen? Det problematiske fyrst: å filmatisere ein roman byd ofte på utfordringa med at ein fær mykje stoff å formidle, sjølv om ein kuttar mange til dels viktuge scener frå boka. Det er delvis eit problem her, filmen slær meg i ettertid som litt abrupt (brått? stakkato?) strukturert. Nokre litt utbrukte grep finst òg; kryssklipping millom scener frå barndomen og vaksenlivet åt hovudpersonen, ei plutseleg hending som fører til forsoning, faren som endeleg tør å opne seg for dotter si. Dette er ikkje underleggjerande grep i ei episk framstilling lenger, og har ikkje heilt den effekten som såg ut til å vera føremålet. So det positive: Kate Winslet. Skodespelarane generelt. Tidsbileta, kulissane. Musikken! The Reader fekk kritikk for at han framstiller Auschwitz-vaktarar som menneske, og freistar å forstå kva som dreiv dei. Etter mitt syn, fell denne kritikken på steingrunn, fordi filmen sjølv tematiserer dette dilemmaet; kritikarane har so å seia sitt eige talerøyr i ein av medstudentane åt hovudpersonen Michael Berg. Eit av poenga med filmen er jo nettopp å vise konflikten som var sentral i studentopprøret på 60-talet: unge tyskarar hadde store problem med å akseptere at foreldregenerasjonen deira hadde teki del i nazismen – ein talar jo, skræmande nok, om noko som var ei ganske brei rørsle i si tid. Det Schlink gjer i romanen sin, og som filmen tek opp att, er å innføre ei ny vinkling i konflikten: i tillegg til spursmålet stilt av ungdomane “Korleis kunne de?”, kjem Hanna Schmitz sitt fortvilte svar: “Kva ville de gjort?”. Dette er ikkje å bagatellisere holocaust. Det er å sjå det frå ei anna side, frå synsvinkelen åt ei på den galne sida. Eg kan berre avslutte med å seia som ein seier: filmen var bra, men boka var betre.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.