Innlegg merka 'Vi filosoferer'

Å

leva i pakt med naturen har vore eit ideal for menneskja i lange tider; synbert heilt frå den dag mennesket slutta å leva i pakt med naturen. Vi lengtar attende. I filosofiske skular, teoretiske retningar og livsfilosofiske svermeri har denne lengten vore formulert heilt sidan mennesket fann på å materialisere orda sine i regulære flekkar på papir og pergament. I antikken, og kan hende lenger attover i tid. I eit av dei mest lesne verka innanfor stoisk filosofi, Til Meg Selv (In semet ipsum/Τὰ εἰς ἑαυτόν/Meditations) av den romerske keisaren Marcus Aurelius (121-180), heiter det til dømes “Når vårt innerste jeg er i pakt med naturen, er det slik innstilt til det som hender at det alltid lett tilpasser seg til det som er mulig og gitt” (s.77)*. Det å vera i pakt med naturen blir hjå Marcus Aurelius framstilt som noko som gjev indre harmoni, eit kjernepunkt i den stoiske filosofien slik eg forstår han. Sjølvtryggleik, sinnsro og tilpassing er målet, eit resultat av å kunna leva “i pakt med naturen”. Vidare skriv keisaren ” Folk leter efter steder de kan trekke seg tilbake til, på landet, ved sjøen, til fjells. [...] Dette er i det hele meget ufilosofisk. Et menneske kan aldri finne et sted mere fredet og uforstyrret enn det han har når han trekker seg inn i seg selv. Især gjelder det den mann som finner fullkomment velvære når han dukker ned i seg selv. Med velvære mener jeg harmonisk tilpasning” (loc.cit.). Med eit lett dekonstruerande perspektiv kan vi leggje vekt på det Marcus Aurelius vel å leggje vekt på, og kommentere det som blir sett i skuggen: naturen, og det å leva i pakt med honom, er meir eit middel enn eit mål. Naturen er ei hjelperåd for å tilpasse seg seg sjølv, den personen forfattaren tiltalar hjå Aurelius. Naturen er ein del av filosofien, men berre på eit spesielt vis: keisaren er klår på kva som er ufilosofisk.

Skriftene etter Marcus Aurelius har vore lesne, kommenterte, elska og problematiserte i hundreår. Wikipedia vitrar stolt om at folk som John Stuart Mill og Goethe hadde Til Meg Selv som favorittbok. Ho blir òg referert til i The Plague of Doves av Louise Erdrich **. Erdrich er ein kanadisk/tysk/indiansk forfattar som skriv originale slektskrøniker om nord-amerikanske indianarar og “half-bloods” som freistar å byggje seg eit liv. Vi kunne vore sleske og sagt at det dreier seg om eit folkeslag (indianarar) som opprinneleg har levd i pakt med naturen, men som slit i den korrumperte og haltande verda dei er kasta inn i – men det blir for enkelt. Menneskja hjå Erdrich problematiserer nettopp dette enkle synet på opposisjonen natur-kultur, av di dei ikkje på noko enkelt vis kan setjast inn i den eine eller andre båsen – romantisert urfolk eller akklimatisert urbaniora. Dei er moderne menneskje som leiter etter svar, som vil skapa meining i tilværet. Mellom andre møter vi ungjenta Evelina som drøymer om å reise til Frankrike, som fer til næraste by for å gå på college, som tek seg jobb på eit psykiatrisk sjukehus, men som endar opp med å bli lagt inn sjølv, ulukkeleg forelska i den tidlegare pasienten Nonette. Når foreldra hennar køyrer ho til studenthybelen, har ho med seg alt ho treng, medrekna “the Meditations by Marcus Aurelius” som slektningen, dommar Coutts har gjeve henne (s. 221). Det stoiske verket fungerer såleis som ei overføring av kunnskap frå ein av dei andre med høgare utdanning i familien til ei av dei unge, håpefulle. I lag med den mellomposisjonen desse “halvblods” indianarane har i spennet mellom natur og kultur, eksemplifiserer Til Meg Selv òg det problematiske med ei teoretisk tilnærming til å skulle leva “i pakt med naturen”. Lat meg utdjupe dette ved å analysere ei filmoppleving.

Into the Wild heiter ein svært spennande film som kom ut i 2007, med Emile Hirsch i hovudrolla som Chris McCandless, ein unggut som på fyrsten av 90-talet braut opp frå den småborgarlege familien sin for å dra inn i villmarka – Alaska i denne samanhengen ***. Spoilerar fylgjer, så dei som ikkje har sett filmen er med dette åtvara.

Chris McCandless er ung, kjekk og intelligent. Foreldra er høgt utdanna, suksessrike med felles føretak og ikkje akkurat perlevener. Det er sjølvsagt meininga at Chris skal studere juss og bli like suksessrik, men i staden bryt han opp og legg ut på ei anarkistisk danningsreise som fyrst og fremst er dannande for dei som møter den lynkveike, målmedvitne unge guten. Hippiar, danske turistar, bitre gamle menn – alle lærer dei noko nytt av Chris, som heilt sikkert har lese Marcus Aurelius, men som iallfall refererer eksplisitt til Walden av Thoreau, ein annan bibel for dei som vil nærme seg naturen for å bli kjent med seg sjølve. Vel, Chris kjem seg til Alaska, og slår seg til midt i villmarka med ein forlaten turistbuss som base. Her lærer han seg å leva i pakt med naturen, han blir gradvis særare og særare, til han mot slutten et ei giftig plante og døyr i utmagra einsemd. Men før det går så langt, når han ein slags epifani: at livet og gledene i dei skal levast i lag med andre. Filmen, som er basert på livet til den verkelege Chris McCandless, byggjer ned sitt eige prosjekt ved å vise at fyrst når ein tek idealet om å “leve i pakt med naturen” til det verkelege ytterpunktet, har ein nått den ynskte innsikta. Men då er det for seint.

Er dette eit uløyseleg paradoks? Kanskje er det det så lenge tilnærminga til naturen er basert på å ta fråstand frå honom. Bøker – Walden, Til Meg Selv - oppsummerer sjølve paradokset som er grunnlagt i det det “naturlege livet” skal utvikle; sjølve den menneskelege tanken. Skrifta er, som eg ymta om i innleiinga, symbolet på evna vår til å gjeva uttrykk for abstrakte tankar; gjennom skrifter, tekster og bøker gjer vi svevande filosofiske teoriar konkrete som blekkflekkar på papir og pergament. Skriftkultur blir ofte sett i motsetnad til munnlege kulturtradisjonar hjå såkalla “primitive” folkeslag, men det er vel så relevant å merkje seg at det berre er mennesket som har denne evna – eller rettare: denne trongen – til å fyrst abstrahere ting i den konkrete verda i konsept, idéar og tankar for så å konkretisere dei att i skrift. Dette gjer òg at tekstkultur blir sett på som ein hjørnestein i “sivilisasjonen”. Skriftfestinga markerer såleis ei dobbel fjerning frå pakta med naturen, samstundes som menneskja altså febrilsk nyttar ulike tekster for å nærme seg han. Dette får eit sterkt ironisk utslag i Into the Wild: Chris McCandless døyr fordi han les feil i ei bok om etande og giftige plantar i amerikansk flora. Fyrst når teksta – eller tekstforståinga – har svikta, kan Chris verkeleg bli ein del av naturen ved at han let naturen ta livet hans. Og fyrst då når han ei djup forståing av kva sivilisasjon er. Så kven har vi mest å lære av? Marcus Aurelius, Evelina – eller Chris?

*Marcus Aurelius: Til Meg Selv. Oslo: Dreyers Kulturbibliotek, 1957
** Erdrich, Louise: The Plague of Doves. London: Harper Perennial, 2008
*** Into the Wild, regissert av Sean Penn, Paramount Vantage 2007

Lei

meg blir eg sjeldan. Det er mykje vondt i verda, men det nyttar ikkje å ruge på det, tenkje på det. Alt som er vondt og feil er ting som kan forbetrast, som eg er sett på jorda for å gjera betre. Der finst ungar som ikkje får vera ungar fordi foreldra har meir enn nok bry med å passe på seg sjølve. Eg kan hjelpe dei. Eg kan ta på meg å tala for dei. Der finst menneskje med feil religion, hudfarge eller kjønn som ikkje automatisk får den same respekten som eg – ein kristen, kvit mann – får. Det treng ikkje eg å finne meg i, heller. Eg kan protestere, eg kan hjelpe. Kvar dag blir eg sett på prøve, kvar dag takkar eg for prøvene eg blir sett på slik at eg, som aldri har hatt det skikkeleg vondt nokon gong, får lære meg å setja pris på det og å ta på meg ein liten del av ei bør som andre har fått for mykje av.

Dette er kristendom for meg. Å innsjå at Gud finst i kvart levande vesen, og at Han kallar på meg i heile den verkande verda. For den som har ein jobb å gjera, nyttar det ikkje å vera lei seg. Det gjeld å ta opp dei reiskapane du har fått, og arbeide jamnt, trufast og viss på at alt blir betre for kvar gong du kjenner Gud smile i hjartet.

Men nokre gonger blir eg lei meg likevel. I Noreg i dag lever det vaksne, ressurssterke, høgt utdanna menn som kallar seg kristne og som er utstyrte med alt dei treng for å skuve verda åt rette kanten – mot respekt, kjærleik, kjærleik, tryggleik og kjærleik. Desse mennene har berre så mykje dei skal ordne med fyrst. Dei skal boikotte homoliberale biskopar, dei skal protestere mot at menn nussar på barne-TV, dei skal forsvara ei ovsterk militærmakt mot slemme arabarar – mellom mykje anna.

Desse blir eg assosiert med. Det er desse folk tenkjer på når dei høyrer ordet “kristen”. Dette er kjernesaker for mange av dei som er, blir, har vorte kristne. Difor greier eg ikkje å glede meg når eg høyrer om menneskje som skal høyre til same religion som eg. Dei gjer meg redd for å trø feil. Difor er det vanskeleg å skulle vera open om kva ein står for. Fordi “kristen” er eit ladd omgrep. Det har konnotasjonar langt forbi tru, håp og kjærleik. Det er eit omgrep som blir knytt til så mykje anna, så mykje som eg aldri vil kunne stå for, og som eg grøssar av å bli assosiert med. Difor kan eg ikkje kalla meg “kristen” i kvardagen. Det er eit ord som gjer folk redde og skeptiske, som skaper fråstand. Grunnlaget for måten eg lever på er noko eg ikkje kan vedkjenne meg utan å koma med ei mengd presiseringar og orsakingar.

Dette hender det eg blir lei meg av når eg tenkjer på det. Men det er berre endå ei prøve, endå eit arbeid som ligg i hendene mine. Og eg veit at dei som kjenner meg veit kvar dei har meg. Det er berre overfor andre at ordet “kristen” tvinger fram orsakingar, presiseringar, utgreiingar om kva ordet kan innebera. Overfor andre, og sume gonger overfor meg sjølv.

Skilnader

Vi hiv oss inn i sumarens store buzz-debatt: ordskiftet mellom dei skumle, kulturradikale samfunnsforskarane og dei konservative tenkarane som vil gjeva evolusjonsbiologien større vekt i likestillings- og politiske spørsmål. Som dei fleste sikkert har fått med seg, starta det heile då ei spørjeundersøking for litt sidan avslørte at mannlege NTNU-studentar har meir lyst på sex (dvs. er generelt meir kåte) enn dei kvinnelege studiekameratane sine. Nokre biologar og biologiglade samfunnsforskarar meinte at dette underbyggjer påstanden om at der finst essensielle skilnader mellom kjønna, som mellom anna handlar om at menn og kvinner har ulik appetitt på sex. Meir radikale synsarar som Wenche Mühleisen og Willy Pedersen skal dimed vera diskrediterte i og med at dei påstår miljø har like mykje å seia som arv.

Lat meg klårgjera kvar eg står. Det er klårt det er skilnader på kjønna, og det er klårt at biologien “har noko å seia”.  Berre det faktum at vi talar om to ulike kjønn i utgangspunktet føreset ei sams oppfatning om at vi kan dele menneskeslekta i to kategoriar, fyrst og fremst med utgangspunkt i forplantningsorgana. Dette er eit skilje som er uttrykt gjennom språket: menneska har konstruert idéen og omgrepet “kjønn” for å kunne seia noko vettugt om verda (prøv å forklåre kvar ungar kjem frå utan å nytte kjønn som omgrep), på same måte som vi har konstruert talet “2″ for å kunne seia noko om fenomen det finst to av (til dømes kjønn).  Sjølve premisset for ordskiftet – og for den del, for all anna kjønnskamp – er dimed lagt. Der finst to ulike kjønn som kan skiljast frå kvarandre ved visse fysiske, biologiske kriterium. Spørsmålet er då: kan ein nytte denne inndelinga til å finne andre, hovudsakleg mentale, skilnader mellom kjønna for å utforme til dømes likestillingspolitikk?

Eg meiner nei. Å utelukke at det finst ein del generelle skilnader mellom kjønna, ville vera dumt, all den tid det er vanskeleg å utføre store nok undersøkingar til å prove det eine eller andre standpunktet. Vi talar om å finne ålmenne psykiske og intellektuelle skilnader mellom to grupper på om lag tri milliardar menneskje kvar. Det kan godt hende at kvinner generelt er flinkare til å løyse fleire oppgåver samstundes enn menn er, medan menn på si side lettare briljerer på eitt område. Ein kan strengt tala ikkje utelukke at kvinner er betre golvvaskarar, medan menn gjer det best som styreleiarar – eller, som utgangspunktet var, at menn generelt har større sexlyst enn kvinner.  (I parentes: eg tvilar på denne undersøkinga. Dagbladet har no kvinneleg redaktør, men sannsynlegvis ikkje færre overskrifter og toppsaker med ordet “sex” enn tidlegare.)

Spørsmålet er: sett at det er slik, som ein del evolusjonsbiologar påstår. Kva så? Jau, samfunnet lyt ta omsyn til desse skilnadene når ein utformar lover. Det er ikkje verdt å kvotere inn kvinner i styreleiarstillingar – reint biologisk eignar dei seg betre til omsorgsyrke. Dimed treng ein heller ikkje oppmode gutar spesielt til å velja helse- og sosialfag på vidaregåande – dei er jo slik laga at dei briljerer på kvart sitt område likevel. Her er det, etter mi audmjuke oppfatning, at dei kulturkonservative tek frykteleg feil.

Denne typen argumentasjon føreset nemleg at ein går frå “er” til “bør”: Kvinner og menn “er” på ein spesiell måte ut i frå kjønna føresetnader, difor “bør” samfunnet utformast etter di. No er det slik at dette resonnementet ikkje er logisk konsistent. Ein glup kar ved namn David Hume peikte nemleg for ein del år sidan på at ein empirisk observasjon – “er” – ikkje gjer at ein kan laga ein ålmenn regel “bør” – utan å ha eit premiss mellom. Det problemet ein omgår ved den typen argumentasjon vi har skissert ovanfor, er nettopp kva premisset for utforminga av samfunnet skal vera. Ynskjer ein å underbyggje dei kjønnskilnadene ein kanskje kan observere, eller vil ein heller gjeva menn og kvinner mest mogleg like rettar? Eller vil ein noko heilt anna?

Eit anna problem ved den konservative argumentasjonen er at ein ved å føresetja ei todeling av innbyggjarane i eit samfunn unngår å ta med dei som skil seg frå dei generelle eigenskapane ein føreset. Det finst ikkje rom for dei jentene som vil bli toppleiarar, eller gutane som vil bli sjukepleiarar. Problemet med den kulturkonservative tradisjonen er nettopp at ein tillegg menneskje psykiske eigenskapar ut frå fysiske. Dette er knappast logisk – det rasjonelle ville vore å dele inn samfunnet i til dømes folk som vil bli toppleiarar, og folk som ikkje vil bli det. Berre synd det er mykje lettare å ta utgangspunkt i dei fysiske kategoriane, som er enkle å fastslå ved utvendig observasjon …

Samstundes er det farlege med denne typen tenking at det i prinsippet kan nyttast på andre kategoriseringar òg. Lat oss for argumentets skuld seia at ein generelt kan seia at afrikanarar har lågare intelligens enn kvite europearar (sjølv ville eg bli mindre overraska dersom det motsette var tilfellet, men eg vil nytte ei meir velkjent misoppfatning).  Dette var delvis utgangspunktet for til dømes segregeringa i USA, og kunne sjølvsagt ikkje gjeva rom for afroamerikanarar som var eksepsjonelt intelligente, eller som briljerte på andre område. Skadeverknadene av dette menneskesynet slit USA med enno – slik kvinner i vårt “likestilte” hjørne av verda framleis merker at dei må jobbe hardare og meir overtydande enn menn for å få like mykje påskjøning – anten ho er monetær eller knytt til ære. Eit essensialistisk syn på kjønn – kvinner og menn “er” slik og slik – fastset, så langt eg kan skjøne, ei slik samfunnsordning.

Her kjem eg fram til poenget med dette smule innlegget i kjønnsdebatten. Å ta utgangspunkt i kjønnsskilnader for å utforme ein best mogleg politikk og dimed eit best mogleg samfunn er ikkje meir rasjonelt enn å ta utgangspunkt i til dømes “raseskilnader”. Ein slik argumentasjon føreset nemleg eit kjønnskilje som i seg sjølv ikkje er naturgjeve, men konstruert av menneskje. Det rasjonelle er å ta utgangspunkt i kva samfunnet treng, og finne folk som kan fylle nettopp dei behova. Å fastleggje politikk ut frå ein abstrakt, teoretisk modell som evolusjonsspykologi eller -biologi er ikkje positivistisk eller empirisk. Det er å byrje i feil ende.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.