Innlegg merka 'Vits'

Kyr

Det er lenge sidan eg har delt vitsar med blogglesarane. Denne seine onsdagskvelden serverer eg difor favorittvitsen min:

Det sto to kyr på eit jorde. Plutseleg bikka den eine kua. Då sa den andre: “Det var synd.”

Kråker

Ei kråke sat i eit tre og strikka. Rett som det var kom ei anna kråke fljugande og sette seg ved sidan av henne:

“Du sit og strikkar!”

OK

So Kristin fekk meg til å tenkje på vitsar med kommentaren sin under Kino-posten. Eg la inn ein av favorittvitsane mine som svar. Her kjem ein til. Eigentleg er det ei gåte:

Spm: Kva er likskapen på ei kråke?

Svar: Båe føtene er like. Spesielt den vinstre.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.